Fantastisk kveldstur til Nautavatnet!

Ja, no smir vi mens jarnet er varmt – eller rettare sagt medan det framleis er snø 🙂 I går gjekk turen til Nautavatnet i Fjellhaugen. Sidan Jorunn hadde jobbedag, kom vi oss ikkje avgårde før om ettermiddagen. Sidan det er ganske flatt lys om ettermiddagen, og vi ikkje vil køyra ned i det, «tima» vi det slik at det skulle bli myrkt før nedturen – eg har tross alt kjøpt meg ny hovudlykt for at ho skal brukast og 😉

Men når vi byrja turen var det framleis eit snev av…

….dagslys. Og har dåke sett, Jorunn, hadde faktisk tatt på kortfeller denne gang 😉

Sjå dette fine biletet Jorunn tok ned mot lysløypa i Fjellhaugen 🙂

A. Enæs nærmar seg Fagnabotn.

Det er viktig å fotografera kor ein har vore 😉

Vi var i allefall på rett veg 🙂

Det var ikkje det at vi bruka så lang tid opp til Fagnabotn, men som dåke ser så var det ikkje så mykje dagslys igjen då vi kom dit. Så allereie her slo vi på hovudlyktene. Snart drog eg hetta over houvudet og – for no kom det ganske mykje motvind. Skikkeleg motvind! Men det stoppa sjølvsagt ikkje oss. Som eg sa til Jorunn: » Med tanke på veret vi gjekk til Nautavatnet i fyrste gang vi var på skitur i lag, kan vi aldri bruka veret som orsak for å snu!» For den turen gjekk i både vind og snøstorm 🙂 Så vi gjekk på med godt mot – sjølv om vinden nesten hadde viska ut løypa når vi nærma oss toppen….

…og fram kom vi 🙂

OK, litt tilgjort – det blas ikkje slik at vi hadde problem med å halda oss oppreist, men kraftig vind var det. Men no vart det i allefall medvind på nedatt turen 🙂

Vi brukte ikkje lang tid ved Nautavatnet….

…..tok oss berre tid til å få av fellene før vi snudde snuten ned att.

Det kjekkaste Jorunn høyrte på veg opp var Anita som utbraut: «No gledar til og med eg meg til å ta av fellene!» Det har ho nok ikkje høyrt i frå Pyseguri sin munn før. I ettertid lurte ho på om ho faktisk hadde høyrt det, eller om det var vinden som hadde spela ho eit puss 😉

Men, vinden tross alt – det var eit fantastisk flott føre i går. Det var byrja å bli litt hardt i løypa på toppen, men ellers så var det silkeføre og mjukt nok til å få tak når eg skulle ploga. Og då synes til og med eg at det er kjekt å køyra nedover bakkar 🙂

Og kjekt vart det – vi var ved Fagnabotn igjen før eg visste ordet av det. Eg trur aldri eg har vore nede så raskt før 🙂 No stod det berre igjen å koma seg ned til parkeringa. Her har eg ofte feiga ut og tatt av skia i den eine bratte bakken, men no var det nok snø til at det var køyrte løype rundt – så igår behaldt eg skia på heile vegen ned 🙂

 

Skiinstruktør Leikvoll var nøgd med eleven sin i går 🙂

Ja, det var skituren sin det! Det var så kjekt å stå ned at når vi kom ned til parkeringsplassen så hadde eg mest lyst til å gå opp att og stå ned eingang til 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.