Nydeleg dag på fjellet 🌞🌞❄️❄️

Det går veldig i rykk og napp med denne Bobla – ser eg har ikkje laga noko innlegg sidan eg var på padletur i sommar. Padletur har eg ikkje vore på i dag, men turen i dag fortener og eit innlegg her på Bobla 🌞

Dei som føl litt med her og der, veit at vi har fått støtte til ny vedomn på Fjelly. Omnen er kjøpt inn, og har stått på lagring i garasjen til Hans Ordin i påvente av at det skulle bli ver og føre til å få den opp og over fjellet. Det er det no 😀

Forrige helg vart omnen frakta til endes av Pålavegen med traktor – i dag passa det å få den vidare med snøscooter ned til hytta.

Vi hadde i fyrst tenkt å gå opp på Fjelly fredag kveld og overnatta – og såleis stå klar til å ta imot omnen når den kom. Men, når meldingane vise at det skulle bli minus 11 grader, slo vi det frå oss. Vi hadde jo ikkje fått opp varmen i hytta til eit leveleg nivå før på morgenkvisten 😉

Så då var det berre å stå opp tidleg i dag, kle seg for ein kaldt tur opp fjellet – og tråkka avgårde opp Pålavegen.

Ok, vi juksa litt og køyrte opp til sving nr. 2 og gjekk til fots derifrå. Hardt og godt føre å gå på. Og sjølv om det ikkje det ikkje er daglegdags for A. Enæs å kle seg ut som Michelinmannen for å gå fjelltur i -10 grader kl 0900 om morgonen, var eg glad for at eg gjorde det i dag 😀 For det var ein magisk morgon. I retning Fjellandsbø var himmelen gul, i retning Skorpo var den rosa.

Hans Ordin og Magnhild i fint driv opp Pålavegen..
Sjå kor flott utsikt mot Fjellandsbø!
Nydeleg utsikt mot fjorden og 😀
Vi seig sakte, men sikkert oppover…
Traff på han her som såg ut til å frysa meir enn oss 😉
Og her, i enden av vegen, låg omnen å venta på skyss vidare 😀

Vi stod litt her og venta for å sjå om snøscooteren kom, men vi høyrte ingenting. Og når den ikkje kom til avtala tid, visste vi at dei ikkje trong vår hjelp her – så då kunne vi fortsetja turen til Fjelly 😃

Humøret var på topp 😃👍
Vi er på rett veg 😀 Som om vi skulle gått oss vill her, liksom…

Om det var fint å gå opp Pålavegen, vart det ikkje mindre fint oppå fjellet…

Fjelly i sikte 😀👍
Damene raska over isen bort til hytta i dag 😀

Og medan nokon hasta inn i hytta, fekk på gassomnen og fekk fyr i omnen i håp om at det skulle bli iallefall ei lita lunk – fann andre seg arbeid ute …

Det kom varm røyk frå denne – og frostrøyk frå oss 😉

Så var det berre å prøva å få varmen i tærne att medan vi venta i spaning på at omnen skulle koma over fjellet….

Dette ruklet har snart sett sine siste dagar 😀

Det tok ikkje veldig lang tid….

…før vi skimta….
…og høyrte snøscooteren….
Og her kom Steinar og Pål med det nye vidunderet vårt 😀 På tilhengeren, altså – vi har ikkje fått oss hund…
Det er ein tung koloss, men det var jo sterke folk som var på fjellet i dag (😉), så det gjekk igrunnen leikande lett å få omnen inn i hytta 😀
Desse to gjekk raskt til verks med å pakka ut vidunderet …
…ein snedden, mørk italiener 😃
Snart blir det pizza og rundstykker servert på Fjelly 😀😀

Lengre enn dette kom ikkje omnen i dag. No må pipa få seg eit strøk maling og den gamle omnen demonterast, før den nye kan setjast skikkeleg på plass. Vi satsar på at vi skal rekka på dette i januar. Fjelly bli no stengt for utleige inntil denne jobben er gjort.

Men fekk vi opp varmen i hytta? Det var minusgrader inne når vi kom – det la seg is på vatnet vi sat fram til hunden 😱 Men så steig temperaturen til 2 grader, så til 4 – og så veit vi ikkje heilt kva som skjedde, for brått visste det 11-12 grader 😀 Då syntes vi eigentleg det var varmt nok til å kasta jakka 😀

Vi hadde ein liten plan om å tenna i bålpanna å grilla pølser medan vi var her oppe. Men, når vi endeleg hadde fått litt varme i hytta, freista det ikkje å gå ut att …

…så då fekk den gamle omnen gjera litt meir nytte for seg 😉 Så får Hans Ordin ha oss unnskyld for at vi lot han jobba med å grava fram bålpanna til inga nytte…

Så då vart vi mette og før vi pakka saman og tok fatt på heimturen.

Sola når ikkje Fjelly enda, men det er sikkert ikkje så lenge til 😀
Vi bestemte oss for å gå heim via Klepp – då måtte trugene på….
…noko eg sjølvsagt behersker så godt att eg måtte ta ein liten dans …
Vart sol i dusken i dag 🌞🌞
Vi har sjekka oss i Postkassetrimmen på Klepp …
….så då gjenstod berre siste etappe nedatt til bilen 😀
Desse tre blidfisane hadde ein strålande dag på fjellet i dag 😀🌞

No gledar vi oss berre til å få den nye omnen installert i hytta slik at vi kan invitera dåke inn i varm hytte og servera noko nysteikt å bita i 😀😀

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.