Anita på ein fredag….

Av og til ender ein opp i situasjonar ein eigentleg ikkje burde vedkjenna seg – og iallefall ikkje leggja ut om på nett😉Men om det kan få andre til å føla seg litt mindre dumme, så skal no eg endeleg bjuda på …

Det hendte i de dager, eller rettare sagt i dag..Kontordagen og arbeidsveka gjekk mot slutten, og eg kunne ikkje koma meg fort nok heim for å ta meg ein sykkeltur i finaveret 🌞🌞 Skulle berre nett innom Europris å handla noko til Ungdomslaget fyrst.

Eg parkerer på Europris og stikk handa ned i veska for å fiska opp lommeboka mi, men finn ingenting. Dvs. eg finn masse, men ikkje lommeboka. Hmm…Kikkar oppi PCveska for å sjå om eg har lagt den der, av ein eller anna grunn. Niks, ingenting der heller. I konsollen i bilen – ikkje der heller…Neimen, i heitaste – kor er lommeboka????😱

No måtte eg byrja å tenkja – kor har eg vore i dag? Jo, på jobb og ein tur på Europris for å handla plastkoppar og div. til jobben. Då er det jo begrensa med plasser lommeboka kan ha tatt vegen…

Eg var 100% sikkert på at den var med utifrå Europris fyrste gang eg var der. Eg fekk nemleg ein tlf. etter å ha satt meg i bilen, og veit eg skauv lommeboka vekk når eg desperat leita etter mobilen som ringte i den eine posen😀

Så då måtte vel lommeboka liggja igjen på jobb?? Det var berre å køyra tilbake og leita.

Låste meg inn i kontordelen, og raste inn på kontoret for å saumfara det. Eg har så lite kontor at om eg slår ut vingene, så kan eg meir eller mindre ta i veggene på begge sider. Det er altså begrensa med gøymeplassar der. Men noko lommebok fann eg ikkje☹️

Turen gjekk vidare inn på kjøkenet, kor eg tidlegare hadde satt handleposene i frå meg. Der for eg rundt som ein tornado, og brydde meg slett ikkje om å fortelja dei 3 framandarbeidarane som sat og åt middag om kvifor eg stod på hovudet i bossbøtta…Eg antar det var det ville blikket i andletet mitt som gjorde at dei heller ikkje spurte …

Framleis var lommeboka borte vekk!! «Men i svarte fa…!» Kva gjer eg no?

Jo, då vart det ein telefon til Europris – kunne eg surra så fælt at den låg der? Nei, dei hadde ikkje sett den.

Ja, ja, eg kunne jo ikkje nett trylla den fram heller, så då fekk eg no berre køyra opp på Europris igjen og handla (på konto) det eg skulle.

No er det no eingang slik at det var slett ikkje pengar, kort og sertifikat eg bekymra meg for. Kontantar trur eg ikkje eg har, korta kan sperrast og sertifikatet har eg lasta ned digitalt😀 Men, husnøkkelen, HUSNØKKELEN låg jo og i lommeboka!!

Men, du har vel gitt reservenøkkel til nokon? Ja, eg har jo sjølvsagt det. Både sonen i huset (litt langt å køyra å henta) og mor og far har nøkkel – til den GAMLE låsen.. Eg har nemleg skifta lås for ei lita stund sidan, og nøklar eg ikkje levert ut enda.

Men, du har vel ikkje skifta lås i kjellerdøra? Nei, der skal den gamle nøkkelen passa. Men, det er jo alltid eit men, kjellerdøra har ikkje HÅNDTAK på utsida, og kan kun opnast frå innsida!!!😱

Er det mogleg!!! No er ikkje eg nokon dreven innbrottstjuv – kjem berre på at eg har vore med å brote meg inn ein plass før i heile mitt 54 år gamle liv. Det var når eg var utvekslingsstudent i mine yngre dagar og vi ville inn å bada i bassenget på hotellet i by’dn. Det var ikkje eg som dirka opp døra den gangen, dog var eg vel med å bada…😀 Men, det er jo ei heilt anna historie..

No kom eg berre på at for å sleppa å knusa vindauga, måtte eg skaffa nytt dørhåndtak, henta nøkkel hos mor og far og så håpa at lykken står den kjekk bi😀 Måtte då ringa broderen og høyra kva type eg skulle handla. Han hadde sjølvsagt vore på leit etter rett type for meg tidlegare utan å finna det. Eg fekk berre ta sjansen på eit som såg likt ut å håpa eg fekk opna døra.

Inn på Clas Ohlson med meg. «Tar dåke Vipps?» Det gjorde dei heldigvis😀 Fann eit håndtak som kanskje kunne gjera susen, og ut i bilen att.

«Dette er heilt tullete, Anita. Lommeboka kan jo ikkje berre forsvinna!?» Eg bestemte meg for å ta turen ned på kontoret ein siste gang – kanskje om eg tok av meg brillene så ville den dukka opp….😉

Låste meg inn på kontoret att. Inn å leita – fann den ikkje. Inn på kjøkenet att – fann den ikkje. Gjekk igjennom bossbøtta eingang til, og var glad arbeidarane var ferdig med middagen slik at den seansen gjekk usett for seg denne gangen 🤣 Men ingen lommebok.

I eit siste, desperat forsøk på leiting, la eg meg ned på alle fire og kraup rundt å kikka…

Og der, DER, kilt i mellom ein skuffeseksjon, som inneheld kjeks og Toro vaffelkakemiks i store mengder, og ein liten utstikker vegg, DER låg djevelskapet utan så mykje som eit pip!!

O’store lykke 😀 No trur dåke sikkert at eg har mista den når eg har vore inne å sneke til meg kjeks? Eg plar ikkje ta lommeboka med meg på slike turar😉 Vaffelkakemiks har eg og dratt fram i dag, men plar ikkje ha lommeboka med meg på vaffelkakesteiking heller 😀 Nei, den har nok hamna der når eg tømte handleposane for glas og kaffikoppar 😀

Lykkeleg over kunna leggja vekk tanken på å sleppa å prøva å skru på dørhåndtak eller mest sannsynleg måtte finna ein måte å bryta meg inn i eige hus, kunne eg no endeleg ta helg å køyra heim 😀👍

Og til dei som måtte lura ….

…..desse trur eg ikkje hadde hjelpt meg inn🤣 Men det skal eg sjekka nærare i morgon..Trur og eg skal sykla ut til mor og far med ein nøkkel😉

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.