I dag slo eg augo opp akkurat i det Ann Irene sendt meg melding med invitasjon til å bli med på tur i Handelandsdalen. Ein time fekk eg på meg til eg skulle stå på parkeringa inn til Tveito – så her var inga tid å mista 🙂

Det var faktisk snø heilt i frå byrjinga av skogsvegen – så i dag fekk vi endeleg litt julestemning 🙂

Nærmar oss målet.

Eg hadde ikkje så myke med i sekken å by på i dag, men desse to satt i gang med å fyra bål og dekka bordet….

….. Ann Irene hadde til og med nystrøken juladuk med i sekken!!!

Koseleg – fekk nesten lyst til å byrja å samla på serviettar etter gamalt 😉



Vinterstemning 🙂

Ann Irene steikte lappar….

….og eg drakk solbærtoddy i frå den nye koppen eg fekk av ho til jul 🙂
Etter maten (frukost for min del) måtte vi ta den obligatoriske turen innom skogen. Ann Irene hadde pakka stjerneskudd i sekken, og dei måtte vi jo tenna på. Det var lettare sagt enn gjort, men omsider fekk vi no fyr på dei 🙂
Så med denne vetle stjerneskudddansen (???!) vil eg ynska alle boblelesarar:
EIT RIKTIG GODT NYTT ÅR!
