Eg gjekk meg vill…

…..i eigen bakgård.. Det høyres ut som ein metafor for eit slikt innlegg der eg utdjuper at «eg har vore på feil veg i livet, men no har eg funnet meg sjølv». Men, nei – eg gjekk meg bokstaveleg vill i skogen bak huset i dag….

Er det mogleg?? Ja, sanneleg det sier jeg eder – det er fullt mogleg… Slik gjekk det til:

Eg skulle berre ein liten tur til Ådnaklett for å sjå om eg kunne løysa opp ein kronglete korsrygg som har plaga meg den siste veka.

So far so good

Det gjekk ho forholdsvis greit å koma opp der, så kanskje eg skulle gå litt lenger? Eg kom på at det er blitt meg fortalt, opptil fleire gonger, at det skal gå ein alternativ sti til Middagshaug. Eg har og fått sånn omtrentleg info om kor den startar. Så den fann eg ut at eg skulle finna og fylgja i dag.

Eg gjekk opp dit eg trudde stien skulle starta, og jepp, der gjekk det ein sti 😃 Ikke så veldig synleg, men ein sti var det.

Så no la eg då ut på eit nytt eventyr. Noko av det fyrste eg måtte gjera var å bøya meg ned under ei gran som låg over stien. Då eg endeleg klarte å bretta meg ut att i oppreist stilling, såg eg ut som ei nåleputa med håret full av barnåler….

Ganske tidleg måtte eg over ein bekk .

Stien fortsatte langs fjellsida, og tidvis var det faktisk litt bratt om ein skulle snubla og trilla nedover…

Utsikt frå ein litt anna vinkel enn til vanleg 😃
Det var vel her eg valgte å senda melding til folk om at eg hadde funnet den «hemmelege» stien til Middagshaug.

Det var jo altfor tidleg å senda slike skrytemeldingar, altfor tidleg….

Men eg trur eg framleis var på rett sti – for dette må jo vera eit slags teikn? Så vidt eg veit, veks ikkje stein på trer ..

Eg vandra vidare, framleis ved godt mot og i tru på at eg snart var oppe på Middagshaug.

Så kom eg ut i ei lysning – og frå no av tutla det seg til for meg ..

Her forsvann nemleg stien for meg – eller eg forsvann frå stien. Eg gjekk framover, bakover, litt oppover, litt nedover. Tidvis trudde eg at eg var på rett sti, så forsvann den igjen. Eg måtte fram med kartet og sjekka kor eg var. Framleis kunne det sjå ut som om eg var på nokonlunde rett plass, men kor gjekk den pokkers stien vidare???

Eg surra ikkje rundt fullt så lenge som Moses i ørkenen, men til slutt syntes eg at no fekk det vera nok. Heilt bortreist i geografi er eg jo ikkje, så eg klauv på opp og satsa på at eg då måtte treffa nokonlunde. Igjen traff eg på noko som likna stien, denne gongen ignorerte eg den, og klauv vidare…

Aldri har eg vore så glad for å sjå denne varden som idag!
Endeleg oppe 😃

No var eg våt som ei kråka – irritert som eg var på meg sjølv, hadde eg ikkje tatt meg tid til å ta på meir kler når regnet kom. Men det er rart kor fort ting snur – no var eg stolt som ein hane og kunne kle meg om. Det tok ca. 2 sekunder – for her var det så jæksla mykje mygg, att her var det berre å ta beina på nakken og koma seg på heim 😃

Eg tok den vanlege stien heim, altså. Eventyrlysten var metta for i dag. Eg gjekk heimante sånn ca. kl 1530 og var heima kl 1900!!! Etter å ha gått tur bak huset 🤣🤣 Hadde det ikkje vore for at skogen er full i trer, hadde eg sikkert kunna sett heim heile turen ….

Vi må vel nesten konkludera med at det ikkje er EG som skal vera turleiar neste gang vi skal leita etter denne stien…Ja, for eg antar at det kjem til å bli ein neste gang 😃

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.