Vi har vel alle opplevd at ting ein startar med etterkvart ballar på seg – og det endar opp heilt annleis enn du hadde tenkt på førehand? Her kjem eit lite innlegg om korleis det, heilt typisk, balla på seg for meg….
Eg lurer på om eg har eit lite snev av «samlemani». Eg samlar ikkje på noko spesielt, men ingen som kjem inn til meg vil beskriva mitt hus som minimalistisk. Dvs. huset kan vel beskrivast slik, men ikkje innhaldet …
Når det då kjem sånne innedagar vi har hatt denne veka, hender det at eg ser meg rundt å tenkjer «No MÅ du rydda og ordna opp litt – du har jo ting OVERALT!!» Som sagt så gjort ..
Denne gang byrja eg å rydda i ein kommode. Der var det flust i huer og votter frå størrelse 0 til 100 – eg sorterte vekk dei i størrelse under 18 i allefall. Mopedhanskar fann eg – eg har ikkje moped… Div. arbeidshanskar og huer frå firma eg aldri har vore, eller kjem, til å bli ansatt i + ein gutebunad størrelse 2 år…
Needless to say, så fekk eg god plass i denne kommoden når eg var ferdig å rydda i den. Svupp, så var den full i turutstyr som ellers låg strødd hist og pist.😃
Dette gjekk jo fint, og eg hadde fått blod på tann😃 Eg forflytta meg inn på eit anna rom, og ny kommode. Denne gang sonen i huset sin. Den har eg ymta frampå at han bør gå igjennom uttallege gonger. Det er tross alt nokre år sidan han flytta heimante, og han treng ikkje ha full garderobe heime hos mor 😀 I allefall ikkje kler som hverken passar eller skal brukast meir.
Men, den er ikkje blitt rørt – så då tok eg saken i eigne hender og sorterte med hard hånd😃 Det gjorde at eg fekk ei heil rad med ledige, store skuffer. Svupp, så var dei fylt med sengekler som ellers låg der eg fann det for godt å leggja dei. Det var no det byrja balla på seg ….
For som forventa, så fann eg no at eg hadde diverse dynetrekk som ikkje hadde matchande putetrekk og omvendt. Det er vel det vanlege med at ting forsvinn i vaskemaskina, og i mitt tilfelle har vel nokre av delene moglegvis flytta sørover og. Nokre sengekler hadde nok og sett betre dagar. Det var rett og slett på tide å handla litt nytt – slik at eg fekk enda meir å fylla i kommoden 😱
Heldig som eg er, oppdaga eg at Kid hadde 50% avslag på sengekler no, så då gjekk turen dit etter jobb i går. Eg fann sengekler. MEN, dei hadde jo ikkje berre laken og anna sengekler på salg….Hotellputer 2 for 1. Hmm …eg har ikkje sengegavl (har aldri sakna det heller). Kanskje 2 hotellputer er kjekt å ha? Dei vart lagt på disken i lag med det andre. Og så måtte eg jo ha putetrekk til dei og😉 Glad og nøgd kunne eg vandra ut i bilen med ein diger KIDpose som eg nesten måtte bera med begge nevane – bankkortet var atskillig lettare, då…
Vel heime skulle eg pakka herligheita utav plasten, men då vart eg skuffa☹️ Det var diverse hol i begge putene, og fyllet spratt ut☹️
Fyrste ting på programmet i dag vart difor ein ny tur på KID. Eg fekk sjølvsagt tilbod om nye puter, men etter å ha opna 3 til med hol i, fann vi at her var det berre til å fjerna alle i stativet. Desse kan dei jo ikkje selgja lenger. Eg kan ikkje seia om dei har vore uheldige med batchen dei har fått, eller om det er kvaliteten. SÅ billige var dei ikkje at dei skal gå i oppløysing….
Men no ville jo eg framleis ha puter. Dei eg hadde kjøpt i utgangspunktet var halvhøge og syntetiske – alternativet no vart høge dunputer. Eg tok dei, og betalte mellomlegget..


Hold an, hold an!!! Kva var det eg valgte meg til julepresang hos jobben forrige jul?? Vi hadde mykje vi kunne velgja i, sengekler f.eks., men kva valgte eg???

Eg hadde vel ein ide om å donera den til Fjelly, men, så vidt eg kan finna ut, treng den nett å kobla seg opp mot. Det er ikkje nettilgang på Fjelly, så hittil har den stått å samla støv i ein krok.
Men, no rota eg den fram, og fekk den kobla på nett for å sjekka om den funka…

Så, no har eg gått i frå å rydda ein kommode, til å kjøpa nye sengekler og puter – til å få kino i senga! Det einaste som manglar no….

Eg er veldig redd dette ikkje er slutten på denne historia. Det hadde nemleg passa betre å sjå film på veggen bak meg, men senga er for stor til å gå inntil veggen med vindauga …Men strengt tatt er jo den og moden for utskifting ……