Fin rundtur om Bremstølen!

Det nye året har vermessig starta mykje betre en det forrige året slutta 🙂 Kaldt, fint og sol – ja, ikkje på Eik då, men ellers rundt omkring skin sola både her og der…I går bestemte turfylgjet mitt og eg oss for å ta søndagsturen i Husnesfjella. Eg plar gå til Bremstølen i frå Stripo, evt. skogsvegen ovanfor Husnes Motor, men i går bestemte vi oss for å prøva turen i frå Hellandsbrua. Ingen av oss hadde gått denne vegen før, så vi starta turen på nye stiar 🙂

A

Det er ikkje berre Bremstølen ein kan nå herifra 🙂

Det var veldig fint å gå denne vegen. Litt flatt og slakt til å byrja med før det gjekk oppover. Stien var tørr og fin og passe kupert. Etter ei stund byrja vi koma høgare opp, og då byrja vi å få utsikt og..

C

Kikkar ned på Hydro Husnes innimellom trea.

E

Her fekk ein utsikt nesten heilt ut i havgapet.

F

Rett og slett vakkert 🙂

D

Byrja å pusta tungt her – har blitt mykje sofasitting i jula 😉

Som dåke ser av bileta så kom vi opp i snø og is – det hadde vi ikkje trudd då vi starta turen. Akkurat det med is blei litt utfordrande enkelte stader då det etterkvart var litt berg rundt oss. Men det var berre å kikka seg litt rundt og går litt utanom stien, så gjekk det fint.

B

Nesten heilt oppe på toppen dukka denne velte idylliske hytta opp. Den er nok ikkje open for alle – i allefall var ho låst då vi kom forbi.

G

Kaldt nok til at elva har byrja frysa til når vi nærma oss toppen.

Endeleg oppe – eg synes det tok litt lengre tid enn eg hadde trudd – var det flatt bortover til Bremstølen. Vi måtte over brua for å koma på rett side av elva.

H

Biletet er tatt midt på brua.

I

Endeleg kom vi i sola 🙂 Og vi måtte sjølvsagt skriva oss i boka 🙂

J

Kan jo nesten ikkje få det vakrare enn dette 🙂

Om det var aldri så mykje sol på Bremstølen, så var det dessverre isande kald vind der 😦 Vi tok oss kun tid til å skriva oss i boka og fotografera litt før vi snudde nasen nedover skogen igjen….

K

Utsikt i frå Bremstølen.

Vi bestemte oss for å gå ned igjen på denne sida – slik at vi kom ned ovanfor Husnes Motor. Stien her var mykje våtare og meir isete enn stien vi valgte å gå opp, så vi burde kanskje ha gått ned andre vegen likevel.

Men, men, vi fekk oss ein fin rundttur og kjem nok til å gå her fleire gonger. Ein tur eg absolutt kan anbefala 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.