Forrige søndag bestemte Ann Irene og eg oss for at det var på tide med ein fjelltur att. Sidan eg er mektig lei av å gå dei same turane oppatt og oppatt, foreslo eg å leggja turen til Blådalshytta…
.. dels fordi der har eg ikkje vore sidan dagen den offisielt vart opna, og dels fordi eg slett ikkje har opparbeida meg nokon stor fjellturkondis i laupet av sommaren 😉
Ann Irene hadde ikkje vore inn til hytta før, så ho tente på den ideen – så då vart det slik 😀
Stien til Blådalshytta startar i byrjinga av vegen opp til Møsevatn. Før stod det eit fint skilt der, no er det borte. Men ein kan nesten ikkje gå feil.


Dette er ikkje noko særs krevjande tur med tanke på at ein skal opp og ned fjellsider – turen rundt vatnet er stortsett bortetter. Men eg hadde gløymt..

Eg var veldig glad for at eg hadde tatt på fjellskoa med god støtte på ankelen, for eg trur ikkje eg hadde føtene planta beint i bakken peikande framover i det heile tatt på denne turen 😀




Då eg var på opninga av hytta, gjekk vi ned eit skar, rundt ein knaus og opp ein bratt bakke til hytta. Eg huskar det var snakk om å merka ei alternativ rute. Nokre lokale (går eg utifrå) kom nemleg til hytta ovante fjellet.




Men trur ikkje at det no var beine vegen for å koma seg i mål. At ein ikkje tok risikoen med å senda alle som ville vera med på opninga av hytta denne vegen, skjønar eg godt.






Dette er ei forholdsvis stor hytte som er open for alle. Mange overnattingsplassar – talte vi 14 madrasser? Kjøken, spisekrok, vedomn etc.

Vi skulle heller ikkje bruka hytta denne dagen. Tok oss nett tid til ein kikk, fotografera litt..




No virra vi litt rundt hit og dit for å finna ein plass vi kunne kvila og eta niste. Vi hadde gått nesten heile vegen i sok, men her «inne» var det overskya og kald vind.



Dette er ein fin tur, og den blir sikkert enda finare når haustfargane slår skikkeleg til. Men du må kanskje vera om deg vil du gå turen i år – kven veit kortid snøen kjem… 😉 Husk gode sko med støtte på anklane! 😀