Ja, har dåke sett – nesten ferdig med fyrste veka i 2018 allereie. Den har stort sett gått med til å koma inn i rutinen med å koma seg opp om morgonen, i seng tidleg nok om kvelden, jobb og fjerna julepynten 🙂 Eg var flink heile romjula og tok ein spasertur rundt bygda nesten kvar dag, og det har eg fortsatt med denne fyrste veka i januar. Men nokon langtur har eg ikkje vore på sidan turen til Fynderdalen 7.november 2017! Eg hadde ikkje tenkt meg på langtur i dag heller, men den vart litt lenger enn planlagt….
Eg vakna i dag til strålande ver og då måtte eg berre finna fram turkleda og koma meg på tur. Eg hadde eigentleg ikkje noko mål, men om eg kom meg til Ådnaklett utan at tunga hang ute, kunne eg kanskje gå litt lenger?
Flott vinterdag i Uskedalen – her sett i frå Halsatoppen.
Eg hadde ikkje det store tempoet opp mot Ådnaklett i dag, men rusla roleg oppover….
….og då gjekk det eigentleg heilt greitt å koma seg hit 🙂
Så, skulle eg gå ned skogsvegen, eller forsetja vidare til fjells? Eg synes det hadde gått så greit hit at eg bestemte meg for å fortsetja. Problemet er at eg eigentleg ikkje likar denne vegen til fjells – eg synes den er dørgjande kjedeleg…
Men etterkvart som eg kom lenger og lenger opp tenkte eg at «dette var jo slett ikkje så verst». Kanskje mi meining om denne turen er litt farga av at det plar vera vått og gjørmete når eg har gått her tidlegare – i dag var det både tørt og frose, men ikkje særleg glatt. Eg hadde uansett med meg stavar, så sjølv når eg kom opp i snøen så gjekk det greit å gå.
Og så var eg oppe 🙂 No gjenstod det berre å gå litt bortover og ein liten oppoverbakke til eg var på Storhaug.
Måtte sjølvsagt skriva meg i boka 🙂
Eg var jo svært nøgd med å ha kome meg hit utan å slita meg heilt ut – men det såg jo litt fristande ut å gå bort i sola og??
Sol på Melderskin óg.
Fint mot Ulvanåso.
Som dåke sikkert skjønar hadde eg no bestemte meg for å jakta på sola 🙂
Eg såg det gjekk spor mot Solfjell, men stien mot Mannsvatn var det ingen som hadde gått opp enda. Men eg kunne vel ikkje la meg stoppa av det – det er vel tross alt Ann Irene og eg som sist malte dei raude T’ane hert… (Utan at det hjalp så mykje – dei var uansett stort sett under snøen…)
Okkesom, ein kan jo ikkje gå seg vill her sjølv om ein ikkje føl stien til punkt og prikke. Eg såg det kom ein person andre vegen, så snart kunne eg berre fylgja hennar spor mot Mannsvatn.
På rett veg 🙂
Trur dåke eg hadde ein fin tur mot vatnet?? 🙂
Eg angra litt på at eg ikkje hadde tatt med truger eller ski, men eg hadde jo ikkje planlagt at eg skulle gå så langt når eg la i veg på tur. Eg møtte tre skigåarar og vart litt misunneleg på dei 🙂 Men det gjekk forholdsvis greit å gå på beina og. Det er ikkje så mykje snø, og eg trødde ikkje igjennom så mange plassar. På brua hadde eg ei lita tepause, noko niste å snakka om hadde eg ikkje tatt med….
Då var eg kome meg over brua og tok sikte på å gå langs vatnet eit stykke før eg gjekk over på andre sida av fjellet.
Solfjell levde opp til namnet sitt i dag 🙂
Eg trudde jo at det skulle vera kaldast og hard skare langs vatnet, men der tok eg feil. Her trakka eg igjennom snøen nesten heile vegen, og det vart rett og slett litt kavete å koma seg framover. Eg bestemte meg då for allereie etter å ha kome til hytte nummer to å skråa opp langs fjellsida i håp om at det var litt hardare føre langs fjellsida.
Eg synes det vart litt bedre når eg kom høgare opp….
Eg traff på eit scooterspor nesten med eingong eg byrja å skråa opp fjellsida og det fylgde eg stort sett til eg kom over på andre sida av fjellet.
Ulvanåso! Og jepp, det var sanneleg byrja å skumra.
Eg hadde jo ikkje tenkt på det når eg byrja på turen min litt over kl. 1200 – at eg skulle vera på tur til det vart mørkt!
Over på andre sida var det berre å fylgja skogsvegen ned fjellsida. Denne var, som forventa, både oppkjørt og gått opp, så her var det lettare å gå igjen. Noko hardt og glatt dess lengre nedover eg kom og det kunne sikkert vore greit å ha brodder på skoa – igjen så var eg glad eg hadde med stavar.
Det vart litt hardt på knea etterkvart, men eg satsar på at det var fordi eg ikkje har gått så lang tur på lenge og at det vart ein tur med mange vridningar. Det var uansett veldig godt å endeleg koma seg ned på vegen. Det som ikkje var så kjekt var at her stod det sjølvsagt ingen bil å venta på meg! 😉 Så då måtte eg traska nokre kjedelege kilometer ned dalen og. Og no var det jo blitt mørkt – eg håpa ingen kom til å stoppa og kjefta på meg for ikkje å ha på refleksvest 🙂 Heldigvis var det ikkje mykje trafikk 🙂
Eg er stort sett glad for å sjå heimen min, men sjeldan så glad som i kveld 😉 Når eg endeleg nådde ytterdøra var klokka blitt 1700, så det vart nokre timar på tur i dag 🙂
Vel inne hadde eg ikkje fått av meg turkleda eingang før fyrste pulje med julebukkar dukka opp 🙂 Eller, fyrste og fyrste – det kan jo ha vore nokre tidlegare og for alt eg veit 🙂 Det var nesten som om eg ikkje turde gå i dusjen for då risikerte eg å glipp av fleire 🙂 Hittil har eg hatt 14 stk. på trappa, hvis eg har talt rett, og det er kjekt – julebukkar er det mange år sidan dukka opp på døra på Eik.
Vel, vel, no er eg noko sliten i kroppen, men veldig nøgd med turen min i dag – det var ein fin fyrste tur i 2018 🙂