Den Lille Gule har lege i kjellaren og lengta etter å kjenna vatn under kjølen att altfor lenge – så no var det på tide å koma seg på kajakktur igjen 🌞
Det var søndag og nok ein dag med strålande sommarver – den siste på ei stund, i fylgje vermeldingane.
Som regel likar eg ikkje å padla lengre turar aleina, men nett å sulla langs land litt her og der går greit 😃

Det var stille og fint på fjorden. Ein og anna båt for forbi, men dei laga ikkje verre bylgjer enn at eg klarte å surfa greit på dei 😃
Eg runda Børnes, padla forbi Brødrene Hjønnevåg, forbi ein båt som lasta tømmer, og vidare forbi Mørkevågen. Dette gjekk ho veldig bra – ikkje streika ryggen og armane føltes greie. Det var framleis lite anna båttrafikk – skulle eg peisa over til Skorpo der det var kortast veg over??



Så då sat eg der og duppa i sjøen, medan eg fikla, djupt konsentrert, på mobilen. Brått blir eg var ein lyd på styrbord side (ja, eg har googla for å ikkje få kjeft av han far) – som om noko stort nærma seg …
Og kva gjer eg no? Her ligg eg heilt i fjellveggen og duppar…Kjem det store bylgjer frå denne, kjem eg til å bli kasta i fjellveggen med eit brak og kasta ut att som eit prosjektil!! (avstanden er nærare enn det ser ut på video/bileter) Samstundes som eg tenkte dette, var det sjølvsagt viktig å sjå kul ut, vinka til dei som stod ved rekkja, og filma med mobilen 🤣 (inntil det dukkar opp bileter tatt av gjestene ombord av eit vettskremt andletet i ein gul kajakk, er dette historia rett fortalt 😉)
Slik er det blitt – sjølv om ein har dødsangst, legg ein ikkje vekk mobilen 🤣🤣 Men så var det på tide å leggja den vekk og konsentrere seg om å overleva støyten med bylgjene 😃 Eg rakk akkurat å få snudd kajakken nokonlunde rett ut i frå fjellveggen, padla nokre tak ut mellom steinane eg låg imellom, før bylgja traff meg. Ja, for det kom heldigvis berre ei bylgja. Ei stor bylgja som skylla over kajakken og nesten kvalifiserte til årets fyrste bad… (eg padlar utan padleskjørtet på.)



Eg la Hurtigruta bak meg, eller framom meg, og kunne no padla vidare langs Skorpefjellet. Men no hadde båttrafikken tatt seg opp, og det vart mykje uroleg sjø. Då er det rett og slett ikkje så artig å padla. Ikkje kan ein padla inntil land, for det slår bylgjene ut att, og ikkje vil ein padla for langt ut i fjorden, for det er ikkje alle som tar hensyn til ein kajakk på havet… I tillegg vart eg litt bekymra for korleis eg skulle klara å koma meg over på rett sida igjen, utan å bli rent i senk ..
Så eg padla kun eit lite stykke før eg snudde og padla tilbake for å sjå om eg fekk kryssa fjorden igjen. Hurtigruta hadde nok dratt med seg litt båtar, for då eg kom tilbake der eg skulle kryssa, var det relativt roleg igjen. Så, eit par krafttak til med åra, og eg var på rett sida att 😃
No kunne eg padla langs land heimover att 😃






Timinga på turen vart heilt rett – i det eg kom i land blas det opp og det vart skikkeleg uroleg sjø ei stund.
Veldig nøgd med årets fyrste kajakktur – (både rygg og armar tålte turen) tok eg rett og slett årets skikkelege fyrste bad i stranda 😃 Sjølvsagt etter fyrst å ha vitne på at eg kom tørr i land i frå kajakkturen 😉