#FJELL

Måneskinstur til Nautavatnet!

Det var ikkje heilt planlagt, men jaggu vart det ein ny skitur til Nautavatnet i går kveld! Den tredje turen til Nautavatnet på under ei veka! No kan eg vel byrja kalla meg ein erfaren Nautavatngåar 😉 

Eg ser ikkje fjella frå kontorvindauga mitt no om dagen, så eg hadde ingen aning om korleis dei såg ut før eg køyrte heim frå jobb i går. Då byrja det derimot å rykkja i skifoten – det var jo kome masse nysnø 🙂 Eg sendte ei mld avgårde til Jorunn før eg hamna på sofaen. Og det er bra vi er to som kan dra kvarandre ut på tur – ho brukte ikkje lange tida på å hiva seg med 🙂

No er vi berre utstyrt med ein Iphone og ein Samsung mobil på desse turane våres, og dei som føl litt med på Bobla veit at kvaliteta på bileter tatt i myrket er så som så. Men det var rett og slett altfor fint i fjellet i går – så eg må prøva å gje dåke eit lite inntrykk av det. Det er foressten Samsungen til Jorunn som tar dei beste bileta….

Som sagt, så var det komen masse nysnø, og turen i går vart ein tur i skikkeleg vinterwonderland 🙂

På veg opp mot Fagnabotn.

Denne karen hadde vore på langtur – vi såg spora etter han heile vegen på andre sida av elva medan vi gjekk mot Fagnabotn 🙂

Det var bra vi visste kor vi skulle 🙂 Skilta var ikkje berre nedsnøa – dei var nedisa og 🙂

Det var ikkje fullmåne i går, men flott måneskin likevel. Etter å ha kome oss opp den bratte bakken etter Fagnabotn, slo vi faktisk av hovudlyktene våres og gjekk resten av turen inn til Nautavantet i måneskin. Det var utruleg flott – vi kikka meir rund oss enn framfor oss i skiløypa 🙂

Med blits på…

….med blits av 🙂

Så var vi framme ved vatnet 🙂

Blits på….

….blits av 🙂

Nedoverturen var eg litt spent på. Det einaste minuset med turen i går var nemleg at løypa var tildels hard og skarete. Den var ikkje heilt ille i den øverste delen og «flatene» før bakken ned til Fagnabotn, så den delen gjekk rimeleg greit. Frå Fagnabotn stod vi ned dei fyrste bakkane, men så tok vi beina fatt og bar skia dei brattaste bakkane, før vi tok dei på når vi nærma oss parkeringa igjen. Til tross for dette så var eg ganske nøgd med meg sjølv. Eg synes eg klarar meg betre og betre og kjenner eg er ikkje redd for fart som er har vore tidlegare. Det er faktisk blitt litt kjekt å stå nedoverbakkar – sjølv om eg nok framleis er ei pysa når det blir for bratt og går for fort 😉

Slik ein fin kveld – og vi møtte ikkje andre hverken på opp eller ned. Vi er litt forundra over at ikkje fleire nyttar slike flotte kveldar til å ta ein skitur – det er jo så flott 🙂 Rett skal vera rett – vi traff to Halsnøybuarar som gjorde seg klar for topptur til Ingahogg når vi kom ned til bilane att. Tippar dei fekk ein flott tur og 🙂

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s