Gosjameg for ei flott helg!!!

I bursdagspresang i frå kusine Klara (+Jan) og Anne fekk eg i år ei helg på høsttur i Gjetingsdalen. Eg har gøymt kortet kor turen er beskriven på ein så lur plass at eg ikkje finn det igjen, så eg huska ikkje heilt kva eg var lova. Dei som skreiv kortet huska heller ikkje kva dei hadde planlagt, så dette kunne jo bli spanande. Det vi var samde om var at det var lova lavvoovernatting. Det var sikkert ein lur ide då dei kom på det, men no når nattefrosten gjer seg gjeldande vart turen oppgradert til hyttetur i Nordalen 🙂 Der har eg ikkje vore sidan eg var 13 år, så det sa eg ingenting på 🙂

Litt bange anelsar fekk eg då eg fredagsettermiddag fekk beskjed om at eg kom til å bli plukka opp av ein blå bil i stadenfor Anne sin. Desse kusineturane har ein tendens til å få ein eigen tvist – som uansett gjer at vi endar opp på Varaldsøy… Eg tenkte då at «no skal du sjå at Jan snart står på trappa og seier eg må skunda meg for vi må rekkja ferja»… Riktignok var det Jan som kom og henta meg, men noko ferja påstod han vi ikkje skulle med. Eg var likevel litt usikker på det då han stoppa i Rosendal for å kjøpa seigmen – vi veit alle kven han ha ei eiga seigmanpakt med på Øyo…

Men forbi Årsnes for vi og då rekna eg med at Gjetingsdalen var målet likevel 🙂 Dei andre kusinene kom i frå Haugesund og Sveio denne ettermiddagen, så dei møtte vi i Mauranger. Medan Klara og Jan tok på seg jobben med å skrella 4 bøtter poteter før dei kunne ta ut på turen, køyrte Anne og eg inn i Gjetingsdalen for å gå i forvegen inn til hytta.

No var det blitt stummande mørkt og eg byrja jo igjen å undra meg på kva plan dei hadde for meg denne helga? Eg hadde fått beskjed om at eg ikkje trong ta med meg mat…det var mørkt som i grava, men dei hadde ikkje sagt at eg måtte ta med meg houvudlykt, (men det hadde eg faktisk huska på sjølv) – hadde dei planar om å kvitta seg heilt med kusine Anita??? La ho gå utfor ein skrent og forsvinna i evigheita?? Ja, ja, eg kunne jo ikkje gjera anna enn å gå to skritt bak Anne og håpa at ho guida oss fram til hytta.

Og det skal ho ha – flink å finna stien var ho, for inn til hytta kom vi 🙂 Fyr i omnane vart det og lys i krik og krok.

51

No var det berre for oss å slengja beina på bordet og kosa oss til resten av turfylgjet dukka opp.

Kl. var ca. 22 då vi ankom hytta. Litt før kl. 23.30 fekk vi auga på to hovudlykter til som kom dansande nede ved myra og nokre minuttar seinare var alle på plass på hytta. Litt snacks og god drikke og før vi visste ordet av det var det blitt langt på natt og på tide å finna køyen.

Neste morgon vakna vi til strålande høstver og sola var allereie på veg nedover fjellsida. I det vi sat og åt frukost kom sola på hytta og 🙂

A

Sjå kor flott! Til høgre utsikta i frå utedoen 😉

Medan Jan hadde planar om å jobba litt med motorsaga denne dagen, bestemte vi damene oss for å ta ein tur opp på Storafjell.

46

To systre og tre hundar på veg mot Storafjell.

45

Oppe! Nøgd både Keila og eg 🙂

B

Sjå kor flott det er på toppen av Storafjell!!

Ja, her var det nesten for flott til å vera sant – og enda betre vart det då vi kom bort på kanten og kunne kikka mot Bondhusdalen…

C

 ….eller kva synes dåke?

40

Litt vanskeleg å sjå med sola mitt i mot men her ser ein altså Folgefonna langs heile fjellkjeda!

23

Ser det kanskje litt betre her – aldri har eg sett så mykje av Fonna på eingong!

Her måtte vi sjølvsagt finna oss ein fin plass å sitja medan vi naut sola, utsikta og noko godt medbrakt…Sanneleg det seier eg Dykk- dette er fyrste gong eg har fått servert Mojito frå kartong på fjelltur!! 🙂 Ikkje berre smaka det fortreffeleg – vi fann ut at den fungerte som eit kinderegg. Kartongen kan brukast til å fyra opp bål og posen inne kan ein blåsa opp og ha som hovudpute!!

28

Ein liten knert hostesaft måtte og til 😉

Og medan vi sat der og kosa oss, slo det meg kva eg eigentleg sat og såg bort på:

24

Der borte har eg jo vore!! Det er jo der Stian og eg gjekk på bretur i fjor sommar! I år ser det ut som om brea er dekka av snø, men i fjor sommar var isen framme. Her er referatet i frå den turen: Blåistur i Juklavassbreen

Eg veit ikkje kor lenge vi sat her og kosa oss, men då vi byrja sjå…

25

…denne hjorten sprinta forbi, fann vi det best å koma oss attende til hytta 😉

Og heldige oss – Jan var tilbake i frå jobb og hadde fått fyr i utepeisen..

22

…kor vi grilla oss nokre ventepølser, for til kveldsmat….

20

…diska vertskapet opp med hjortegryte m/sjølvskoten hjort! Altså vertskapet hadde skote hjorten sjølv, ikkje hjorten..

Løye kor segen ein kan bli av litt friskt luft, god mat og drikke – denne kvelden var vel samtlege eigentleg klar for køyen allereie kl. 20, men vi klarte å hala det ut til borti kl.22 før vi gav opp..

Då skulle ein tru at vi var kjapt oppe søndag morgon, men jammen klarte vi å sova frampå såpass at sola faktisk var på plass på hytta før vi sat med frukostbordet. Jan hadde planlagt litt jobbing denne dagen og, vi damene skulle berre slappa av i sola ved hytta.

16

Hyttevertskapet! Ser ut som eit gamalt postkort dette – mannen skal ut på jakt og kona sit i hytteveggen og strikkar 😉

D

Saft suse, vi hadde det fint i hytteveggen! Kusine Klara er jammen ikkje snau, ho diska til og med opp med perfekt, nybaka browniekake med vaniljesaus til 🙂

13

Eg måtte nett opp på ein liten topp og ta eit oversiktsbilete….

11

….og to.

Omsider var det på tide å pakka i sekkene igjen og byrja på heimturen, sjølv om vi ikkje hadde mykje lyst til det når vi hadde det så fint.

E

Framleis sol og fint når vi byrja på turen heimatt.

10

Tilbakeblikk inn på hytta i Nordalen.

5

Kosa seg hundane og 🙂

3

Gløymte å spørja kva vatnet heiter, kanskje noko så enkelt som Nordalsvatnet??

4

Her er noko ein ikkje ser for ofte – ripsbærbusk til fjells! Visstnok onkel si forteneste.

1

Nærmar oss bilane og sivilisasjonen igjen no…

56

Ein liten tur nett opp å kikka inn i lavvoen før vi sat oss i bilane 🙂

Og no skulle ein tru at det var slutt på denne turen, og det var det jo for så vidt og, men måtte fotografera litt til då vi hadde ein liten pittstopp i Nordrepollen….

52

Kanskje ikkje verdens navle, men jammen har dei…

53

…..utsikt så det held!

Snipp, snapp, snute så var den helga ute! Fantastisk flott – eg skal leva lenge på denne 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.