Taco og tarp!

Vi tok ein utekveld på mandag og vi 🙂 Lurte fyrst på om vi skulle ta ein skitur til sidan vi var kome så godt i gang med det, men fann ut av vi no kunne ta ei pause. I stadenfor bestemte vi at det var på tide å kokkelera under tarpen igjen.

Vi hadde sett oss ute ein plass vi tenkte kunne passa å laga leir, men der var det så høge brøytekantar at vi slo det i frå oss. Dermed enda vi opp her….

…på skytebana ved Midthølen 🙂

Eg har faktisk ikkje vore nede på dette området før, så eg vart nøgd når eg såg….

….det var benker og bord vi kunne slå oss ned ved her 🙂

Jorunn byrja rydda området for snø. Her har eg klart eit lite trylltriks – ho har faktisk ein spade i handa, men kor er den på biletet? 😉

Så skulle vi slå opp tarpen. Vi meinte det måtte passa bra å hengja den opp mellom trea som stod mellom benkene og bordet, då ville den ta av for vinden og vi kunne festa den slik at vi fekk ly i frå snøbyga. No var det hverken mykje vind eller snø, og godt var det….

…for vi mangla akkurat nokre få centimeter på å klara å festa tarpen rundt treet. Det var litt skuffande, vi hadde gleda oss til å nytta tarpen no.

Vi kunne sjølvsagt ha skrapa barken av trea slik at vi skaffa oss dei centimeterane vi trong, men det lot vi vera 😉 Hardbarka turfolk, som vi er, fekk vi berre innfinna oss med at då vart det middag under open himmel denne kvelden.

Eg hadde tatt ansvar for mat og koking denne kvelden….

….steikt kjøttdeig med heimelaga tacokydder frå Magnhild…

….tortilla lefser…..

….og medbrakt salat, ost og rømme 🙂

Dette var lettvint mat å laga på stormkjøkenet 🙂 Nett i går så hadde eg steikt kjøttdeigen heime på førehand, så den var berre til å varma opp. Ellers så fann eg denne lure….

….rømmetuben på Spar. Heilt perfekt å ha med seg i tursekken 🙂

Ja, då vart vi mett og god denne kvelden og 🙂 Vi pakka saman leiren vår når vi var ferdig med maten. Vi må vel vedgå at det vart litt kaldt å sitja slik utan noko ly etterkvart.

No tar vi nokre innedagar, så kan vi bruka dei på å tenkja ut nye plassar det kan passa å hengja opp tarpen med tanke på neste gang vi skal ut å laga mat 🙂

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.