Eit lite straumsparetips…

… frå meg i desse straumsparetider – lag middagen ute 😀 Når sommaren endeleg kom, er det jo ingen grunn til å stå å kokkelera inne ved komfyren.

No har vi faktisk hatt så mange dagar med fint sommarver at eg har kome utav tellinga 🤣 Eg har i allefall grilla i fint ver både heime og i skogen den siste veka – og igår tok damene turen opp skogsvegen ved Fjellandsbø for å innta favoritten…

… pannekaker steikt på stormkjøken…
… servert med blåbærsyltety, krem og toppa med bacon 😋😋

Og, sjølv eit nyoppussa kjøken kan ikkje slå denne middagsutsikta..

Fantastisk fin kveld 😀
Desse damene kosa seg stort 😀
Liten kvil etter maten før vi tusla heim 😀

No håpar eg høsten fortset slik som dette, og at vi ikkje brukar opp all finveret på eingong – slik at det blir mykje mat på bål/stormkjøken eller på den koselege…

… Solostoven min 😀

Kommenter innlegget

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.