Eg har forsømt meg 😲

I dag fekk eg melding frå WordPress om at eg har jubileum – det er 13 år sidan eg logga meg på for fyrste gang! I tillegg masa dei om at eg må huska om å betala for eit år til om eg vil behalda Bobla….

Og det var då det slo meg – eg har forsømt meg kraftig!! Influencaren i meg har ikkje influert dåke sidan september 2021!! Eg har rett og slett gått i fella og falle for fristelsen til å ty til lettvinte vegar som å bruka Instagram, Snapchat, Facebook, TikTok – ja, er det ein plass denne 52 år gamle influencaren ikkje stikk fram nasa si bortsett frå der ho høyrer heime – på Bobla???

No er eg jo heilt utav trening med å skriva innlegg på Bobla, men sidan eg vissnok har jubileum, får eg gje det eit forsøk 😀 Så får vi sjå om det blir med dette eine forsøket, eller om det no kjem innlegg som perler på ei snor – eg har jo tross alt betalt for nok eit år der eg kan knota ned om laust og fast…

I dag har eg jo faktisk kun gjort influencar ting….

Eg starta dagen med å baka knekkebrød 😀 Desse er knallgode, og gjer underverker for min mage 😀 Eg har dog ikkje glutenallergi, men har no fått eit doktorråd om at det sikkert ikkje vil skada om eg lever litt glutenfritt… Oppskrifta på desse finn dåke her: (Eg bruker i tillegg gresskarfrø i røra, og strør sesamfrø og maldonsalt på før steiking) https://www.mollerens.no/oppskrifter/knekkebroed-glutenfri/

Medan knekkebrøda stod i omnen, fann eg ut det var på tide å få på plass termometeret eg ynskte meg, og fekk til jul i fjor. Dei seier nemleg at det skal bli sol og sommer i morgon og på onsdag – det vil eg gjerne sjå før eg trur på det….

No er det sikkert ikkje ein influencarting å mekka på plass eit termometer, men å visa temperaturen der ein ferierar, for min del heime på kjøkenet per nu, er vel godkjent. Er jo faktisk ikkje så verst temperatur i dag 😀 Marihøna på veggen er forresten fake, om nokon lurer….

Når termometeret var på plass, og knekkebrøda ferdigsteikt, var det dei grøne fingrane det byrja klø i. Dvs. eg ynskjer sterkt å ha grøne fingrar, men bør moglegvis innsjå at genet kanskje ikkje er tilstades… Men eg prøver og feilar så godt eg kan. I dag var eg ute å henta noko i hagen eg kunne ha i eit par vasar på kjøkenet…

Dette er vel eit ekte influencar bilete??
Ser det ikkje så godt på bilete, men dette er ein ny, grøn vase for å matcha kjøken innredninga eg mala grøn på impuls forrige veke…
Måtte ha ein kvast i vindauga og 😀 Eg trur dette er ei planta plante, men for alt eg veit er det ugras.. Synes no dei er lite fine okkesom 😀
Knekkebrød og blomar 😀

Enda var dagen for ung for sofa og Netflix, så då heiv eg meg rundt for å ta ein liten tur i skogen og plukka blåbær. Fann ut at det var grei turtemperatur og overskya nok til at det var ein passande aktivitet.

Eg trong ikkje gå så veldig langt for å plukka blåbær – skogen bugnar av bær 😀
Eit par-tre tuer på Flåtene, og spannet vart fullt. Eg hadde tatt med feil bærplukkar, så når eg får renska vekk rusk og rask, blir det vel kun eit halvt spann med bær….
Litt av kvart oppi her – eg har ein jobb å gjera 😉

Men om eg gidd renska blåbæra i dag, veit eg ikkje. Hvis det blir så varmt og fint i måro som dei melder, er det kanskje ein passande syssel å sitja i solstolen å pitla på bær 😀

Sånn det var det eg kunne influera med i dag – baking, blomar og blåbærplukking. Ein heilt grei feriedag medan ein ventar på at sola skal titta fram att 🌞🌞

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.