Nett når vi hadde byrja sjå på oss sjølve som nokonlunde habile og erfarne skiløparar så fekk vi vel i kveld ein liten knekk i den sjølvtilliten – iallefall eg. Jorunn hadde nemeleg bestemt at i dag skulle vi gå på løypeski i lysløypa. Eg hadde ikkje gått på sånne smale pinner dei siste åra og det var enda lenger sidan Jorunn hadde gjort det.
Eg synes det er heilt greit å gå på ski i lysløypa, eg, men dei siste åra har eg labba rundt på fjellskia mine. Eg har aldri blitt heilt fortruleg med mine løypeski. Men no skulle vi prøva det, og sidan Jorunn hadde to par tilgjengeleg skulle eg få låna det eine paret.
Med kvart vårt par løypeski tok vi sikte på den nederste varmebua i Fjellhaugen. «Men i svar…korleis får ein på seg desse skia??» Eg trampa, puffa, vridde og prøvde å tvinga skia til å henga på skiskoen – men den festa seg ikkje litt eingong. «Nei, ikkje veit eg!» svar Jorunn og grubla like mykje. Dette fann vi rett og slett ikkje utav og det enda med at Jorunn forsvann inn i varmebua med skia og fann ein kar ho kunne spørja. Eg såg igjennom vindauga og fekk med meg at ein sjølvsagt skulle letta opp fronten på bindinga….
Ja, det var no ein god start på skituren – eg må vedgå at det var litt pinleg. Men no hadde vi i allefall fått på oss skia, så då kunne turen byrja.
Vi sklei bort mot skistadion og kom oss over brua og inn i skisporet. Dette gjekk jo bra. Heilt til den aller fyrste vetle tegn til oppoverbakke. «Kva har du eigentleg smurt med?» Eg måtte ut i fiskebein med eingong. «Det som Swixappen sa eg skulle smørja med». «Jaha, mitt par er ein smule bakglatte..» «Eg har smurt begge para likt og du valgt sjølv par» – her var inga trøyst å få, altså.
Eg er litt usikker på om dette var fyrste gange på turen, men det var i allefall ikkje siste gangen eg høyrte Jorunn utbryta: «Dette var dritgøy!»- «Synes ikkje du det var dritgøy??». Eg hadde ikkje tid til å svara, eg var opptatt med å konsentrera meg om å koma meg opp bakken utan å skli baklengs ned att…
Halvvegs opp mot toppen av løypa var eg allereie meir utsleten i armane enn på ein heil tur rundt Reikatindane… Det seier og litt om kor gode armmusklar eg har…Det er visst ikkje berre låra eg må trena…
Vi kom oss på toppen og framom meg høyrte eg Jorunn nemna til nokre kjente som gjekk forbi at «dette er dritgøy!» Og no var det jo litt gøy, for no kom det jo nokre nedoverbakkar og glistrekker. Og desse bakkane heiv eg meg utfor utan å tenkja over det. No er det ingen lange, bratte bakkar her, men farten vart god nok for meg.
No vart eg faktisk litt ovenpå ei lita stund. Så ovenpå at eg til og med byrja kikka på Jorunn si skigåing. «Kva skjedde med knekk i knea og ut med rumpa??» Eg synes ho stod litt for oppreist ned ein bakke. «Ja, men eg syntes det gjekk fort nok. Sant dette var dritgøy??». «Joda, det er litt gøy – det er i allefall god trim!».
Det gjekk i grunnen veldig fint heilt til vi kom til den bakerste litt bratte bakken. Det er eigentleg bøygen, men dei siste gangene eg har vore her har eg faktisk mota meg opp og sett utfor i sporet. I dag feiga eg ut, og ploga meg ned. Jorunn heiv seg utfor i sporet og forsvann. «Ho-ho-ho, det gjekk litt fort! Det gjekk ikkje så fort i går!» (Ho hadde nemeleg stått ned bakken på fjellski i går) «Men det var dritgøy!»
No svingar løypa og det går slakt oppover igjen og eg måtte atter ty til armane. «Neste gang skal eg smørja skia sjølv» surmumla eg. «Hallo, du har akkurat like ski som meg, og mine eg ikkje bakglatte!» Jada, det har sikkert noko med den som står oppå og.
Så skulle vi ned nokre småhumpar og påfylgjande glistrekke. Her slo eg til igjen og skulle visa Jorunn kva teknikk dei som kan stå på ski trena på her når vi gjekk andre vegen. Det er sikkert like greit at både trenar og utøvarar hadde forsvunnet frå området nett då, for min teknikk likna nok ikkje på noko slagsvis det dei dreiv med.
