Magnhild ville på fjelltur på laurdag – eg var ikkje vond og be med. Ho hadde fått nyss om ein ny veg opp til Låganåso – skulle vi prøva den? Kom ikkje på tale! Ein ting er å bli henta ut av veggen i Ulvanåso – over mitt lik skal det skje at eg blir henta ut av veggen til Låganåso! Eg ville falle om av skam 🤣🤣
Dermed fekk eg valet om eg ville til Englafjell eller Manen? Eg fekk utsetja valet mellom pest og kolera til turen var igang. Hvis vi gjekk inn Eikedalen trong vi ikkje bestemma oss før vi kom opp Eikeskaret 😀

Kl. 0951 starta vi turen i frå Sørestølen (vassverket i Uskedalen). Derifrå tok det ikkje lang tid før vi stod på Flåtene…







Hittil hadde vi hatt ei lita pause før Fagerdalen, der vi naut kvar vår gulrotmuffins – viktig å fylla på litt energi jamt og trutt på tur 😀 Så hadde vi ein obligatorisk stopp ved elva i Fagerdalen og fylte vatn på flaskene. No vart det ei lengre pause i solveggen til Eikehytta.

Så var det på tide å bestemma seg for kor turen skulle gå vidare. Magnhild hadde ikkje vore lenger enn dette, så ho måtte lita på min kunnskap. Stakkar…
For eg påstod at det var lenger å gå bort til foten av Englafjell, enn foten av Manen. «Manen er rett rundt hjørna». Etter litt att og fram, enda vi på turen til Manen. Kanskje vi skulle gå ned til Husnes derifrå?














Så langt var vi strålande nøgd med turen. Målet var nådd. No skulle vi ha ei god pause, eta niste og bestemma oss for kva veg vi skulle ta ned att.


Magnhild hadde lyst å gå ned mot Husnes. Eg såg berre stein framfor meg og tenkte «må eg??» Eg synes jo allereie eg hadde brukt opp dosen med stein for dagen… Å gå ned til Padlane eller Nipen vart ikkje diskutert. Men vi kunne gå ned att til skiltet og sjå kva andre val vi hadde? Som sagt så gjort.

Eg var litt forundra over at Storhaug i Herøysundet ikkje var eit val – for skal ikkje det vera eit alternativ?? Det var uansett ikkje så ille å gå her som eg forventa, så eg vart litt meir optimistisk på at det var eit greit val vi hadde tatt. Men at det var mykje stein, det hadde eg i allefall rett i…



Om det var greit å gå her, så synes eg merkinga var litt dårleg. Vi måtte rett som det var stoppa opp og kikka rundt oss for å speida etter ein raud T eller prikk. Vi skal vera glad skodda forsvann att, ellers så hadde vi vel surra rundt der oppe enda. Noko særleg synleg sti var det jo heller ikkje i steinrøysa.
Etterkvart syntes vi at vi hadde gått vel langt utover fjellet – skulle vi ikkje snart peila oss ned mot hytta ved Svartavatnet? Vi måtte jo ha passert den for lenge sidan?

Vi burde vel brukt litt meir tid på å resonnera rundt kor i verda vi var… Vi såg tross alt rett ned i Herøysundet frå Manen. No hadde vi gått utover ei heil fjellside og hadde passert Herøysundet for lenge sida – korleis trudde vi denne stien skulle føra oss ned til Herøysundet???
Men akkurat DET tenkte vi ikkje over. «Kanskje det er dette som er stien til Storhaug?», utbraut eg. Vi hadde sikkert ikkje vore lenger vekke frå Storhaug på heile turen…
Det var ei lukka at begge var veldig einig om å prøva denne vegen – ellers er det ikkje sikkert begge hadde kome heim frå turen 😉



«Stod det noko på skiltet om at det var klatring og vi burde ha med tau??» «Nei»


Det gjekk opp for oss at denne stien måtte vera ein spøk?? Det kan umogleg vera noko som går opp til Manen denne vegen?? Denne må vera laga for å lokka dumme uskedelingar ut i uføre 😱
Det var skitlangt ned! Og det gjekk jo raskt opp for oss at etter å ha gått ut heile fjellkjeda og runda den, var vi no på veg TILBAKE heile fjellkjeda på nedsida. Er det mogleg – korleis kunne vi ha la oss lokka til dette?
Vi lo litt i byrjinga av turen då eg akka meg over å ha gløymt å ta med hovudlykt. No tok vi oss ikkje tid til meir pausar på vegen, no fekk vi peisa på så vi kom oss ned før det byrja bli mørkt.
Det er ikkje så mykje som skal til for å gleda ein på tur. Då vi endeleg kunne skimta eit skilt i skogen, tok vi nesten ein piruett i gledesrus 😀

No var vi i allefall komen ned i skogen, så då nærma vi oss sivilisasjonen. Traff på eit nytt skilt til Pila, så då var eg iallefall på ein sti eg hadde traska på før.



Det var turen sin det! Det var jo ein flott tur, om enn litt lengre enn tenkt 😀 Mykje lått og løye, galgenhumor og syting (eg stod for det siste). I ettertid kjekt å ha gått denne runden og det er ein tur vi kjem til å huska 😀Skal den gjentas? Absolutt ikkje!
PS! Bileta er ei salig blanding av mine og Magnhild sine 😀