Den nye Instahit’en :-)

Nokon synes vel eg er blitt litt vel høg på meg sjølv no, men det er faktisk ikkje meg sjølv eg siktar til i overskrifta på dette innlegget 🙂 Nei, det eg siktar til er at vi dei siste vekene har fått ein liten «konkurrent» til Bondhusvatnet…

Det heile starta vel når Visit.Kvinnherad for nokre veker sidan delte eit bilete frå ein stad i Kvinnherad som slett ikke såg ut til å vera frå Kvinnherad. Både fargar og stad såg altfor eksotisk ut til å vera herifrå 🙂 I tillegg vart det berre kalla «ei hemmeleg perle» – noko som i allefall fanga nyfikenheiten til folk – meg sjølv inkludert 🙂

Når ein fekk tenkt seg litt om, kunne det jo ikkje vera så mange plassar. Det tok to sekund å peila plassen inn på Gule Sider Kart…. Jorunn meinte forresten at eg med det viste demente taktar – ho kunne ikkje begripa at eg ikkje visste kor det var: «Du har jo sett den plassen mange gonger! Vi har sikkert snakka om den óg!» Så eg som ein liten augenblikk følte eg hadde vist store geografi- og kartkunnskapar, fekk passet mitt påskrive der…

Okkesom, vi kunne jo ikkje la denne nye hit’en gå oss husforbi – vi måtte ta den nærare i augnesyn, vi og.

Dermed bestemte vi oss for å eta kveldsmaten….

….med denne utsikta onsdag kveld.

Eg har oppfatta det slik at litt av mystikken med plassen er at ein ikkje legg ut nøyaktig kor den er – folk må finna den sjølv. Difor skriv ikkje eg det heller… (sjølv om eg har svart på gåta på ørten private meldingar 😉 )

Damene på kanten 🙂

Jada, vi har fekk tatt nok bileter.

Ein liten augneblink vart vi litt bekymra for ein kar som spratt fram og tilbake som ein røysekatt på andre sida, men kunne slappa av når han sat seg ned med ei fiskestang. Sjølve sat vi oss ned og åt kyllingsalat alá Jorunn. Diskuterte litt tydinga av «ta med noko å eta på». Eg tyda det som at eg skulle ta med tallerken og bestikk – Magnhild hadde tatt med brownies (og måtte eta rett i frå salatskåla). Men alle vart nøgde – vi fekk jo både salat og dessert 😉 

Ein anna ting som gjer denne plassen litt spesiell, er at om du ikkje funnet den enda, så er det noko for seint å leita etter den no. No er den nok «forsvunnet» og du må venta til neste år…

Eg vel å avslutta dette innlegget med denne «vakre» selfien 😉 Det er moglegvis ein grunn til at vi IKKJE kan kallast ein Instahit 🙂 🙂 :- )

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.