Buarbreen 🌞🌞🌞

To veker sommarferie er unnagjort – ei veke igjen 😃 Nokon har kanskje ikkje starta sin ferie enda, og lurer på kva dei skal finna på når det vert deira tur. Her kjem difor eit fint tips: Ta turen til Buarbreen ovanfor Odda 🌞

Eg vil anbefala å starta turen tidleg – det blir travelt både opp og ned stien til breen utover dagen.

Ein kjem inn til ein liten parkeringsplass ved enden av dalen. Om den er full, kan ein køyra inn til den nye Buar restauranten. Vi var så tidleg på plass, at vi kunne parkera på fyrste parkeringsplass 😃
Så la vi i veg i fint sommarver 🌞
Stien, for det meste stein og berg, går stort sett i skog heilt opp til brea. Bursdagsbarnet med flagg i taska 😃
Ein kan treffa på eit og anna villdyr ein må passera på turen 😉
Ann Irene og eg har gått denne turen før. Då syntes vi det var så artig at vi måtte dra oss opp etter tau nokre plasser. Vi må ha vore unge og spreke den gangen – for no syntes vi turen var både brattare og at det var meir klatring i tau enn vi huska frå sist gang.
Etterkvart får vi auga på målet 😃
Diverse små bruer må ein over på turen
Utsikt ned Buardalen

Det var meldt sånn delvis overskya denne dagen, så då rekna eg med det skulle gå greit å gå turen for min del. Men det var ikkje mykje overskya, og inni skogen vart det VARMT 🌞 Det koka etterkvart i hovudet, og eg måtte setja ned farten. Sol, varme og tur kan fort føra til dundrande hovudverk for min del. Men sakte, men sikkert nærma vi oss brea…

….og utsikta no var det jo ingenting å seia på …
….heller ikkje humøret ..
….litt meir klatring….
…og når ein har klatra denne, er ein så og seia oppe 😃
Ein nøgd gjeng framme ved Buarbrea 🌞

Det bles kald vind her oppe, det gjorde det sist gang og, så det er sikkert heilt vanleg. Det gjorde ikkje meg noko – eg trong å kjøla meg ned 😉 Men vi måtte leita litt i fjellsida for å finna ein plass å eta nista og feira litt at Ann Irene fylte år denne dagen 🥳

…klar for både bursdagsfeiring og Festidalen seinare på kvelden 😉
Etter litt god mat og drikke …
….og litt meir fotografering ….
…var det berre å klatra ned att 😃

No var vi komen litt ut på dagen, så det byrja bli folksomt både opp og ned stien. Her kom det folk i alle variantar og verdshjørner 😃 Det var mange språk å høyra. Så eindel stopp for å gje plass og sleppa forbi folk, vart det på veg ned. Det gjorde ingenting – vi hadde det ikkje så travelt …

Eg prøve å få gjengen over denne …
….men no var vi så varme at vi brydde oss ikkje om vi vart litt våte på beina 😉
Vel nede att, tok vi lunsjen på den nye Buar restauranten. Ein fantastisk plass! Eg er litt forundra over at ein i våre dagar opnar ny restaurant utan vegetaralternativ på menyen, men det er berre til å spørja, så diskar dei opp med noko godt. Eg har tidlegare fått kjempegod vegetarburger her, denne gangen fekk eg steikt grønnsaker i ei kraft 😋
…Marit prøvde ostefatet 😃
Eit siste blikk mot brea før vi klarte på heim att for å gjera oss klare for å innta Festidalenjordet 🎶🎶💃💃😃😃

Dette er ein veldig fin tur, men ein må rekna med eindel klatring og gåing på stein og berg 😃

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.