Blåbærpiken i arbeid!

Då var det tid for steg 2 i Anitas blåbærlikør laging..No hadde syltetyglasa med godsakene på fått stå og godgjera seg i kjellaren nokre veker, og det var på tide å sila av bæra og få det flytande over på flasker. Så langt som til flasker hadde eg faktisk gløymt å tenkja, før eg ved ei tilfeldigheit kom over desse fine typane på FK butikken:

Blåbærlikør

Sidan dette ikkje er ulovlege greier å driva på med, fann eg ut at eg lika greit kunne ta med meg griseriet ut på plenen og styra på det der. Så medan andre står å putlar og bryggjar i bortgøymte kjellarar og andre mørke krokar, stod eg i fullt dagslys, godt synleg for dei fleste som skulle koma forbi og putla på med min likørfabrikk…..

Klar til dyst!

Og at dette er putlearbeid er sikkert og visst! Eg trudde det skulle gå som ein leik å sila dette gjennom kaffifilter/kjøkenhandkle, men det gjekk jo i sirupfart – ja, enda tregare faktisk.

Som å sjå maling tørka..
Som å sjå maling tørka..

Men omsider var alt ferdigsila, og spriten komen på flasker m/sukker. Litt risting på flaskene no og då frametter til sukkeret har oppløyst seg, så kan flaskene få stå i ro til bortimot jul. Mmmmm….dette BØR jo bli drikkande, altså!

Klar for lagring!

Så lurar dåke sikkert på kva eg gjorde med bæra eg sila av??? Jo, eg prøvde å kneppa utav dei så mykje væske som mogleg – eg måtte jo få med meg eh..vel..så mykje smak som mogleg 😉 Resten såg ikkje fristande ut å bruka til nokon ting som helst, så dei hamna i buskaset. Så i kveld kjem det vel til å bli eit fæla styr med dyrelivet på Eik…. Nokon har viss byrja festen og fått opparbeida seg eit voldsamt mot allereie. I stad fann eg ein katt som stod og såg på meg med store (mogleg bedugga) augo  oppe på loftet på soverommet mitt!!! Eg har ikkje katt….

Men no skal likør få vera likør og katt vera katt – eg skal pakka sekken min for nok ein tur ut i det fri. I natt arrangerar #friluftslivet 2015 nok ei #nattinaturen, og det må vi jo vera med på 🙂 I natt skal vi prøva lavvolivet i stadenfor telt, så det blir ei ny oppleving. Satsar på at det blir bra 🙂

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.