Fredagskveld vart Ann Irene, Marit og eg, einige om å ta ut på tur til hytta ved Svartavatnet på laurdag. Vi hadde hatt strålande haustver heile veka, så vi såg for oss ein nydeleg dag i fjellet…
Eg vart litt meir skeptisk til veret då eg kikka utav vindauga laurdags morgon – skodda låg langt ned etter fjellsidene og det var yr i lufta.
Men dette stoppa ikkje oss, og Ann Irene slo gang på gang fast at det var meldt sol klokka 1600. Vi starta turen kl. 1100…..

Eg syntes det gjekk greit oppover mot Bremstølen. Det var perfekt turtemperatur og ikkje meir yr i lufta enn at vi kunne gå uten jakker og kun i ulltrøyene.

Vi var no komen inn i skoddeheimen og lurte nok litt på heile greia – var det nokon vits i å gå heile vegen til Svartavatnet? Vi gav oss i allefall ikkje her, og ikkje så lenge etterpå stod vi….

No var skodda ganske tjukk rundt oss, men likevel ikkje forurolegande tjukk enda. Medan vi stod her og tenkte og funderte på vegen vidare, vart vi forbigått av eit anna turfylgje på 6-7 personar. Då dei berre peisa forbi, vart det ikkje så vanskeleg for oss å bestemma oss for å dilta etter heller. Og så fekk vi eit lite håp om at når vi kom opp til hytta, så hadde dei fått fyrt i omnen og var klar for å gå på heim att 😉
Ei dame til spratt forbi oss på toppen av bakken etter Sundstølen, men så vart vi aleina igjen.


Det er ikkje spesielt krevjande å gå her, men det er eit lite stykke frå toppen av Sundstølen og inn til hytta. Men vi klarte oss fint – det var igrunnen unormalt lite møsing og klaging på turen i går. Det var faktisk kun Ann Irene som kunne informera om at ho klaga litt inni seg dei siste par hundre metrane «kva i svarte gjer eg her? Kvifor gjer eg dette?». Dog med god grunn – då vi nærma oss hytta fekk vi iskald motvind m/yr. Og då meiner eg ISKALD!!


Så er det jo denne hersens Covid-19 situasjonen vi må ta hensyn til. Vi vurdert ikkje eingang å ta plass inne i hytta – vi visste jo at dei som hadde passert oss allerie sat der inne. Nei, då gjekk vi heller rett i ….

Altså, i nøden… Men det gjekk heilt fint å kroa seg til i vedskjulet. Vi var ein augenblink litt rett for at Ann Irene skulle riva ned heile skjulet, for det var eit sabla musk med å finna seg til rette opp på vedsekkane, men ho roa seg etterkvart 🙂

Vi fekk på oss litt tørre og varme klede, og fann fram nista. Men sjølv om 2,5 personar av oss sat i le for vinden var det ikkje akkurat så varmt å sitja her. Det var ikkje lenge før dei som sat inne i hytta la i veg på heim. Likevel vurderte vi ikkje å gå inn, vi skulle snart på heimatt vi og. Dessutan hadde dei jo ikkje brydd seg med å fyra i omnen…



Det var så KLADT her oppe med hytta. Sjølv om eg beint fram har gløymt å skriva at skodda forsvann så snart vi hadde satt oss i vedskjulet, og sola kikka innom av og til. Det hjalp ikkje bitten – det var framleis ISKALDT her. Eg prøvde å ta nokre utsiktsbileter, men klarte ikkje å halda kamera lenge nok i ro til å få tatt klare bileter….


Men no var vi kun opptatt av ein ting – koma oss så rask som mogleg langt nok ned til vi kom oss vekk i frå den kalde vinden…




I det vi passerte Sundstølen var det slutt på både vind og kulde. No gjekk vi over til å klaga på kor varme vi var 🙂 For dette var som å koma til ei ny verd, og sola kikka fram titt og ofte.





Då vi forlot Bremstølen hadde vi heilt gløymt at vi berre for ei lita stund sida var redd vi skulle frysa ihel oppi fjellheimen 🙂 I skogen ned i frå Bremstølen var det ikkje eit vindpust og sola stod rett på. Då vi endeleg nådde ned til parkeringsplassen trur eg ingen av oss lenger fraus 😉
Vi fekk ikkje det fine haustveret vi hadde hatt tidlegare i veka på denne turen, men vi fekk i allefall MYKJE VER 🙂 Alt i alt trur eg alle var godt nøgd med laurdagens utflukt når vi summerte opp 🙂