Velkomen til Anitas boblekjøken 😀 Eg var så heldig å få plukka litt ramsløk frå ein hemmeleg plass (vi oppgjer ikkje fiske-/sopp-/ramsløk plassar, har eg skjøna), her om dagen…
…. og i dag var det på tide å kokkelera noko av denne. Ramsløksalt og ramsløksmør googla eg meg fram til at skulle vera ganske enkelt å få til 😀


Så skulle eg eigentleg bruka blender og kutta ramsløken opp i enda mindre bitar. Men ingen av mine blendarar ville kutta ramsløk – eg måtte gje meg på det når det byrja komma røyk i frå både blender og innhold 🤣 Dermed måtte eg berre blanda det eg hadde av ramsløk i lag med maldonsalt og prøva å ha det i lag i blendaren. Det gjekk litt betre, og eg fekk ei grei blanding…





Medan saltet stod i omnen…






Eg er veldig nøgd med dagens kokkelering, eg.
Sopp, blåbær, bjørnebær, ramsløk – eg kan jo snart slutta å ha med meg nista på tur og leva av det eg finn i skauen 🤣 Kva blir det neste? Ekornfelle??