Svelgabreen 2020!

I utgangspunktet står det ikkje på lista mi at eg ta turen til Svelgabreen kvart år, men i fjor gjekk eg turen to gonger, og på søndag la vi i veg igjen. Det var meldt så fint ver og høg temperatur at vi såg vel ikkje på det som noko minus å gå tur i fjellet omkransa av ein isbre 😉Eg hadde med meg to damer – kusine Lene, som og var med på eine turen i fjor, og ei venninna av henne som ikkje hadde besøkt Blådalen utan snø før.

Vi køyrte opp i fjellet tidleg, både for å få koma i gang med turen før det vart for varmt, og for å sikra oss plass å parkera oppe ved Møsevatn. Det stod nokre bilar der då vi kom opp, men det var likevel god plass til oss. Hvis det er nokon av dei som kom opp etter oss som les dette, vil eg presisera at vi ikkje køyrte nokon av dei 2 bilane som hadde parkert på tvers på parkeringsplassen på søndag! På tvers faktisk!

Ja, ja, vi fekk jo plass, så vi brukte ikkje så mykje tid på å erga oss på den typen parkering – det fekk dei som kom etter oss ta seg av 🙂 Sjølv om ein går denne turen mange ganger, så vil det vel nesten alltid vera noko nytt eller annaleis å oppdaga. Eg har f.eks ikkje opplevd at det ligg snøfonner i fjellsidene rundt Møsevatn tidlegare – midt i august!

Då vi gjekk turane i fjor, var det nesten ikkje vatn her. Kusine Lene tok nok då mine beretningar om korleis det såg ut når det var vatn her med ei klypa salt. Ho veit nok at eg tar meg mine friheiter når det gjeld å gjera ei god historie betre… 😉

Men no er det fylt opp med vatn, så då vart det nesten ein heilt ny tur for ho – og ho skulle få oppleva at eg ikkje hadde fare med lygn denne gangen 🙂 

Møsebreen, Ista Møsevatn og ein pytt – vakkert!

Det rann godt med vatn i elva, så vi trong ikkje diskutera kva veg vi skulle ta ned til vatnet – det måtte bli over brua. 

Var ikkje denne tøff? Denne har nokon hatt litt arbeid med, trur eg 🙂 Det var ikkje oss, altså – sjølv om ei av oss vart litt ivrigare på å plukka stein enn oss andre etterkvart…

Tru det eller ei, no gjekk det ei stund før eg tok fram mobilen og fotograferte igjen. For det fyrste så har eg skrekkeleg mange bileter i frå turar til Svelgabreen frå før, for det andre hadde eg meir enn nok med å halda fylgje dei to andre damene som langa i veg.  Kristin fyrst, som påstod ho såg meir dess fortare ho gjekk (?), så Lene med lange bein som ein gaselle – og tilslutt ei middelaldrande, knabben dame som ikkje berre skulle stokka beina, men og halda orden på ein stav. Staven vart for anledninga omdøymt til avstandsmålar – husk 1 meters regelen 😉

Så ja, eg trur vi haldt eit greit tempo langs vatnet….

….og brått var vi her!  Denne plassen var nesten ikkje til å kjenna igjen frå sist vi gjekk her. Då var området dekka av leire og myrull, og det rann kun ei elv her. Vi brukte mykje tid på heimveg i fjor på å rulla rundt her, spytta myrull og fotografera frå alle moglege vinklar. Vi stoppa på heimvegen på søndag óg, men den stoppen var unnagjort på 1-2-3 🙂

Kjerringbotn! Altså, stort finare blir det ikkje 🙂 Det kjem rett og slett ikkje fram på bileta kor fint det eigentleg er her! 

Kjerringa ved Kjerringbotn 😉

Vi gjekk vidare inn til sikringsbua og hadde ei lita nistepause der. No kom det ein litt kald vind i frå Svelgabreen, men det var berre greit å bli litt avkjølt.

Frå sikringsbua er det ikkje lange vegen å gå…

….før ein står og skuar utover dette. Det ser som vanleg ut som noko som er tatt ut av eit eventyr eller maleri! Dette trur eg er den finaste plassen eg veit om!

