Eit hundeliv!

A. Enæs – no og som hundepassar 🙂 Eg var litt spent på korleis det skulle gå når eg i helga hadde tatt på meg og passa hunden til min bror og Co. Det var ikkje det at eg ikkje kjente hunden frå før, men eg har aldri i mitt 50 år gamle liv hatt ansvar for hund før. Så eg var litt spent, ja..

Men det gjekk over all forventning – makan til kosegris trur eg ein skal leita lenge etter 🙂 Milo var kun opptatt av kos og tur – så det gjekk leikande lett å ha ansvar for han.

Når vi ikkje gjekk tur, så låg han stort sett i sofaen slik som dette:

Heile tida så nære meg at eg kunne klø han. Og om eg stoppa, var han rask oppe med lappen og pirka på meg for å få meg til å fortsetja 🙂

Det hende han la seg i denne kroken, men det tok ikkje lang tid før han kraup bort til meg igjen.

Dette var jo stort sett berre koseleg, men det kunne jo bli litt vel mykje. Då var det eigentleg greit at han ikkje turde gå opp og ned trappa til loftet. På den måten kunne han vera oppe på loftet med sonen i huset når eg f.eks.ville ha fred til å ta ein dusj…

Titttei i frå loftet – turde ikkje gå ned 🙂

Vi laga oss ein fin lite runde rundt Dønhaug når vi skulle ut på tissepause. Eg har ikkje tal på kor mange hundeposar eg samla i laupet av helga, men nok til at det virka prevantivt på tanken om å skaffa seg hund på heiltid…

Huset mitt i solnedgang fanga på film på ein av kveldsturane.

Vi gjekk tur til Kalkestasjonen både på fredag og laurdag. På laurdag skulle vi eigentleg gå langs Fjellandsbøvatnet, men der stod det kyr med kalv allereie ved grinda, så dei tok eg ikkje sjansen på å nærma meg.

Så då vart det ein våt tur til Kalkestasjonen denne dagen. Det var ikkje aktuelt og sleppa han inn på hverken golv eller sofa slik som han såg ut etter denne turen. Det trur eg nesten han skjøna, for han spaserte nesten heilt frivillig i frå buret sitt og inn i dusjen for ein vask etter turen 🙂

Søndag kom endeleg sommaren!! Den vi har lengta etter sida juni! Den dagen tilbrakte vi på tur ved Verthusvatna i Blådalen.

Det var ein flott dag – det kjem eige innlegg med bileter i frå den dagen 🙂

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.