På blåtur Himom 🌞🌞

Forrige helg var det endeleg tid for det eg hadde gleda meg til i fleire månader: Vårens blåtur med damene😃 Og sjølv om eg, som arrangør, visste kor turen gjekk, så hadde dei andre overhovudet ingen aning om kor dei skulle på tur ….

Dei har sjølvsagt prøvt å lokka nokre hint utav meg, men min munn har vore lukket med syv seil…Det einaste infoen dei fekk på førehand, var at vi kledde oss i dei turkleda som passa den dagen vi reiste og at vi måtte bera med oss all mat og drikke🌭🥪🍲🥛🥂 Ja, og så hadde eg ymta frampå at det kunne ha ein fordel å gå nokre rundar opp Tormod sin skogsveg på førehand – nett det får eg koma tilbake til om litt😉

Lørdag kom, og kl. 0930, plukka eg opp to spente damer😀 Forrige blåtur gjekk til Panoramahyttene på Karmøy – dit køyrte vi via Odda🤣 Eg tenkte ikkje eg kunne dra dei med på heile den runden igjen, så fyrste stopp vart ferja frå Utåker til Skånevik😀

Akkurat det berolega ikkje Ann Irene noko særleg. Ho meinte eg var truande til å køyra dei motsatt veg – og at vi, av ein eller anna merkeleg grunn, skulle tilbake til Mauranger via Odda??? Det kunne eg forsåvidt funnet på, men ikkje denne gang ..😀

Vi hadde god tid, så det var ikkje nokon grunn til ikkje å gå innom klesbutikken i Skånevik – den stoppen kosta alle damene litt pengar😉 Og sidan alle damene følte for å ta ei lita tissepause på Larsen Bakeri …

….følte vi oss litt forplikta til å handla der og🧁

Men, turen var jo nett byrja – vi måtte vidare. Turen gjekk mot Etne, der vart det ein liten Poltur – utan mat og drikke og så vidare ..😉

Ei lita stund trur eg damene gløymte at dei  var på blåtur, men då eg tok av mot Sauda i Ølen, var vi tilbake til «kor skal vi hen?» På rett veg, håpa eg, for no var vi på nye trakter for meg og😀

Eg hadde planlagt ein lunsjstopp, men ana ikkje korhen, så no måtte alle speida etter ein fin plass å stoppa….

….den fann vi på kaien i Sandeid😀
Damene fekk sjølvsagt utlevert goodiebag med litt forskjellig i, i tillegg hadde eg pakka med spekemat😀 Hardingen på biletet hadde eg handla meg i Etne – utan å tenkja på at eg ikkje eig emnene til å kunna opna den utan opnar ….
Vi hadde det framleis ikkje travelt, så vi kosa oss ei god stund i sola på kaien i Sandeid🌞🌞

Så gjekk turen vidare mot Vikedal, der hadde vi nok ein stopp og handla oss maten vi skulle ha med resten av turen. Og, det må eg seia – her var det knallfint👍 Eg er ikkje noko campingplassmenneske, men akkurat her skjønar eg at dei som er det vil ha si vogn😀

Eigentleg syntes vi det var veldig fint heile vegen frå vi forlot Ølen, og det vart ikkje mindre fint når vi fortsatte frå Vikedal mot dagens mål …

….for omsider landa vi ved reisens mål😀 Eller i allefall slutten på køyreturen – no måtte vi ut å gå🥾🥾🥾

Vi hadde kome fram til ein gård på Erøyna i Erfjord. Her parkerte vi ved ein låve, fekk sekkene på ryggen, fann ein nøkkel i eit melkespann – og så la vi i veg dit skilta viste …

….og dei viste oppover ….
….og oppover….

«Ikkje sei eg ikkje advarte dåke!», pesa eg fram, medan eg heiv etter pusten. For eg hadde jo, som eg skreiv tidlegare, ymta frampå at det sikkert ikkje var så dumt å trena litt opp Tormod sin skogsveg🤣 Den einaste av oss som hadde tatt den infoen til etterretning, var meg sjølv. Eg gjekk den eingong for nokre veker sidan, holdt på å dø, og lot det vera med den eine gongen😂

Heldigvis flata det ut enkelte plasser, og skogsvegen var jo ikkje så lang, så …
….etter vel 40 min. (med div.stopp) fekk vi auga på: HIMOM😀

Her, på ein topp, inni ein furuskog, fann vi altså dagens mål – sjå kor kul:

No kunne damene slappa av – vi skulle hverken bu i ei hola under jorda eller henga etter beina over eit juv…Nei, vi skulle rett og slett kosa oss i ei fantastisk flott hytte ….

