Lærer ein alltid av sine feil??😱

Eg har igrunnen sakna litt å skriva bobleinnlegg, men det blir så fort gløymt når det er så mykje anna ein skal gjera😀 Men i går fekk eg melding frå Ann Irene om eg ville vera med til Kviteggjo på tur i dag – så det tenkte eg at kunne bli eit fint lite «blåsvekk» innlegg…..

Ja, for ei av oss hadde i allefall vore inne på yr og sjekka værmeldinga i fjellet for i dag…Men at det bles på Kviteggjo er jo ikkje noko nytt, og det er lov å snu om det blir for ille ….

Eg vart plukka opp klokka 10, som avtala. Då vi parkerte ved skogsvegen opp til Kanten, fekk Ann Irene auga på hestar som gjekk på beite opp i skogen, då forsvann hennar lyst til å gå den vegen. Eg hadde nok med å redda bildøra i vinden – «Skal vi verkeleg gå opp her når det bles slik her nede???»

Det vart vi fort einige om at vi ikkje skulle. At vi innbilla oss at det skulle blåsa noko mindre på andre sida av dalen, altså vegen opp mot Nonshaug, er meg ei gåte😅

Men, det var altså her vi bestemte oss for å gå tur, så fekk vi sjå kor langt vi kom …

Sola skein, og det var ingenting å seia på temperaturen 🌞 Og om det blas aldri så mykje, så var det heldigvis ikkje kald vind.

Denne skogsvegen, som startar rett ved sida av det gamle badehuset i Omvikdalen, er veldig fin å gå. Korte oppoverbakkar, kort mellom svingane og litt flat innimellom. Utsikt ned i dalen og inn mot Rosendal får ein kjapt.
Eg synes vi kom raskt opp hit i dag. Så raskt at det var for dumt å snu allereie her og gå ned att – turen var jo knapt byrja (bokstaveleg tala, skulle det etterkvart visa seg…)

Eg trur ingen av oss eigentleg tenkte tanken på at vi skulle gå til Nonshaug i den vinden som var i dag, men eit stykke i skogen kunne vi jo gå. Kanskje vi kom i le ein plass og kunne eta nista???

Så vi gjekk, og vi gjekk, og det bles og det bles – og vi kom ikkje i ly nokon plass 💨💨💨

Så kom vi til den berømte snøfonna – og derav overskrifta «lærer ein alltid av sine feil?» Tydelegvis har i allefall nokre av oss vanskelegare for det enn andre… Den har vi gått over før, for så å finna ut at vi ikkje turde gå same veg ned att – og enda opp med å gå heim over heile fjellet!!!!

Svupp sa det, så var eg over! Eller svupp og svupp – eg var vel nedi på alle fire og visste med eingong eg var over og snudde meg og såg tilbake, at no vart det «same procedure as every year».

No kunne jo Ann Irene berre ha stoppa på si sida og sagt «no får du berre stå der – eg snur og går nedatt», men ein forlet jo ikkje vener i nød – svupp så var ho og over….

Eg trur vi vart litt tause der vi kjempa oss vidare oppover i vinden – no visste ingen av oss kor lang turen vart, men begge skjøna at no bar det over fjellet og ned på Uskedalsida…Og kom vi til å klara det???

Det måtte vi berre, for å gå ned att her med full storm i ryggen, var aldri eit tema.

Når vi runda toppen, og nesten låg flate i vinden, skjøna vi og at å gå via Nonshaug over fjellet, heller ikkje var aktuelt.

«Vi går bort til hytta, et nista og legg ein plan». Så vi hoppa over bekken og kom inn på ein liten sti vi antok gjekk bort til den vesle hytta som ligg i dalen her.

Men, så låg vi liksom litt for lang til høgre for hytta – skulle vi ta omvegen bort dit, eller berre peisa opp fjellsida?

Vi valgte fjellsida – etter at Ann Irene hadde sjekka på UTappen kor i lende vi var i forhold til Solfjell🌞 Her er vi komen litt oppover – no måtte vi ha ei lita drikkepause + få i oss litt energi = ei kokosbolle🤣 Vi kunne fått rett inn i Kompani Lauritzen🤣

Så var det å streva seg vidare oppover. Det var forsåvidt fint og tørt å gå i lyngen, men no var vi temmeleg lei av vinden…

Ingenting å seia på turterrenget😀
Måtte over ei snøfonn til, men denne var jo ikkje skummel på noko som helst vis😃
Og sjølv om vi er fullt klar over at vi er ubrukelege som turguidar (iallefall om ruta er satt på førehand), så finn vi fram til slutt. Sjekk her – rett på varden på Solfjell🌞🌞👍
Medan Ann Irene måtte bort å fotografera, vart det stopp på meg her. Eg har vore bortom varden mange nok gonger før – eg såg ingen grunn til å krype på alle fire bort i dag. For ja, det bles slik at eg strevde med å halda meg oppreist💨💨
Dama i stormen😉

No var vi i grunnen veldig nøgde, for no kunne vi berre fylgja stien ned frå Solfjell og heilt heim😃

Men, vi hadde jo eit stykke igjen….

Svoltne hadde vi vore lenge begge to, men om vi opna sekkane nokon plass her, hadde innhaldet forsvunnet før vi ana ordet av det – med vinden altså🤣

Medan eg gjekk å tenkte «tenk å sitja i godstolen ombord i den der med beina høgt og ein paraplydrink i handa», peip det bak meg «eg vil mykje heller vera her i fjellet, enn ombord i den der».

Vi kom oss ned fjellsida, over vidda og bort til hytta på Storhaug. No var vi så slitne og svoltne, at vind fekk vera vind – her SKULLE vi ha pause😃

Åååå, det var godt med ei kvil no😃😃 Litt cola, ei bolle og ein kokosbolle til😃😃 Og sol som varma🌞🌞

Ei god pause hadde vi her, før vi måtte gå den siste, kjedelege stien frå Storhaug og heim. Ja, for akkurat den turen er ingen favoritt hos nokon av oss. Men heim måtte vi jo😃

Vi nærmar oss noko no😃 Turen ned til Ådnaklett er dryg, i dag var den uendeleg lang…

Vi var lei begge to ned denne siste fjellsida. Ryggen verka og det eine kneet byrja bli kranglete. Det positive var at det var heilt vindstille!!! Kva fader – heilt vindstille!!! Og varmt – veldig varmt🌞🌞 Nesten så vi gløymte at vi hadde streva oss opp og over eit fjell i full storm – det var meldt 26-27 ms i kasta i dag – det virka som meir🤣🤣 Og det var slett ikkje kast – men ein vegg av vind💨💨💨

Omsider skimta vi huset mitt mellom trea – for eit vakkert syn😃 Sjeldan har eg vore gladare for å koma heim enn i dag😃 Klokka var blitt 1630, så vi kan vel kalla dette ein dagstur😉

I dag har eg altså gått i frå badehuset i Omvikdalen og heilt heim over fjellet!! Det var faktisk ein tur eg aldri har tenkt eg skal gå🤣🤣

Kjem vi til å gå over fjellet igjen?? Heilt sikkert, men ikkje om det er meldt vind🤣🤣 Har vi lært noko i dag?? Vi er einige om at vi lært at passerer vi snøfonna på stien til Nonshaug att, så blir det ny tur over fjellet til Uskedalen….

Det vart ikkje heilt den turen vi planla til Kviteggjo, men pytt, pytt, vi det vart jo ein fin tur lell🌞🌞 Om enn litt luftigere enn vi føretrekk💨💨💨

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.