Dåke trudde kanskje vi lot oss skrema frå å gå tur opp skogsvegen mot Hauglandsfjellet etter duellen vår med 4 kviger her forleden kveld??….

Eg må vel vedgå at eg ikkje tok så veldig notis over kva dyr som sperra vegen for meg – eg var mest opptatt å få dei vekk 😀 Så er det lov å skulda på at det var byrja å skumra, at eg prøver ut nye, progressive kontaktlinser og har eit heller sløret syn på livet om dagen og at sidedama nemnte stut opptil fleire gonger i løpet av dei 50 minuttane dramatikken varte?? 🙄 Avløysaren for nesten 200 kyr lengre sør i landet gremmes nok over sin mors kukunnskaper…😉
Okkesom, opplevinga var ikkje verre enn at vi tok ut same veg i går kveld – denne gang for å laga oss kveldsmat på Klepp 😀



Vi fann litt kantarellar og ein steinsopp i går, så det vart ikkje så mykje i nettet. Men det var nok til det måltidet vi skulle laga, så då får vi sei oss nøgd.

Rett skal vera rett – vi juksa og køyrte opp til 3. sving i går og. Så dermed var det ikkje så lange biten å gå igjennom skogen, og brått var vi…




Vi åt opp rubbel og bit. Det var greit å ha litt å gå på hvis heimturen skulle bli like lang som sist. Sjokoladen til dessert vart og verande i sekken som nødrasjon 😉
Men det var ingen grunn til bekymring – igår var det ingen kyr å sjå, hverken av den eine eller andre varianten. Nesten litt skuffande, for det hadde tross alt gjort dette innlegget litt artigare hvis eg kunne skrive at vi møtte på same gjengen igjen 😀
Det gjorde vi altså ikkje og dermed kom vi oss heimatt utan meir visvas denne kvelden 😀