…og fyrste stopp vart øverste altan🌞🌞

Vi var jo knakande heldige med veret🌞🌞 Det er sikkert fasinerande å sitja inne i hytta når det stormar som verst ute og, men akkurat denne gangen var vi nøgd med at det var sol 🌞

Utpå kvelden flytta vi oss ned på nederste terrasse…..
…grilla pølser og kosa oss….
…med noko godt i glaset😀

Det er ikkje heilt sommar enda, så når sola gjekk ned….

….var det vedomnen inne det måtte fyrast i. Ann Irene er fast fyrbøtar på tur.
Etter å ha satt dei til litt tvangsrydding, var dei klare til oppstilt fotografering🤣 Vi er lika forundra alle tre over denne manien min til å ha det ryddig rundt meg på tur – medan eg ikkje emnar å sjå rotet i min eigen heim🤣🤣
Opptak nr. 214….

Litt meir detaljar frå inni hytta:

Sjå denne stilige skyvedøra – miks mellom gamalt og nytt ..

…sikkert ikkje heilt ny denne heller….
…trappa laga av ein gamal miteten stokk ..
…toalettet. Eg er ganske sikker på at fargen på veggane er valgt for å passa …
…bakgrunnen på denne tallerkenen med kongeparet på🤣

Etter ein lang og innholdsrik dag, var det godt å kunna leggja seg i gode senger. Ann Irene fekk senga bak skyvedøra, medan Marit og eg fekk seng med utsikt….

Ikkje akkurat den verste utsikta å vakna til?
Strålande plass å vakna opp😀
Alle hadde sove godt, og vi kunne innta ein god frukost….
….få unna siste runde med …
….fotografering …
….før vi forlot hytta og tusla ned den bratte skogsvegen att😀

No hadde vi planlagt å ta vegen over fjellet frå Sauda til Røldal på heimveg. Den planen skar seg allereie etter få minuttar…. Vi kom til ei bru, og den meinte eg at vi måtte over for å koma til Sauda. Dei andre peika på skiltet til Røldal, som viste rett fram. Etter ein kort diskusjon, retta eg meg etter fleirtalet og køyrte rett fram. Det gjekk ikkje lenge før det gjekk opp for dei andre at vi no ikkje kom til å køyra hverken til Sauda eller over fjellet …

Men det var jo berre ei lukka at vi bomma her – for igjen så vart vi overraska over kor mange flotte plassar vi passerte😀 Og no køyrte vi ein veg vi ikkje visste om, og dermed aldri hadde kome på å køyra nokon gong ellers.

Vi svippa nedom kaien på Sand, to gonger faktisk, frå forskjellige vegar🤣 Kjempekoselig plass😀 Vi stoppa på ein bensinstasjon Her snakka Ann Irene meg vekk i frå å handla ein kyllingbaguett – for vi skulle sikkert eta i Røldal. Sjølv kom ho glisande ut med ein softis i handa. …

Vi passerte Suldalsosen, køyrte langs Suldalsvatnet – stadig begeistra over landskapet.

Vi tok ein liten stopp her …
….denne fossen imponerte ikkje så mykje nett  den dagen – det var litt for lite vatn. Men det var ein fin tilrettelagt stoppeplass😀

No vart det ikkje fleire stopp før vi enda opp med å eta middag på Røldalsterrassen. Då hadde vi kome langs Røldalsvatnet og kom ut nederst i Hårasvingane. Hadde vi køyrt vegen vi hadde planlagt, hadde vi jo kome ut øverst i Hårasvingane.

Så gjenstod berre siste etappe heim via Odda. Idet vi kom igjennom Folgefonntunnelen, kom regnet og. Så vermessig kunne vi ikkje vore heldigare med turen vår🌞🌞

Alle tre syntes vi hadde hatt ein fantastisk fin tur😀 Eg traff med valget mitt av tur denne gongen og – og då tar eg det som ei sjølvsagt ting at eg får lov å arrangera fleire blåturar😀 Himom på Erøyna kan vi absolutt anbefala å besøka👍 Eg vil faktisk anbefala heilt Ryfylke – eg ana absolutt ikkje at det var så flott😀

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.