Denne helga har vi vore litt hit og dit. Lørdag føremiddag gjekk vi ein fin tur i sol til Sjethaug i Rosendal. Då hadde vi sjølvsagt kledd for mykje på oss, så det var ein svett gjeng som entra hytta. Men vi skal vel ikkje klaga – det var godt å sjå sola igjen 🙂 Turen vart avslutta med ein tur på kafé.
I dag stod Bremstølen for tur. Eg kikka opp på fjella og såg det var sol, og då skulle eg i allefall ikkje gjera det same i dag som i går – så eg kledde meg for ein litt sånn kald høsttur og ikkje vintertur. Eg angra på det allereie i bilen på ut – då eg såg det blas kvitt på fjorden….
Men det plar no ordna seg når ein kjem i gang med gåinga, så vi la i veg…
…mot Bremstølen. Ann Irene, som vanleg, i front….
….. Per Ivar og eg pesande etter 🙂
Det var fint å gå i byrjinga – tørt og litt frose. Men…
….etterkvart vart det ganske isete og glatt. Det var ikkje så gale her kor vi kunne gå utanom stien, men snart kom vi opp i snø og, og då vart det litt utfordrande. Vi kunne med fordel hatt på brodder på skoa i dag. (At Ann Irene brått ligg bakerst her skuldast kun at ho vart preikesjuk med nokon som gjekk andre vegen 😉 )
Men opp kom vi utan uhell alle saman 🙂
Ut på tur, aldri sur 🙂
Det er veldig fint på Bremstølen, men fyttikatta kor kaldt det var i dag. Det kom ein iskaldt vind ned frå fjella. Det vart rett og slett ikkje aktuelt å setja seg ned og nyta kaffi og te i dag. Vi tok oss kun tid til å….
…dokumentera at vi hadde vore her 😉
Så kaldt var det at Per Ivar og eg fann ut at her var det om å gjera å stå tett saman for å halda på varmen 😉 No skriv vi oss i boka og går ned att, var beskjeden i frå Ann Irene då 🙂
Per Ivar mumla noko om «vind i sprekken» når han skreiv seg i boka – vi var litt usikker på korleis eg skulle tolka det 😉
Det var ikkje mange minuttane vi brukte her opp i dag før vi var på veg ned att.
Det passa i grunnen heilt greit, for då fekk eg tid til å køyra heim og byta på meg før eg skulle på middag hos broderen og co 🙂
Eg må vel seia dette har vore ein fin søndag. Eg har både fått gått tur og fått servert middag. No er det sofatid resten av kvelden 🙂