Det har vore stille på bobla nokre månader no. PC’n avgjekk med døden i oktober, og eg har rett og slett ikkje engasjert meg i å skaffa meg ny. No har eg tilgang på PC, men noko må eg jo bruka som orsak på fråveret 😉 Men i dag prøver eg meg faktisk for fyrste gang med eit innlegg skrive på mobilen 😀
No har vi site inne i drittveret i halvannan veke, så i dag ville vi ut – uansett ver. Og det var mykje ver i formiddag, men…

Stien til Flåtene var heilt grei å gå i dag. Litt is, sjølvsagt, men ikkje så ille. Då vi nærma oss Flåtene, vassa vi i eindel nysnø. Men snø er jo berre fint 😀






Vi kosa oss i gapahuken med pannekakene, noko varmt i koppen og oppdaterte oss på kva vi hadde gjort så langt i det nye året. Det var igrunnen fort gjort – for i desse koronatider er det jo ikkje så mykje som skjer. Og det var greit at det ikkje tok så lang tid å oppdatera seg, for ein skal ikkje sitja lenge i ro før det byrjar å bli kaldt.
Så, då vi var velforsynte og oppdaterte, pakka vi saman og gjekk heimovet att.

Neida, det var ikkje heilt sånn. Det hadde seg slik at eg hadde ansvaret for stormkjøken og mat i dag, og Ann Irene skulle ta med gass. Marit hadde vi ikkje noko oppgåve til, så ho fekk rett å slett beskjed om å overraska oss. Sidan vi fekk både Kvikklunsj og rosiner i gapahuken, trudde vi jo det var overraskelsen, men….

Alle tre var einige om at dette hadde vore ein fin og kjekk tur – vi håpar på mange fleire framover.
Sånn, hvis dette går greit no, så var det jo leikande lett å laga bobleinnlegg på mobilen 😀 Mykje kjappare enn på PC’n, faktisk 😀👍