Vintertur til Fjellandsbø!

Som nemt i forrige innlegg var vi så nøgde med skituren til Myrdalsvatnet at vi bestemte oss for å leggja ut på ny tur allereie kvelden etter – altså i går. Fjellandsbøvatnet vart då målet. Det er jo ikkje så lang tur, men planen var og å kokkelera i gapahuken.

Allereie her skjøna vi at det kom til å bli nok ein flott kveld. Det er full vinter oppi dalen og masse puddersnø 🙂

Hadde eg køyrt Priusen hadde eg måtta parkera før ein køyrer inn til vatnet, men Jorunn, som køyrer «terrengbil», peisa på inn til gapahuken. Heldigvis, for oss som hadde tenkt oss litt på ski og, så hadde dei ikkje brøyta veien inn – kun køyrt spor med traktor og ATV.

«Når en liten mus skal ut å gå…» Litt lettare på foten denne karen enn….

….oss 😉

Medan Jorunn satt i gang med matlaginga…

….måtte eg testa den ny hovudlykta ho hadde skaffa meg (under tvang 😉 ).

Og dette var andre saker enn det eg har vore vane med – eg kunne jo nest fylgja musa heim berre med å lysa framom meg 🙂

Eg jobba litt eg og, altså…

…..eg måtte setja saman stormkjøkenet og steikja bacon 🙂

I går kveld stod omelett på menyen…

Denne Omniaovnen til Jorunn og Svein Vidar er ein superduper sak! Medan den stod her og laga omelett…

….kunne skiinstruktør Leikvoll…

….som og fungerar som smøresjef…og eg gjera oss klar for ein liten skitur langs vatnet.

Eg innser at eg framstiller meg sjølv som heilt hjelpelaus på desse turane våres, men eg klarer meg heilt fint eg og. Og eg klarar meg heilt fint i kvardagen utan at Jorunn er der og ordnar ting til meg 🙂 Men av og til er det heilt greit at andre tar litt ansvar og eg kan trekkja meg litt tilbake – he-he 🙂

Med nysmurte, bakglatte ski (;-) ), gjekk turen langs vatnet. No fekk eg testa den nye hovudlykta mi skikkeleg 🙂

«Knekk i knea – ut med rumpa»… Eg synes nesten eg har litt Heidi Weng stil??

Som dåke ser – har ein skikkeleg lys er det heilt toppers å gå skitur på kveldstid 🙂

Vi kom ikkje heilt inn til endes av vatnet då dei dreiv med skogsarbeid i ein sving. Vi kunne nok ha kome oss forbi, men vi snudde like greit. Vi hadde tross alt mat på koking og kunne ikkje vera vekk så altfor lenge.

Det fungera med ski in her og 🙂

No var vi spente på korleis det hadde gått med omelettprosjektet vårt? Vi letta av lokket på Omniaovnen, og…

….voila – PERFEKT!

Mmmmm…no gleda vi oss til å smaka. Det var litt vind utanfor gapahuken, men inni gapahuken var det heilt stille og fint. Ikkje var det kaldt heller, så her kunne vi sitja å innta maten utan å frysa 🙂

Det enkle er ofte det beste – omelett og skjeva med smør 🙂

Eg var nøgd med kveldens rett…

…og det var denne dama og 🙂

Det er jo nesten som ein ikkje vil gå heim slike dager, men det må ein jo (sjølv om eg og masar fælt på at vi må prøva oss på ein ny vinterovernatting snart).

Dette vart nok ein flott kveld ute. Og den nye houvudlykta mi funkar supert! Ja, så bra lykter har vi no at på veg i bilen nedover dalen igjen så kom eg på at eg hadde gløymt at eg hadde sekken full av telys eg skulle bruka i gapahuken – det plar nemleg vera så mørkt der at vi må ha med ekstra lys 🙂

Ein tur til Fjellandsbø no når det er skikkeleg vinter der, kan eg verkeleg anbefala. Det treng ikkje vera kveld – det er heilt sikkert flott på dagtid og 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.