Det har ikkje skjedd noko nytt med den nye omnen på Fjelly sida forrige innlegg. Fleire helger på rad har vi vore klare til å ta ut på hyttetur, men veret har rett og slett ikkje vore med oss ☹️
Denne helga viste vermeldinga at det skulle vera greit ver på fjellet – dog med vindkast på 23-26 m/s 😱 Men no lot vi oss ikkje stoppa! Vi er tross alt ikkje nokre småjenter, og med ekstra store og tunge sekker på ryggen, skulle det litt meir til for at vi skulle bli blåst av fjellet….

Eg kryssa både bein og fingrar for at det var køyrt opp snøscooterspor – og takk og pris, det var det👍 Eg må vel vedgå at eg hadde måtta tatt i bruk «det er ingen skam og snu» hvis eg hadde måtta tråkka spor opp fjellet.





Vi trudde turen opp skulle vera den hardaste. Det var den vel og forsåvidt, men turen ned til Fjelly var den mest ufyselege. Vi hadde ikkje lenger scooterspor, vi fekk kraftig motvind, brillene dogga…Men dette var eit kort stykke, og endeleg…

-5 grader viste det INNE i hytta, så det var berre å fyra i både ved- og gassomn.

Vi var jo her av ein grunn, og medan vi venta på at det skulle bli varmt i hytta, var det like greit å starta jobben fyrst som sist …




Temperaturen steig i hytta – fyrst måtte ullgensaren av, så forsvann dunskjørtet, av hensyn til Magnhild måtte eg behalda ullundertøyet på 😀 Når temperaturen viste mellom 16 og 20 grader (alt etter kva ende av hytta ein var i), slutta vi å fylgja med. Det virka som om all fuktigheten i hytta samla seg på pipa, så det tok ei stund før den vart tørr nok til å byrja mala eit strøk.
Det kjedelege var at solcellepanelet ikkje funka, så vi hadde ikkje noko godt lys. Det er koseleg med kubbelys og telys – men det er ikkje noko lys å mala i ….


Før vi tok kvelden, måtte vi henta inn meir ved frå vedskjulet. Vi vart litt overraska då vi opna døra og trødde ut – det var heilt vindstille 😀😀 Ja, så fint var det ute no, at eg nekta å gå inn att 🤣
Eg har jo pådratt meg eit snømåkesyndrom i vinter – ser eg snø, skal det måkast! Så no tok eg fatt på…..

Vi hadde ein plan om å prøva å halda vedomnen i gang i løpet av natta. Eg er usikker på om om vi fulgte den, men eg heiv meir ved inni kl 01, Magnhild kl 03, så rørte vi vel ikkje omnen før vi stod opp i halv 8- tida. Då viste det framleis +11 grader i hytta, og det var vi veldig nøgd med 😀


Det vi ikkje var så nøgd med, var at det hadde snøa eindel i løpet av natta. No byrja det på att med snø og vind, og det var meld enda kraftigare snøbyger om ettermiddagen.
Vi bestemte oss difor for pakka sekkane etter frukost og koma oss tidleg på heim.


Det som gjenstod no, var å koma seg ned skogsvegen att….


No hamna skia på sekkane, og vi tok beina fatt resten av vegen ned. Magnhild viste seg som reine sporvisaren, og såg spor etter minst 56 harer (eller kaniner, som ho prøvde seg på fyrst). Eg meinte at det kanskje var 3 stk. som hadde sprunge att og fram, opp og ned.
Det var veldig fint å gå ned – reine Winter Wonderland. Det einaste som øydela idyllen var at, medan det ikkje kom ein einaste lyd frå Magnhild, kom eg traskande som eit skikkeleg skrangleorkester ved sida av! På sekken sloss bossposen med snøspaden om plassen – og det vart det merkeleg mykje lyd av. Vi prøvde ei stund å leggja til sang: » Her kommer Klabb og her komme Babb, så nå skal det bli morro»🎼🎶🎵

Vi kom oss ned utan meir styr. Vel nøgd med turen, og at vi fekk gjort det vi skulle …

….kunne vi køyra heim 😀 No er det klart for at Hans Ordin og hans crew kan opp og få på plass den nye omnen. Vi gledar oss 😀😀