Netflexfri dag

To fine skiturar!

Det har vore mykje ver i det siste, så eg har for det meste halde meg inne og heima. Eit par fine skiturar har det likevel blitt denne veka…

Fyrst ein kveldstur til Myrdalsvatnet på mandag…

Det byrja snøa tett når vi kom til Midtseter, men det varte ikkje så lenge. Det gjorde ikkje så mykje, det er jo koseleg når det snør skikkelege store snøflak 🙂

Det var nesten opplett når vi nådde inn til vatnet. Eg hadde kjempegode ski med kortfeller, Jorunn og Svein Vidar hadde bomma litt med smurninga og syntes ikkje det var så «dritgøy» å gå denne vegen. På heimvegen, derimot, fekk dei fart både på ski og humør og vi var einige i at det tross alt hadde vore ein fin tur.

Eg var mest overraska over at eg hadde klart å køyra ned den eine bakken i frå Midsetra utan å leggja merke til det! Den hadde eg nemleg bestemt at eg måtte stå ned ved sida av sporet slik at eg kunne ploga. Men bakken kom jo aldri og brått så var eg langt forbi….Og eg hadde vore i sporet heile tida…

I går kveld tok vi turen til lysløypa i Fjellhaugen igjen. Vi hadde fyrst planlagt å ha kakao- og kveldsmatstopp bakerst i løypa, men fann ut at vi heller ville ta heile runden fyrst, og så ta pausa til slutt.

Skiprepping i varmebua før start 🙂

Strålande forhold og heilt nyoppkøyrt løype – som vi hadde nesten for oss sjølve 🙂

Eg hadde smurt skia mine sjølv denne gangen, og traff sånn nokonlunde med den. Litt bakglatte, men ikkje så mykje som sist gang. Jorunn hadde nok litt meir bakglatte ski denne gangen – det kom ikkje fullt så mange «dette var dritgøy» utbrudd i går kveld – men nokre kom det 😉

Eg har vore litt opptatt av at eg skal tørra å stå nedoverbakkane i skisporet, men i det siste har eg tenkt «kvifor det eigentleg?» Eg drar på åra og skal no vel aldri gå eit skiløp i heile mitt liv kor det er naudsynt å fylgja eit skispor heile tida. Så no har eg slått det i frå meg, no gledar eg meg heller over at eg tør stå ned bakkar i det heile tatt 🙂 Så får føre og dagsform styra om eg føl skisporet eller plogar ned på sida 🙂

Sjå kor flott det var i går kveld – her kjem eg i full fart, he-he 🙂 Litt forundra over at ikkje fleire hadde tatt turen.

 Men det var jo berre kjekt for oss at vi hadde heile løypa meir eller mindre for oss sjølve. Skøytetak har vi vel nesten aldri prøvd oss på før, men igår kunne vi jo prøva om vi fekk det til. Eg trur kanskje eg fann opp ein heilt ny padleteknikk, men det var no kjekt å prøva litt 😉

Eg syntes det gjekk mykje raskare å koma seg rundt løypa i går enn sist gang, Jorunn syntes det gjekk treigare. Det er ikkje sikkert det gjekk hverken raskare eller treigare, eigentleg, men berre eit bevis på at det er stor forskjell på kva følelse ein har når ein går på gode eller dårlege smurte ski.

Nede ved varmebua, peisa vi over parkringplassen og var klare for å finna oss ein plass kor vi kunne laga kakao og eta nista. Vi gjekk opp på ein liten topp, og Svein Vidar…

….byrja å designa sitjeplass til oss.

Men, så byrja det å snøa og blåsa vannrett. Ja, det vart nesten litt ufyseleg, og det frista ikkje så mykje å setja seg ned…

….når dette piska rett i andletet. Sjølv om det ikkje var noko å seia på utsikta.

Dermed vart det varmebua istadenfor…

….og Jorunn var nøgd med det 🙂

Det er heldigvis masse snø i fjellet no, så då satsar eg på at det skal bli mange fleire, fine skiturar frametter 🙂

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.