Bondhusvatnet i april 🌞🌞

Surprise 🥳🥳 No er det jammen lenge sidan det har vore liv her på Bobla – ho har lege i dvale sidan oktober!!! Men like sikkert som når sola kjem fram om våren og folk skal ut på tur, så får eg kommentarar om at Bobla er sakna, for det var så kjekt å lesa om alle turane og få tips om kor ein kan gå 😀 Det er jo kjekt å høyra, så då får eg prøva å skjerpa meg litt 😉

No er jo dette absolutt ingen «autorisert» turblogg ein skal sitja si lit til og leggja livet sitt i hendene på – her går alt på ein hytt, både når det gjeld lengder, tidspunkt – ja, stort sett alt innhald. Om eg lyg med vilja? Absolutt – men kun for å krydra historia litt 😉

Så, då kan vi gå over til gårsdagens tur til Bondhusdalen 🌞🌞🌞 Ann Irene og eg fann ut vi fekk nytta siste «sommardagen» for denne gang til å ta denne turen – sånn før turistsesongen byrjar på fullt. Misforstå meg rett, eg synes det er veldig artig, og smått absurd, at det på få år har blitt folkevandring inn dalen – men EG treng ikkje gå i kø inn til vatnet 😀

Strålande ver og flott utsikt mot breen i frå parkeringsplassen 🌞🌞 Jammen var det komen parkeringsautomat der og – vi betalte med glede dei kronene 😀
Her sildra elva fint nedover…
…..men kva i alle dagar hadde skjedd her??? Kor var elva???

Vi trudde no faktisk at vi hadde besøkt Bondhusdalen til alle årstider før, men tydelegvis ikkje…I ettertid har vi blitt fortalt at elva er vekke halve året. Det er litt flaut at vi drevne turgåarane ikkje visste det…

At det kan vera lite vatn i Bondhusvatnet har vi sett før, men kanskje ikkje så lite som i går.
Men det var jo ikkje heilt tomt..

Vi hadde tenkt oss på litt lenger tur i går, rundt vatnet og bort på stranda. Niste hadde vi bunkra på den nye Bunnpris butikken på Seim 😀

Dette er VÅR 🌞🌞💮💮🐝🐝
Blid som ei sol på tur 🌞🌞
Elva ned frå Fynderdalen
Nærmar oss stranda..
…det går litt opp og ned i terrenget her på slutten bort mot stranda.
Kor mange bileter blir tatt av Bondhusvatnet i løpet av året, mon tru???
Framme – og fin utsikt mot andre sida av vatnet.

Her skulle vi byggja, og her skulle vi bu – eller noko slikt. Eg slo opp turstolen og Ann Irene drog fram sitje underlaget. Solostove, drikke, ei pølsepakke, pølsebrød, lefser, godteri, grillpinner, klesbyte etc. Alt vart dratt ut av sekken – før vi bestemte oss for at vi måtte ta turen inn mot breen. Vi hadde nemleg oppdaga at der låg eit innsjekkingspunkt i Postkassetrimappen 🌞

Opp og hopp – vi forlot alle sakene våre der dei låg og la i veg. Dette var jo berre ein kjapp tur inn og ut ..

Det var lenger enn eg huksa… Men vi kom fram, og pga lite vatn, lenger inn mot breen enn før. Eg tok visst ingen bileter her, og det er nok sikkert like greit – for her skal ein vel eigentleg ikkje opphalda seg 😉 Og medan eg prøvde å vera den ansvarlege og vaksne som ymta frampå om at «vi bør gå tilbake – tenk om det er ein ispropp oppi her som løsnar…», sat Ann Irene seg ned og tok ei tissepause…

Vi fekk logga oss inn i Postkassetrimappen, og kunne nøgd starta på returen….

…der vi klatra opp på ein stor stein for å få betre utsikt over vatnet ..
….og det fekk vi 🌞
Spør oss ikkje om Selfietips…🤣🤣🤣
Fekk det sånn nokonlunde til omsider 😉
Vi er fullt klar over at vi er i den alderen at det bør utførast ei grundig risikoanalyse før vi tar til med slike aktiviteter som dette, men litt farleg må jo vi og få leva 🤣🤣

Ein heil time tok jammen denne korte turen att og fram til breen. Tinga våres låg på akkurat same plass vi forlot dei på stranda, noko anna forventa vi heller ikkje. Litt kvister og bark hadde vi plukka med oss på turen….

…så då var det berre til å fyra opp Solostoven….
…og få pølsene på grillpinnen 🌭🌭
Alt må forevigast…eg trur dette var heilt utilsikta 😉
Ann Irene meinte at ein mosedott ville få fart på flammene… 🔥 🔥
Pølse, ikkje heilt i solnedgang 🌞

Etter å ha ete oss mett og god, var det tid for middagskvil i sola – akkurat då var det ikkje heilt til å tru at det var meldt regn neste dag.

…men litt om litt byrja det å siga inn eit lite skylag og det byrja blesa her inne ved stranda….
….og vi fann ut det var på tide å tutla tilbake til bilen 😃

Dette er jo ingen krevande tur, men det vart nokon kilometer å gå på grus og stein. Det er lenge sidan eg har gått så langt, og føttene var nok ikkje heilt forberedt – det var ganske såre fotsåler som kom ned på parkeringsplassen 😃 Men vi hadde ein kjempeflott tur, så det var verdt det 😃

Ein liten biltur heim og så gjekk vi rett på kaien og avslutta dagen men eit par glas bobler. Ein strålande aprildag 🌞🌞

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.