Med nyimpregnerte regnkler såg eg ingen grunn til å avlysa gårsdagens planlagte tur på Hauglandsfjellet – sjølv om det bøtta ned stort sett heile dagen…
Heldigvis avlyste ikkje Magnhild heller – ho hadde nyimpregnerte sko 😀



Grunnen til at vi i det heile tatt var så gira på å koma oss til fjells i går var sjølvsagt ikkje for å testa nyimpregnerte kler og sko – det kunne vi ha testa i hagen. Vi skulle på jakt – multejakt 😀 Vi var nemleg på tur over fjellet sist søndag, og fekk då med oss at multene var byrja bli modne. Vi fekk litt med oss heim då – no ville vi ha meir 😀
Vi skjøna jo ganske raskt at andre hadde tenkt same tanke før oss, for det hadde nok allereie vore folk å plukka dei fleste plasser….

Men eg vart jo nesten meir opptatt av å sjå på skyer og skodde enn å leita etter multer ei stund, for no vart det skikkeleg fint å trakka rundt på fjellet – sjå berre her:






Strålande 🌞😀 Vi gjekk fyrst i retning Tverrfjell, før vi snudde å gjekk mot Mannsvatn igjen og då kunne vi kikka…



Nesten nede på flata att, fekk vi eit syn vi ikkje var heilt forberedt på….

Ein skulle tru at vi no var lei av å trø rundt i myr og ellers vått terreng, men den gang ei. No la vi i veg andre vegen – mot Klepp. Eg tok visst ikkje noko bilete av den ferda, var sikkert mest opptatt av å halda på multeboksen i det ulendte terrenget 😀

Men no var vi både lei og slitne og var klare for å koma oss ned frå fjellet og heim. Det skulle ta litt lengre tid enn forventa…

… men så vart det stopp – 4 stutar sperra vegen! Og dei hadde rett og slett ikkje behov for å sleppa oss forbi. Eg hysja, ropte, brølte, gjorde meg stor og sint, men dei lea ikkje på eit augnelok. Vi tuta og blinka med lys – framleis ingen reaksjon. Eg fekk ikkje lov av Magnhild å gå så nære at eg kunne skubba dei vekk – for denne gjengen er visst nok «ikkje heilt bra i hovudet». Det trur eg kanskje dei tenkte om meg og…
Til slutt måtte vi byrja å tenkja som ein stut 🤣 Det var jo ein grunn til at dei nekta å gå lenger ned – dei skulle jo oppover! Vi irriterte oss på at dei stod midt i vegen – dei irriterte seg på at vi gjorde det same. Så vi gav oss på tap – rygga opp til svingen, slo av lys, drakk brus og åt sjokolade – og berre venta på at stutane skulle koma etter 😀 Og, langt om lenge kom dei sigande – alle 4 i bredda opp vegen 😂 Så snart dei var komen opp på parkeringsplassen i svingen, tråkka Magnhild inn gassen og spant nedover vegen så eg måtte halda på hatten 👒
Så etter ein sånn ca. 50 minuttars biltur, var vi endeleg nede på hovudvegen 😂
Ja, ja, det vart i allefall ein tur vi ikkje gløymer med det fyrste 😉