På tur med pulk!

Eg må vedgå at det er blitt mykje OL-titting dei siste 14-dagane, men vi har klart å koma oss ut litt likevel. I går kveld hadde Svein Vidar funnet ein ny plass vi skulle sjekka ut. Han hadde vore på rekognosering i dagslys, så eg og Jorunn fekk berre stola på at dette var ein bra plass 🙂

Og ikkje berre skulle vi på ein ny plass….

…vi skulle og ha med pulk for fyrste gang 🙂

Fyrste gang for Jorunn og meg, får eg leggja til. Svein Vidar hadde prøvd den ein gang tidlegare, men til og med dei små turane vi er på er god trening for evt. ekspedisjonar han har tenkt å leggja ut på i framtida.

Eg anar jo ikkje kva det heiter der vi var, men vi parkerte i allefall bilane eit stykke før brua ved Midthølen, kava oss over brøytekanten….

….og la i veg inn i mørket…

Når vi nærma oss elva og vatnet, måtte vi ned ein pitteliten, men særs bratt bakke…

Nokon brukte tid på å tråkka seg sidelengs ned, andre tok ein saltomortale ( av ital. salto, «hopp», og mortale, «dødelig» – er et hopp med minst 270 graders rotasjon enten framover, bakover eller sidelengs. I løpet av utførelsen vil alltid føttene peke oppover.) og var nede på nullkommaniks 😉

Når alle hadde kome seg ned anten på den eine, andre og tredje måten (han med pulken hadde f.eks mista skia på veg ned), la vi i veg langs kanten av vatnet/elva i retning Matre.

Det var kjempefint å gå her og pulken laga fint skispor til baktroppen.

Når eg gjekk slik å dilta etter så tenkte eg litt på om det var så lurt å bli med på dette her. Eg visste jo ikkje kva Svein Vidar hadde laga til i enden av ekspedisjonen. Kanskje var dei lei av meg no? Kanskje han hadde vore inne og hakka eit hol i isen som dei hadde tenkt å senka meg ned i? Det er jo ingen som hadde kome på leita etter meg her!

Men, nei, det gjekk bra denne gangen og 🙂 Etter ei stund kom vi inn ein plass der det vart ganske smalt mellom fjellsidene og det låg ei ur midt i elva. Her slo vi leir.

Jorunn tok ansvar for å mekka eit bål….

 

….Svein Vidar tok ansvar for å smelta vant til kakao…

….og eg, eh,ja, eg fekk ansvaret for å skaffa grillpinnar 🙂 Det var ikkje berre berre det, alstå – eg måtte oppi fjellsida og fram med både sag og kniv 🙂

Voila – flott campplass 🙂 Kjekt med pulk, ser dåke, det er ikkje ofta vi har så mykje å sitja på når vi er på tur 😉

Koseleg 🙂

Vi grilla pølser og Jorunn hadde faktisk laga potetsalta FØR ho gjekk på jobb om morgonen, som ho serverte attåt 🙂

Svein Vidar hadde nesten ikkje tid til å eta, for han sat å trippa etter å koma igang med neste del av ekspedisjonen. For det var ikkje berre fordi han syntes han hadde funnet en ny, fin, plass han ville inn att her – han hadde funnet seg ein liten skatt….

….og det var mykje utstyr som måtte på før han kunne gå laus på den.

Men når alt utstyret var på plass, forsvann han oppover den bratte fjellsida. «Klirr, kling, klang» Jorunn meinte på han hadde hengt så mykje utstyr på seg at han høyrtes ut som ein bjellesau 🙂

Denne ekspedisjonen skulle jo Jorunn og eg berre kikka på frå campplass, men alt må jo forevigast, så det tok ikkje lang tid før….

vi var på veg opp fjellsida vi og….

 

…og når vi kom opp dreiv Svein Vidar på å leika seg her 🙂 Det er klart at når du er isklatrar og finn dette her inne i ein mørk avkrok, så har du funnet gull 🙂 Men noko meir klatring enn dette vart det ikkje i går. Eg veit ikkje bakfram på eit klatretau og Jorunn hadde ikkje tatt med hanskar, så då går det ikkje an å driva med sikring.

Så då måtte han nøya seg med å testa kvaliteten på isen i går kveld – så får han/dei ta turen tilbake og ordna med sikringspunkt og sikring ein anna dag. Kanskje greit å ta det i dagslys og, tenkjer eg – sjølv om eg var imponert over lykta han hadde satt opp 🙂

Vel nede i campen igjen, hadde Jorunn tenkt å brilljera med noko godt…

….kaldt som det var, hadde ho fått for seg at ho skulle laga og servera softis!

Dette hadde ho gleda seg til å prøva i lengre tid, så no skulle berre vi andre lena oss tilbake og venta på å bli servert varm kakao med softis på toppen. Men snart vart gleda snudd til fortvilelse – kor var saltet som skulle blandast med snøen???? Det er jo ein ganske vesentleg ingrediens når ein skal laga is i snøen. Etter litt leiting måtte vi innsjå at saltet stod igjen på disken heima 😦 Vi vart litt skuffa ei lita stund, men….

….kakaoen smaka jo godt likevel, så snart var vi like blide att 🙂

Når kakaoen var drukket opp var vi nøgde med kvelden, pakka i pulk og sekker igjen, og tok skia fatt tilbake til bilane.

Det er alltid kjekt å finna nye plasser, så og denne. Eg er faktisk ikkje sikker på om det går an å koma seg hit til fots når ikkje det er snø og is, men kanskje med kajakken?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.