I dag fann eg ut det var på tide å bruka feriedagen på ein feriesyssel. Turkompiso mi har sendt snappar frå høge fjell og djupe dalar i heile sommar – dei har eg stort sett opna og glytta på i frå sofaen med ein is eller liknande i handa….
Men dama kjem jo heimatt eingong, så for at eg ikkje skal bli enda meir akterutseilt enn til vanleg, må eg snart leggja inn ein innsats i å bevega meg både oppetter, bortetter og nedetter…
Så i dag vart det fjelltur 😀 Med tanke på kor raskt det skifta frå sol og sommer til lyn, torden og regn i går, la eg turen til Eikedalen. Der kan ein gå ganske langt før ein blir høgste punktet i terrenget, og det er nok av trer, og seinare steinar, å huka seg ned bak.
Turen enda nesten før den byrja. I det eg stod på Sørestølen og skulle pakka ned nista eg hadde hadde handla, oppdaga eg at eg hadde gløymt å kjøpa drikke. Men så tenkte eg at Monsen heilt sikkert ikkje har Cola med seg på tur – han drikk sikkert frå bekkefar og syg på våt mose. «Er det godt nok for Monsen, er det godt nok for meg», tenkte eg. Eg skulle tross alt gå mest heile turen langs Eikeelva…


Men det var fin turtemperatur å gå i, så at det skvulpa i skoa fekk eg prøva å oversjå.






No var eg komen inn i Fagerdalen, og måtte bestemma meg for om eg skulle enda turen der og sitja å sjå på to karar som kom opp og gjorde seg klar til å klatra i fjellet, eller gå vidare?




Men eg valgte å fylgja stien mot Englafjell eit stykke, for det er ganske lenge sidan eg har vore bortetter den sida.






Det er fint i dette steinlandsskapet, men eg vart ikkje verande her så lenge i dag. Det bles rett og slett for kald vind her, og nett her er det ikkje så mykje le å finna. Så eg enda opp der eg rekna med eg kom til å enda opp – ved Eikehytta 😀


Suppa mi var nesten ferdigkokt då det brått byrja bli folksamt rundt meg. Det aula fram store og små Eikeslektningar frå alle kantar. (Det gjorde det jo ikkje – alle kom opp same sti som meg) 😀
Dei skulle nok vera der lenger enn meg – eg tok på heimveg att så snart eg hadde fått i meg nista 😀
Siste rest av Eikefylgjet traff eg når eg var på veg ned Skaret, klatrarane var framleis i veggen, ellers traff eg ingen på min veg heim. I det eg hadde passert dei plassane ein passar ekstra godt på kor ein trør og tenkte at no er det berre beine vegen ned mot bilen att – tok eg eit svalestup og landa på alle fire. