Søndag dukka endeleg sommaren oppatt etter at vi har venta på den sidan den forsvann i juni. Som eg skreiv i mitt forrige innlegg brukte vi den dagen til å gå tur ved Vetrhusvatna i Blådalen…
Dei forrige eigarne av huset mitt hadde to hundar, og det heng framleis kjetting etter dei både på husveggen og muren ute. Sidan det var så fint ver, festa eg Milo i den eine etter vi hadde vore på ein tissetur. Eg tenkte han då kunne vera ute og gå på litt oppdagelses tur i hagen, men det var han ikkje interessert i…
….han ville (sjokk) berre sitja på fanget og få kos…
Eg har fått litt kommentarar på at det var ein diger kjetting til ein liten hund, men eg trur det ser litt verre ut på biletet enn i virkelegheita. Det var liksom ikkje ei diger kula han drog etter seg – han hadde fint sprunge rundt om han ville 😉
Omsider kom vi oss til Vetrhus og la i veg på stien mot Eikemo.
Her var det fint for Milo og gå på tur. Ikkje noko høgt gras å forsvinna i slik som i skogen ved Kalkestasjonen. Litt gjørma her og der…
….men det vaska vi av oss sånne plassar som dette.
Det er bra fart i denne vetle krabaten – han sprang, hoppa, spratt og drog tanto med seg 🙂
Stoppa litt innimellom for å sjå om vi kom etter.
Vi tok av stien der kor det er skilta til Alvaldsnuten slik at vi kom over på andre sida av det «øverste/innerste» Vetrhusvatnet.
Tilbakeblikk. Stien fortset opp langs sida av elva i midten. Det går og an å fylgja sti rundt vatnet på andre sida og gå sti opp på den sida av elva. Det er dessutan ganske lett å koma seg over elva og gå opp på nett den sida ein vil.
Det ser ikkje slik ut, men det er eigentleg ganske bratt ned til elva her.
Vi gjekk opp denne fjellsida og litt lenger innover bakom denne til vi kom fram til eit lite vatn. Eg hadde ikkje tatt med noko drikke til Milo då eg hadde satsa på at vi fann det på vegen…
…og her var det deilig både å få kjøla seg ned og få i seg litt drikke 🙂
Vi kvila oss godt her. Diskuterte litt om vi skulle gå andre vegen ned, men enda på å gå tilbake same veg vi kom.
På returen såg vi denne fossen, som vi av ein eller anna merkeleg grunn ikkje la merke til når vi gjekk andre vegen.
Vetrhus, og, er det Blådalshorga vi ser rett bort på?
Her er vi nede ved vatnet igjen. No trur eg dei små hudefotane byrja å kjenna på at dei hadde vore på lang tur. Han hadde eit par plassar han rett og slett sat seg ned og kvilte litt og nekta å gå vidare 😉 Men litt godsnakking så spratt han opp att og fortsatte.
Idyllisk plass med litt småvatn rundt omkring når vi nærma oss parkeringsplassen igjen.
Midt i biletet ser ein elva vi fulgte stien opp langs.
Så var turen over. Både folk og hund var nøgd med dagens tur. Milo la seg i buret sitt klar for å køyra heim. Det var sikkert godt å få kvila no.
Vel heima kunne vi ringja eigarane og seia at vi var klar for henting. Medan vi venta på dei…
….kvila vi oss ute på terrassen 🙂
Eg var litt redd eg hadde slite Milo ut på denne turen. Han logra litt med halen då han vart henta, men det var ikkje fullt sirkus 😉
Eg fekk rapport seinar om at han haldt seg mest i buret sitt resten av kvelden, men allereie neste dag var han på ny langtur med eigarane – så då gjekk det jo fint 🙂
Vi hadde ei koseleg helg, Milo og eg, så det gjekk fint å vera hundepassar for ei helg 🙂 Eg skal noko prøva å få lurt meg til å få låna han med meg på litt fleire turar 🙂