Ja, nei, no føler vel ikkje eg meg akkurat kvalifisert til å koma med nokon skjønnheitstips akkurat, men som bloggar har ein vel kanskje eit visst ansvar for å dela slikt 🙂 Når ein er komen i min alder og attpåtil er så mykje ute i all slags ver heile året, ja, då burde ein vel kanskje tenkja litt på å ta vare på huda si. Eg som klattar litt fuktigheitskrem i andletet om morgonen og av og til huskar å smøra meg med kuldekrem har nok ein laaaaang veg å gå i så måte. Eg er flink i periodar, som feks. hvis eg har vore på eit Mary Kay party – då kjem eg som regel heim med nokre tubar av både det eine og det andre. Når tubane er tomme, så er eg tilbake til fuktigheitskremen i frå Spar… For nokre år sidan var eg flink å ta regelmessig ansiktsbehandling hos Dråpen Spa – det gjorde faktisk godt. Men så måtte eg hoppa over nokre timar, og då kom eg aldri i gang igjen.. Solkrem er eg blitt flink med, det skal eg ha. Men det er no ei stund sidan eg har hatt brukt for å bruka det…
Men no er eg komen inn i ein ansiktsmaskeperiode. Effekten er nok så som så iom at eg er ikkje meir avansert enn at eg brukar dei 25 krones maskene frå feks. Cubus. Og så held eg meg ikkje til ein sort – må prøva litt av alt, må vita 🙂
I dag skulle eg ikkje noko spesielt etter jobb, så i ettermiddag tenkte eg at «no, no skal eg jammen prøva den nye «bobblemaska» eg kjøpte her om dagen (forøvrig på Til Bords i Rosendal). Og for å ta skikkeleg i, heiv eg ein hårkur i håret. Alle som har sett mine tuster veit at det ikkje vil gagna Jan Thomas nemneverdig at eg nemner at det er hans hårkur eg brukar, så då treng eg ikkje nemna det 😉
Men dene boblemaska var nokre løgne greier…..
Litt usikker på om dette kan vera sunt for huden?
Det starta med at eg la ei svart maske over andletet – og så bobla og bobla det meir og meir 🙂 15 minuttar skulle denne sitja på og eg håpa at dette ikkje var dagen det kom loddselgjarar på døra…
Ha-ha, eg måtte beint fram ta ein tur på loftet å høyra med guten om han og følte seg litt dårleg etter kyllingmiddagen i dag 😉
Kva denne maske skulle vera godt for gløymte eg å lesa meg opp på, men litt morosamt var det no å prøva 🙂 Eg måtte ta den av når boblene vart så tunge at dei byrja siga ned i både auger og munn 🙂 🙂