Det vart til at vi stoppa her i dag. Vi rekna litt på tid og fann ut at det var greit å snu her. To av oss har vore inne til breen tidlegare og treng ikkje alltid gå heilt fram – vi stod jo tross alt på den finaste plassen allereie. Sistemann syntes heller ikkje det var naudsynt å gå lenger denne dagen.

Måtte sjølvsagt ha eit bilete av myrull før vi snudde 😉

Så istadenfor å bruka til på å gå siste biten inn til sjølve Svelgabreen, tok vi oss god tid på tilbakevegen. Vi stoppa f.eks…..

….ved Kjerringbotn igjen…

…og tok ei lengre nistepause her.

Eg måtte og lura meg til ei lita tissepause, og det var ikkje så enkelt – for no rann det på med folk på veg til Svelgabreen! Eg fekk huka meg ned bak ein stor stein….

…og skynda meg så fort eg kunne – for det skulle ikkje forundra meg om det kom nokon padlande rundt hjørna her 😉 Då hadde dei fått sett meir av Kjerringbotn enn dei hadde hatt godt av….

Etter pausen på Kjerringbotn gjekk vi vidare til….

….myrullplassen 🙂

I år måtte eg ut i vatnet på ein stein for å bli tatt bilete av…

…i fjor låg eg flat og rulla meg i leire og myrull 🙂 Eg slapp forresten å plukka med meg i år – dei eg plukka i fjor står framleis fine i ein vase i stova 🙂

Men om vi ikkje plukka myrull med oss, så var Kristin no byrja fylla lommene i shortsen med stein! Dvs. ho hadde vel byrja litt tidlegare, men skifta litt ut etterkvart som den eine steinen vart finare enn den andre. Eg hadde jo god plass i sekken min til å hjelpa ho med å få med heim halve fjellheimen om så var, men eg la ned forbud. Slike hobbyar får dei klara å bera sjølve – vi hadde tross alt igjen å klatra opp den brattaste fjellsida. Og kven veit kva anna som kanskje måtte berast opp der?

Noko slikt kanskje??? Denne vart med heim, under tvang, i fjor 😉

Heldigvis gløymte vi å kikka etter meir å bera heim på søndag 🙂 «Geviret» eg bar heim i fjor, ligg framleis ute på terrassen. Litt pjusk etter ver og vind, men den skal sanneleg få liggja der til ikkje det er meir igjen av den…

Eg sakka akterut opp bakken, men kom meg omsider opp eg óg. Vel oppe høyrte eg eit brøl i fjellheimen, kikka opp i fjellsida og lurte på kven som fann på å gå tur der. Men då eg kom fram til dei andre, resonnert vi oss fram til at eg måtte ha høyrt hylet til Kristin då ho dukka under i Møsevatn!!!! Dvs. brølet var vel når ho dukka opp att… Galne menneske – ho påstod faktisk at det var deilig! Sjølv klarte eg så vidt å vassa i nokre små sekund før eg karra meg inn på land att!

Nærmar oss slutten på turen her. Vi var litt spent på om vi kom oss ut frå parkeringsplassen. Vi hadde møtt mengder med folk på turen og nokre flirte og sa vi sikkert var sperra inne og ikkje kom oss ut.

Men det gjekk greit 🙂 Det var faktisk og nokre ledige plasser øverst når vi kom fram, så alle hadde nok ikkje lagt ut på langtur. Men det må ha vore litt kaos ei stund, for det stod bilar parkert i vegkanten frå toppen og rundt fyrste sving – som om det ikkje var smalt nok der frå før. Eg kan ikkje huska at det stod bilar parkert nede ved vegen der kor den skilta stien til Svelgabreen eigentleg startar. Det frista vel ingen å gå opp fjellsida ein slik varm dag 🙂

Eg trur forresten vi hadde gjort lurt i å snu når vi snudde. Då gjekk vi nesten heile vegen på heim med sola i ryggen og ikkje i andletet. Med litt vind her og der så hjalp det på slik at det ikkje vart uuthaldelg varmt å gå.

Vi hadde ein flott dag i fjellet og var vel nøgd med turen vår. Var det årets fyrste og einaste tur til Svelgabreen i år? Tja, ikkje godt å seia – kven veit?

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.