#FJELL

Skitur rundt Reikatindane!

Etter tre kveldar på rad med skiturar i myrket, var det på tide å ta seg ein skitur i dagslys. Og i går, søndag, var det meldt strålande ver, så då fann vi ut at vi skulle ta turen rundt Fagnabotn, Nesjastølsvatnet, Reikatindane, Nautavatnet og ned til parkeringa igjen. Veldig kjekt var det at Alice og Judith ville vera med oss på tur denne dagen 🙂

Det vart ikke heilt blå himmel og sol, slik Yr.no lova, men det såg ut som om det skulle bli ein fin tur likevel 🙂

Alice sørger for at vi blir foreviga ved byrjinga av turen.

Sånn ca. kl 1200 var altså Jorunn og eg på veg mot Fagnabotn for andre gong på mindre enn 24 timar 🙂 Medan vi hadde løypa for oss sjølve kvelden før, hadde vi aldri….

….tidlegare sett så mange bilar på den nederste parkeringa ein vanleg søndag i januar før!

Men etter å ha tenkt meg litt om, så var det vel ingen vanleg søndag i januar likevel – Den Norske Turistforeningen feira jo 150 års-dag denne søndagen 🙂 Så då tenkjer eg turlaget hadde ei markering av ein eller annan sort på skistadion.

Ein pust i bakken ved Fagnabotn. Alle var einige om av vi no gjekk mot Nesjastølsvatnet og gjekk runden den vegen. Ein kan sjølvsagt og velgja å gå andre vegen om Nautavatnet.

Lang, lang, rekke i heilt nyoppkøyrt løype – det kan ikkje bli betre 🙂

Her ser det ut som om eg er like pysete i oppoverbakkar som nedoverbakkar. Kortfellene mine klarar ikkje heilt å få meg opp dei brattaste bakkane, og ein og anna gong var det lettare å gå sidelengst i stadenfor i fiskebein. For ordens skuld – denne bakken er eg på veg opp og ikkje ned 😉

Jorunn og Judith er nøgd med turen så langt.

Har dåke sett så flott? Og foreløpig var det heilt vindstille, så då gjorde det ingenting om ikkje sola kom heilt igjennom skyene 🙂

Når vi snudde oss fekk vi denne flotte utsikta mot Ulvanåso 🙂

Her har vi kome oss opp den lange, slake bakken – no var det stort sett bortover rundt Nesjastølsvatnet før vi skulle byrja stigninga opp Reikatindane.

Vi hadde tenkt å finna ein plass å eta nista på flatene, men her fekk vi ein kald vind i mot oss, og det er jo ikkje akkurat mykje å gøyma seg bak her. Heldigvis så traff vi ei som kom andre vegen som kunne opplysa oss om at det var vindstille igjen opp mot toppen, så då fortsatte vi litt til.

Nesten ferdig med flata og skal byrja på den siste stigninga på turen.

Veldig nøgd med turen så langt, men og klar for å ta ei pause 🙂

Alice leda an oppoverbakken og skulle finna pauseplass til oss. Vi tenkte fyrst det ville vera fint å gå litt utav løypa og sitja på ein topp, men der fann ho ut at det var litt vind igjen. Eg hadde sjølvsagt surra meg etter henne i laussnøen bort på toppen, og når eg måtte snu og gå tilbake tenkte eg at eg skulle tøffa meg og setja utfor den pittevelte bakken framfor meg. Det var tross alt metervis med laussnø, så eg kom i allefall til å landa mjukt om det skulle gå gale…

«Vil dåke sjå eit ekte svalestup?» sa eg og sat utfor – og satsa sjølvsagt på at eg skulle halda meg på beina. Det gjorde eg jo og – heilt til eg låg og kava med både bein og armar i snøen. Eg veit ikkje kven, men eg registrerte at ei av dei andre kommenterte tørt: «Det der var ikkje noko svalestup – det var meir som ei albatrosslanding!»