Då var vi komen så langt at vi skulle byrja på bakkane ned mot stadion igjen. Den fyrste svingen ploga eg halvvegs igjennom før eg såg på løypesporet og tenkte at «dette må vera overkomeleg – det er tross alt ikkje noko bratt og det er eit langt skistrekke før ein stoppar opp før neste nedoverbakke».
Som tenkt, så gjort – eg la meg inn i løypesporet og sat meg ned i hockeystilling. Eg trur eg kom opp i 100km i timen den fyrste meteren – det kjentes i allefall slik ut. Eg kjente redselen spre seg frå topp til tå og eg lurte på korleis eg skulle overleva dette! Ikkje turde eg reisa meg opp og ikkje har eg lært meg å koma meg utav skisporet i fart, så det var jo umogleg å ploga. Eg måtte rett og slett bare stå bakken ut til eg stoppa – eg var jo og så skrekkslagen at eg var frosen fast i hockeystillingen medan eg byrja klapra tenner og hjarta har sjeldan slått så fort. Samtidig såg eg at den neste bakken nærma seg….»Men fae…heller, dette går jo ikkje! Eg må jo stoppa før bakken – DEN har eg ikkje tenkt å stå ned i sporet!» Eg fekk rett og slett litt panikk og såg for meg at eg forsvann vidare ned neste bakke.
Heldigvis byrja det etterkvart å gå litt saktare og eg sklei fint fram til byrjinga på neste bakke. Men no var er så skjelven og pissredd som eg sjeldan har vore. «Ho-ho-ho!» Høyrer eg bak meg. «Fy fader eg fekk hjarteklapp og lurte på om eg ikkje skulle klara å stoppa før neste bakke! Men det var dritgøy!». «Nei, det var ikkje dritgøy – eg var dritredd og såg for meg at min siste time var komen. No er eg heilt skjelven!»
Det er vel ikkje naudsynt å nemna at eg ploga ned den neste bakken – ikkje meir spor på meg, takk!
Men det hadde eg viss gløymt så snart eg var komen til enden av bakken, for bare rundt neste sving så rota eg meg inn i sporet igjen. Ja, eg trong litt overtalelse i frå Jorunn, men det er vel som dei seier – har du ramla av hesten så må du oppå igjen med eingong. Og eg hadde tross alt ikkje ramla av hesten heller, det hadde jo gått heilt fint.
Farten auka og eg nærma meg ein sving og eg rakk å tenkja «dette går ikkje, dette går ikkje, dette går ikkje, denne svingen klarar eg ikkje!» Og det gjekk ikkje…. Eg deisa i bakken med stumpen fyrst – med ei slik kraft at hua forsvann av hovudet. «Au..shit..fae…!» Det gjorde faktisk litt vondt. Eg sjekka at bein og armar ikkje hadde skifta plass og sat fast der dei skulle. Det hadde visst gått fint – det hadde visst bare gått utover ræva. Men det kunne jo ikkje Jorunn vita som kom stod lenger opp i bakken – for alt ho visste kunne eg jo ha slått meg halvt i hel. Men var det noko trøyst å få? Allereie før eg traff bakken høyrte eg latteren runga over heile Fjellhaugen. «Ho-ho-ho-ha-ha-ha!!» Eg synes ho var vel tøff som byrja le før ho hadde starta på bakken sjølv, men ho klarte seg (uheldigvis) bra.
Heldigvis er det lettare å koma seg på beina når ein har ramla i løypa enn det er i laussnøen, så eg kom meg relativt fort på beina. Der stod eg ganskje fortumla og børsta snø av hua når Jorunn kom skliande. «Ho-ho-ho. Dette er dritgøy – sant det er dritgøy??!
Ja, ja, litt knall og fall må ein vel regna med av og til. No gjenstod ein liten runde på stadion før vi var ferdig med dagens skitur. Vi sklei bort til varmestova igjen og det gjekk heldigvis lettare å få av seg skia enn å få dei på 😉
Vi hadde eigentleg tenkt å avslutta kvelden med å laga pannakaker på stormkjøkenet, men så snart vi kom i bilen slo vi det frå oss. No var vi så svett etter turen at vi fann ut at vi kom til å frysa med eingong vi sat oss ned, så det var like greit å skippa det. Og det gjorde jo ingenting, for vi var jo allereie nøgd med kveldens skitur, vi hadde tross alt hatt det….
….DRITGØY 😉