Skitur i solskinn :-)

I dag var det meldt strålande sol, så då måtte det sjølvsagt bli ny skitur 🙂 Ikkje i lysløypa i dag ( 😉 ) – planen var å gå runden rundt Reikatindane. 

Sidan eg klarte å slå på meg ei lita «idrettsskade» då eg deisa i bakken i lysløypa, ein liten strekk i frå høgre skulder opp mot nakken, køyrte eg til fjells sjølv i dag. Då kunne eg koma meg heim om turen vart for lang og vond og eg måtte snu. Men det var ingenting å bekymra seg for – strekken plaga meg ikkje i det heile tatt på turen.

Eg måtte beint stoppa på veg opp mot Fjellhaugen og foreviga denne utsikta 🙂

Då dei andre, (Jorunn, Svein Vidar og pappen Magne), dukka opp var eg allereie klar og hadde allereie byrja frysa på fingrane. Det var nemleg ein smule kaldt i fjellet i dag. Eg tjuvstarta difor litt og gjekk i førevegen i eit forsøk på å få varma opp fingrane igjen. Det fekk eg ikkje til før eg hadde kome meg opp den bratte bakken opp til Fagnabotn, men då var eg god og varm – ikkje berre på fingrane 😉

Dette skiltet har eg sett nokre gonger i 2018 allreie, men jammen hadde det kome godt med snø sidan sist – det måler vi på kor langt over/under snøen skiltet står 🙂

Jorunn dukka opp rett etter meg – utan vottar, og eg hadde nesten sagt bukse. Så ille var det ikkje, men det skulle etterkvart visa seg at ho var litt for lettkledd i dag.

Det var ikkje så vanskeleg å velgja…

….kva retning vi skulle gå mot i dag.

Vi gjekk mot sola 🙂

Her har vi kome oss opp bakkane etter hytta ved Fagnabotn. Som dåke ser var det fine løyper i dag 🙂

Har dåke sett så flott??? Her juksa vi og gjekk over Fagnabotnstjørna for å sleppa å kava oss opp og ned ein bratt bakke der løypa går. Det går fortare å gå rundt 😉

Tilbakeblikk mot Fagnabotnstjørna.

No var vi komen til Fagerdalen og her var det vindstille og fint. Men det kom nokre skigåarar andre vegen som kunne opplysa oss om at vi kom til å få iskald vind så snart vi kom opp til Grønlitjørn. Vi bestemte oss då for å kikka oss litt rundt etter ein plass vi kunne ta matpausa vår. Kanskje litt tidleg med matpause allereie her, men i dag ville vi ha pause i sola, og den kom nok og til å forsvinna lenger framme.

Vi gjekk opp til Grønlitjørn, og ganske så riktig, no kom det ein iskald vind ned fjellet. Jorunn, som allereie fraus på beina då ho hadde tatt på seg ei litt for tynn bukse i dag, hadde ikkje lyst til å gå så veldig mykje lenger i denne vinden.

Svein Vidar og Magne la i veg over Grønlitjørn – kanskje det vart lunare i fjellveggen på andre sida? Jorunn og eg var ikkje kome halvvegs over før vi såg at dei snudde….

Jorunn hadde fått besøk av bikkja i bakken 😉

Ein kort diskusjon om kva vi skulle gjera no, og vi valgte å køyra ned att i Fagerdalen og finna pauseplass der. Det er jo ingen plass å sitja i le vidare fram mot Reikatindane.

Svein Vidar og Magne fann ein fin plass til oss i fjellsida.

Her var det vindstille og fint – reine Påskestemninga 🙂

Her hadde vi utsikt mot alle som skulle prøva seg ned løypa – reint bortsett i frå at det ikkje kom nokon ned….

Nei, så mange andre skiløparar såg vi ikkje her i dag. Nokre var det sjølvsagt, men ikkje mange. Det kan jo ha med at vi var litt seint ute å gjera. Det var mange bilar på parkeringa, men kanskje dei fleste hadde gått til Nautavatnet og Ingahogg.

Det tok ikkje så langt tid før Svein Vidar hadde mekka seg eit kjøken….

…..og var i gang med å steikja baconet og pannekakene Jorunn og eg ikkje brydde oss med å laga då vi var på tur i lysløypa.

Mmmmmm….mangla berre blåærsyltetyet – det hadde Jorunn nemleg ikkje fått beskjed om å ta med 😉

Koking av kaffivatn etter middagen 🙂

Etter maten bestemte Jorunn og eg oss for å avslutta turen og køyra ned att til parkeringsplassen. Svein Vidar og Magne bestemte seg for å fullføra turen rundt Reikatindane.

Sola var vekke så snart vi kom over Fagnabotnstjørna, det kom litt vind og då vart det ganske kaldt igjen. Og var ikkje nokon av bakkane blitt litt brattare sidan sist vi var her? Dei var i allefall blitt litt hardare, så vi får vedgå at vi bar skia ned nokre bakkar.

Frå Fagnabotn og ned var det godt plogeføre, så vi kom oss greit ned.

Til tross for at vi fraus litt innimellom hadde vi ein flott tur – deileg at sola endeleg er framme og varmar litt. Ja, eg drog faktisk ned glidelåsen i jakka då vi hadde pause 🙂

Til neste turen har vi laga oss ein avtale:  Jorunn skal minna meg på at eg må ha stavar med trinse – det er litt bale å gå utanom løypa utan – og eg skal minna Jorunn på at ho må ta på bukse….

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.