Og det vil eg berre slå fast: Har du ikkje arm-og/eller lårmusklar så har du ingenting i laussnøen å gjera! Makan til kaving for å koma seg på beina trur eg ikke nokon har sett før! Alice måtte ta seg av sekken min, medan Jorunn og Judith prøvde på å dra meg opp på diverse måtar.  Det var rett og slett som i sangen: Gubben og Gamla låg (stod for anledninga) og dro, og ikkje fekk opp rota… 😉 Ikkje fekk eg av skia heller! Til slutt lykkast det endeleg å få meg på beina, men no har eg gjeve meg sjølv heimaleksa å trena armar og lår kvar kveld før eg legg meg 😉 Hadde eg ikkje hatt folk med meg, så hadde eg jo blitt liggjande til snøsmeltinga byrja…

No var vi i allefall veldig klare for ei nistepause 🙂

Eg hadde heldigvis pakka med meg både tørr ullgenser, buff, vottar og dunjakke i sekken – det fekk eg bruk for no. Eg var god og svett når vi sat oss ned og det var godt å få tørre, varme klede på 🙂

Uheldigvis var vi kome så langt opp av vi fekk litt vind likevel, så det vart eit raskt inntak av skjeva med eggerøra og litt solbærtoddy før vi pakka saman og fortsatte turen.

Fekk nett litt tid til å nyta utsikta og 🙂

Alice er klar for å setja utfor den fyrste bakken ned mot Nautavatnet. Herifrå ser vi rett bort på Ingahogg!

Eg har berre fylgd skiløypa rundt Reikatindane eit par gonger før og eg veit jo at det går på ned mot Nautavatnet når ein har kome på toppen. Eg hadde berre gløymt kor bratte nokre av bakkane var! Det var eit par gonger eg feiga ut og gjekk sidelengs ned og skia kom av ein gang og – sjølv om eg godt veit eg hadde klart å ploga ned. Men stort sett var eg nøgd med meg sjølv – det er ikkje meir enn eit par år sidan eg ikkje stod på ski nokon som helst plass kor tuppen på skia var lavare enn bakenden på skia 🙂

Som dåke skjønar gjekk det ikkje fortare med meg på ned enn at eg kunne nyta den fine utsikta av sol på fjelltoppane 😉

Alice og Jorunn var litt tøffare enn Judith og meg, og satt utfor alle bakkar utan sperrer…

…..men vi kom oss ned vi og 🙂

Den kvite flata her er Nautavatnet 🙂

Judith var nøgd med å ha kome fram til Nautavatnet. No kunne ho endeleg ta av langfellene som hadde lugga både i oppover- og nedover bakkane!

Då var vi her igjen 🙂 Ingen grunn til å klamra seg til skiltet denne dagen 😉

Jorunn hadde fjerna fellene sine for lenge sidan, no fjerna vi andre fellene og – det er tross alt berre nedoverbakke heile vegen til parkeringsplassen i frå Nautavatnet.

Det er ein skarp sving rett nedanfor Nautavatnet som ikkje er så kjekk, den er ofte både skarp og skarete. Her tok eg rett og slett skia av denne gongen. Her er ei som…

….skulle ploga seg igjennom den 😉

Men ellers så var det lika kjekt å køyra nedover som det hadde vore kvelden før. Det var mykje godt det same fine føret og. Forskjellen på i går og kvelden før, var at gårsdagens tur var ein del lenger, og det merkast godt i låra. Det svei godt ned skogsvegen frå Fagnabotn til parkeringsplassen! Men eg behaldt skia på heile vegen ned, så eg var igjen veldig nøgd med meg sjølv når eg nådde bilen 🙂

Vel nede takka vi Alice og Judith for ein kjekk og flott skitur. Jorunn og eg pakka skia i bilen…

….og forlot Fjellhaugen for denne gang.

Når vi kom ned til Matrekrysset måtte vi nett ta ein avstikkar mot Matre svingane…

….for å fotografera solnedgangen 🙂

Bilfie 😉

Etter å ha fjolla oss ferdig var det på tide å koma seg heim 🙂 Og vi kunne slå fast av denne fjerde dagen på ski hadde vore lika bra og velukka som dei tre andre turane våres 🙂

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s