Denne helga har eg faktisk vore ein tur utanfor kommunen igjen – på ein liten aupairreunion på Lofthus 😀
Det er skremande å tenkja på, men det er heile 32 år sidan aupairkarriera mi i Innsbruck – og sidan «Den harde kjernen» på 5 nordmenn og 3 svensker traff kvarandre 😀 I helga skulle vi 5 norske treffast på Ullensvang hotell. 2 måtte diverre melda forfall. Så no får både dei og svenskane orsaka oss – vi (Kathrine, Grethe & Anita) har no opphøyda oss sjølve til «Kremen» av «Den harde kjernen» 😉
Eg tok ut tidleg laurdag for å treffa dei to andre på Hotel Ullensvang 😀 Fekk såvidt plassert bagasjen…

Vi bestemte oss for å gå opp til Munketreppene, og la i veg.




Vi gjekk stort sett på skogsveg oppover. Og vi gjekk, og vi gjekk, og vi gjekk, og vi gjekk – skulle vi aldri koma opp til desse Munketreppene??? Det var mykje lenger å gå enn vi hadde sett for oss.



Litt usikker på kva eg forventa ang. disse trappene – kor mange variantar kan ein finna i fjellet? Dette var jo ikkje så mykje annaleis enn sherpatrappene til Skålafjell. Bortsett frå lengda då..
Ja, for her gjekk vi og, og gjekk og gjekk – og til slutt gjekk vi lei 🤣 Vi gjekk litt til og litt til for å finna ein plass å ta pause. Men vi måtte gje oss på det og – for no kom folkemengda som hadde gått Dronningstien frå Kinsarvik, på ned. Og det var reine 17.mai toget – vanvittig mengder med folk. Vi fann det enklast å snu og…

På eit punkt hoppa vi av, fann att skogsvegen…




Så var det å gå ned att heile denne vegen vi hadde gått opp. Grethe hadde nemnt Lofthus Sideri meir enn ein gong på turen, og heldigvis hadde dei ope når vi kom ned..



Ferdig bada, gjekk turen vidare langs strandpromenaden bort til Lofthus Ekspedisjon – nok ein plass Grethe hadde nemnt meir enn eingong 😀



Men no var vi faktisk slitne. Vi har jo tapt oss litt på desse 32 åra – vi held ikkje ut til den lyse morgon lenger. I allefall ikkje på Lofthus..
Vi avslutta kvelden med litt mimring og bobler på hotellet, før vi tok kvelden.
Opp og hopp, og vi møttes til frukost kl 0900, før vi sat oss ut i sola.
Der vart eg minna på enda ei kort karriere eg har hatt, moglegvis den aller kortaste…


Vi sa farvel til Grethe, før Kathrine og eg gjekk ein runde på Fruktstien.


Tilbake på hotellet, tok Kathrine og eg farvel og, før vi køyrte kvar våg veg.
Dette var ein fabelaktig tur på alle måtar. Det er ikkje ofte vi møtes, men det merkar vi ingenting til – vi er akkurat lik som når vi traff kvarandre for 32 år sidan 😀 (I allefall inni 😉) Mykje mimring, lått og løye – måtte det ikkje gå 4 år til neste gang 😀