Eg har masa og masa: «Skal vi ikkje på ski snart, skal vi ikkje på skiiiiiii!», men det har ikkje passa for resten av gjengen så langt denne sesongen. No kunne eg endeleg tatt meg ein skitur aleina, men det er jo ikkje så kjekt. Men i går passa det endeleg for både Jorunn og Ann Irene, så brått var vi klare for årets fyrste skitur 🙂
Mydalsvatnet var målet for skituren denne gangen. Det kjekkaste i går var at vi endeleg fekk lokka Ann Irene med oss 🙂 Eg har gått skitur med ho før, og veit at det ikkje er noko forskjell på ho og oss, men eg trur ho har fått for seg at vi er så gode at det er hakket før vi blir tatt ut på skilandslaget 😉
Litt spent før vi starta turen.
Som dåke ser gjekk ikkje turen på dagtid, vi var vel ikkje klare før i 19-tida. Då var vi blandt dei siste som tok turen innover mot Myrdalsvatnet denne kvelden, men vi traff mange som kom på returen. Det var ikkje så løye – det var ein kjempefin kveld og silkeføre 🙂
Med ei god hovudlykt, ei mellom god hovudlykt og ei dårleg hovudlykt la vi i veg.
Det var, som sagt, ein flott kveld, og vi måtte stoppa litt her og der for å prøva å ta nokre bileter av «Winterwonderlandet» 🙂
Det var litt meir oppoverbakkar enn eg kunne huska. Riktig nok ikkje så bratte, men det går stort sett slakt oppover til ein når….
Midtsetra. Nesten litt trollsk…
No var vi komen ca.halvvegs. Vi diskuterte litt om vi skulle gje oss her eller gå vidare. Nokon av oss hadde kledd seg litt for godt og eg var f.eks rimeleg svett og våt allereie her. Det var ikkje det at eg gjekk så fort, men ulltrøye, fleece og tjukk dunjakke var litt i varmaste laget. Det vart likevel ikkje den store diskusjonen – hadde vi sagt vi skulle til Myrdalsvatnet, så skulle vi til Myrdalsvatnet. Og det var amatøren Ann Irene som var ivrigast på å stå distansen ut 😉
Snart var vi på veg inn i skikkeleg vinterskog.
Etter Midsetra er det stort sett flate vegen inn til vatnet, så desse siste kilometrane gjekk ganske radig unna….
….og brått var vi framme. Medan eg fotograferte fotografane….
…..fotograferte dei dette 🙂
Ski in 🙂
Vi tok oss tid til å ta av skia….
…..sitja ned og ta ei lita nistepause….
…nysteikte lappar, for anledningen 🙂
Eg var så våt når eg kom inn til vatnet at svetten rann nedover ryggen og dunjakka var kliss blaut. Eg fekk av meg fleecejakka og på ei tynnare dunjakke, men det gjekk ikkje så lang tid før det byrja bli å kaldt. No var det vel og nokre fleire minusgrader her inne enn ved starten for turen. Dei andre fraus litt og, så vi brukte ikkje så lang tid på pausa vår. Heldigvis så funka det greit med den tynne dunjakka under den våte, tjukke jakka, så når vi kom igang att så vart eg fort varm.
Min Iphone tok natta etter å ha fotografert lappekaka, så eg har ikkje nokon bileter på tilbakevegen. Dei andre sine Samsungtelefonar funka derimot heile turen….
Det gjekk veldig greit heimover. Det kjedlegaste var at houvdlykta mi, som eg hadde hatt nye batteri i, allereie byrja lysa dårleg. Pysete som eg er, likar eg å sjå kor bratte og lang bakkane foran meg er. Så eg sklei til eg tok igjen Jorunn og fekk ho til å lysa framfor meg, eller er måtte venta på Jorunn slik at ho kunne lysa framfor meg. I dei brattaste bakkane tok Jorunn ansvar for å læra Ann Irene skikkeleg ploging: «Bøy i knea – ut med rumpa!!» Vi har alle vore igjennom den leksjonen 😉
Men det gjekk jo strålande fint – ingen knall og fall, og ingen måtte av med skia.
No er vi nesten ferdig med turen. Jorunn forlanga at vi skulle stå og beundra utsikten mot Omvikdalen. Vi var ikkje så vanskelege å be – sjeldan har vi sett den bygda på ein vakrare måte 🙂
Etterpå forlanga ho at vi skulle snu oss å beundra omvikedelingen 😉 Vi var ikkje så vanskelege å be då heller – skiinstruktør Leikvoll gjer ein god jobb med oss 😉
Vel nede med bilane var alle tre strålande nøgd med skituren. Ann Irene var mest nøgd – ho sveva nesten av lykke. Turen hadde jo godt over all forventning!! Ho hadde aldri trudd at ho skulle ta av fellene og stå ned alle bakkane på tilbakevegen! «Men Anita, hvis Jorunn ikkje hadde vore med og det var DU som hadde sagt eg skulle tatt av fellene, så hadde det ALDRI skjedd!» Eg måtte vedgå at «Hadde ikkje Jorunn vore med så hadde nok ikkje eg tatt av fellene heller, men eg tør ikkje anna for då får eg sånn kjeft….» 😉
Så nøgde med turen, og så kjekt hadde vi det, at vi har planlagt ny tur allereie i kveld. Den gledar eg meg til no, for då skal eg prøva den nye hovudlykta som Jorunn har skaffa til meg i dag 🙂 Eg har vore på så mange skiturar i mørket med halvgod hovulykt dei siste åra, at no var det ikkje meir å tenkja på – ei god hovudlykt må til om ein skal ha skikkeleg glede av desse turane 🙂 Det satsar eg på at skal ordna seg frå no av 🙂