Då var vi igang igjen :-)

Eg synes sjølv vi var veldig flinke til å koma oss ut og gjennomføra den Netflixfrie dagen vår etter at vi innførte den i fjor høst. Vi har vore ute og kokkelert både med og utan tarp, på bål, på stormkjøken og Omniaovn – og uansett ver 🙂 I går var vi klar for fyrste middag ute i 2018 🙂

Jorunn foreslo å leggja turen til Høgåsen i Dimmelsvik – og då vart det slik. Maten skulle ho og ordna, så det einaste Ann Irene og eg hadde som oppgåva var å stilla på parkeringsplassen ved stien kl. 1800. Det skulle ein tru var ein enkel sak, all den tid eg har vore mange gonger på Åsen tidlegare. Men det har vore i dagslys! I går var det mørkt og ingen skulle trudd at eg hadde vore i området før – eg trur vi prøvde alle vegar inn, ut og opp i byggefeltet i Åsen. Ikkje var det noko hjelp i Ann Irene heller – det var 25 år sidan ho hadde vore i området 🙂 Til slutt var vi heldige og såg Jorunn og Svein Vidar koma kjørande – då kunne vi berre køyra etter dei til parkeringa og lata som ingenting 😉

Så, då tok det ikkje lang tid før vi…..

….var på veg til Åsen.

Turen til Åsen er hverken lang eller krevjande, men det er no ein liten trimtur likevel. Og vi fann vel ut at det var den lengste turen vi har vore på hittil på den Netflixfriedagen vår. Vi plar jo ikkje gå så veldig langt i frå bilane når vi skal kokkelera ute 🙂 Men kanskje det kan vera eit litte nyttårs forsett – å leggja inn ein liten trimtur og 🙂

Framme på Åsen fekk Svein Vidar tent på ein primus…

…..og Jorunn fekk fart på ein anna.

Det er ikkje noko knussel når Jorunn stellar i stand middag 🙂 Her skulle det steikast kylling, løk og kokast ris 🙂

Det var ein kjempeflott kveld i går! Ikkje kaldt, heilt stille, stjerneklart og vi fekk ei flott utsikt over alle lysa innover mot Rosendal 🙂 Det er flott utsikt her på dagtid, men jammen er det ein flott plass om kvelden og.

Ann Irene var med oss for fyrste, men slett ikkje siste, gang – og var spent på kva Jorunn trylla fram til middag.

Frykteleg dårleg bilete, men dåke klarer sikkert å sjå for dåke at vi hadde det fint 🙂

Kokken i røyken – og arbeid 🙂

Eg veit ikkje heilt om dette er normalt, men eg plar ikkje lufta risen når eg lagar det til middag. Men risen i går vart lufta på diverse måtar  før den vart blanda med kylling- og løkblandinga..

…..ris med utsikt….

….og ris til eigen bak 😉

Etter litt blanding og oppvarming i Omniaovnen, kunne Jorunn omsider invitera oss til bords – for anledningen trebenkene på Åsen 😉

Det ser kanskje ikkje så godt ut, men denne kyllinggryta til Jorunn kan eg lett ete fleire ganger 🙂

Alle likte middagen og var nøgd med kveldens måltid 🙂 Før vi gjekk tilbake til bilane, tok vi oss tid til å kikka litt meir på utsikta…

Tilslutt hadde vi site i ro så lenge at det byrja blit litt kaldt, så då var det berre å vandra tilbake til bilane.

Dette vart ein fin kveld og start på dei Netflixfrie dagane våres i 2018 – no ser vi fram til mange fleire slike utover året 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.