Arbeidsleiren over for i år 😀

Dett var dett – årets sommarferie nærmar seg slutten, og i morgon er det tilbake til kontorpulten 😀 Og ja, etter huskjøp i 2017 har sommarferiane stort sett enda opp som ein lang arbeidsleir…

Ikkje fordi eg må, men fordi det stadig dukkar opp nye idear til prosjekt 😀 Og i år, som andre år, er det ikkje alle planlagte prosjekt som er blitt gjennomført – medan nye kjem til…

Trur ikkje eg gidd skriva om veret, men det har satt ein stoppar for dei fleste av årets uteprosjekt. Men eit prosjekt har eg fått unnagjort – ny levegg ute 😀👍

Som vanleg har eg hyra inn denne snikkaren til å hjelpa meg 😀 Han er ganske billeg, gratis faktisk, og forholdsvis lett å overtala til å tru at prosjekta mine er gjennomførbare. Så får eg heller halda ut leksjonane om Pytagoras, Hypotinusen og diverse anna kunnskap med opphav frå gamle lærar Aarsand på Ænes. Det er utruleg kva han har lært i frå seg som framleis sit spikra 60-70 år etter – og no blir vidareført til meg 😉

På bilete ovanfor er han far igang med å reparera leveggen – den vrengte seg ein kveld det blas opp. Og er det noko prosjekta her på Dønhaugstølen må tåla så er det vind 💨 Men vi fekk den fiksa…

… og, til tross for dårleg ver, har eg klart å fått på 2 strøk kvitmaling 😀

Men det er jo inne eg har gjort den største forvandlingen – og det var slett ikkje planlagt! To gamle kjøkenstolar eg skulle pussa og mala om til sonen, er no opphavet til at eg har malt om heile eine delen av kjøkenet 😀 Slik gjekk det til: Skulle kjøpa meir pussepapir til dei to pussemaskinane eg hadde lånt av han far. Kom ut av butikken med pussepapir – og ny pussemaskin. Var ikkje klar for å leggja den vekk når stolane var pussa og ferdigmåla. Gjekk laus på benkeplata på kjøkenet, var sikker på pussa fram ei fin treplate, men det viste seg å vera ei marmorlookalikeplate – lysegrøn i fargen. HJELP!!! 😲😲

Ja, det var det eg tenkte når eg stod der med pussemaskina og innsåg at dette gjekk jo ikkje heilt som tenkt… HJELP!! Kva i alle dagar gjer eg no?? Grøn marmorbenkeplate passa VELDIG dårleg med resten, og eg skjøna jo no kvifor den var måla over.

Det var no ting byrja bitta skikkeleg på seg. Måtte eg byta bankeplate? Skulle eg kjøpa maling og mala over på nytt? Likna ikkje grønfargen i plata litt på grønfargen eg hadde brukt på stolane til sonen? Likna ikkje grønfargen på… Eg raste ned i kjellaren, fann boksen med grønmaling, tenkte meg om 2 sekunder, men så køyrte eg på….

Spol nokre timar fram i tid….

… og kjøkenskuffer og skap hadde fått 2 strøk grønmaling på 😀

Det vart jo slett ikkje så verst 😀 Men no passa det jo ikkje med grå farge på veggene….

… så no er dei blitt lyse og fine 😀👍

Sånn kan det gå – dette såg eg ikkje koma når eg starta ferien, men eg er godt nøgd no når det er gjort 😀😀

Men når kjøkenveggene var ferdige, var eg rett og slett lei av å mala. Då var det greit å ta ein liten venninneferietur til Fyllingsdalen 😀 Ein tur eg ei stund var redd måtte tilbringast på toaletten på Øyrane Torg i Arna pga magesjau…

Meen, om eg var vekke både vel og lenge, var det ingen sure miner å finna hos dei andre når eg dukka opp att. Eg fann dei akkurat på same plass eg forlet dei, og eg er litt usikker på om dei hadde merka at eg hadde vore vekke i det heile tatt 😉😉

Litt usikkert på om eg kan skulda på å ha innhalert malingsduft i vekesvis, magesjau, eit glas bobler, eller noko anna….

…. men det eg ikkje heilt normalen at A. Enæs kjøper kvit bukse strødd med sølvpalmer 🤣🤣 Men den MÅTTE eg ha! Treiv med meg ei lang ulljakke i farta og – den var faktisk god å ha seinare på kvelden 😀 Trur ikkje eg har vore så lys i kledningen frå topp til tå sidan den gang eg sprada nedover Repherbahn i kvit, sjølvlysande kjole… (Ei heilt anna historie)
Litt usikker på kva det var med desse damene eg hadde med meg og bananer, men det var ein stor del av kostholdet dette døgeret vi var på tur 😀 Det var vel og det andre på biletet, men det vart konsumert over ein kortare periode 😉

Kvelden vart tilbrakt med god mat og drikke på ein italiensk restaurant i gåavstand til «hytten» i Fyllingsdalen – noko som passa meg fint om eg måtte ta beina fatt og koma meg raskt heim 😉

Dagen derpå var vi ein runde innom Lagunen før vi køyrte på heim att. Usikker på om det var meininga i utgangspunktet, men eg vart køyrt nedom Øyrane Torg igjen med beskjed om å pitla meg inn og kjøpa ein kjole eg hadde «gløymt» å kjøpa dagen før 🤣 Øyrane Torg er i grunnen ei bortgøymt perle for dei som ikkje har vore innom der på veg til byd’n – der finn vi alltid noko å handla 😀

Så nøgd kan ein bli etter ein miniferietur at ein drikk Bris frå stettaglas i bilen på veg heim 😉

Vel heima og nøgd etter ferieturen, orka eg ikkje byrja på fleire prosjekt, så då passa det bra…

… at sola skein på fredag 🌞🌞 I allefall ei stund…

Ja, på dette viset har faktisk 4 veker forsvunnet som dugg for solen sjølv om eg ikkje har lagt i veg ut i den store verda 😀 Ein liten tur til Ølberg, ein tur til Fyllingsdalen og utallige turar til Kvinnherad Bygg oppsumerer mine reiser 😀 Nokre fjellturar, blåbærplukking, litt bobler, litt soling, bading kun i badestampen der vatnet held +39 grader..har eg og funnet tid til 😀

Har til og med fått strikka ferdig ein basargevinst 😀 Gjenstår kun å få i knappar, festa tråar og strykast 😀

Eg skulle sjølvsagt vore på fleire fjellturar, hengekøye/teltturar, padla kajakk, hatt lange, fine kveldar på terassen i godt lag, men sommarveret vart no som det vart. Eg får seia meg nøgd med alt eg fekk gjort i ferien 😀 Og alt eg ikkje fekk gjort, satsar eg på at ein fin haust kan fiksa 😀😀 Ja, for eg har trua på at somaren enda kan koma både i august og september 🌞🌞

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.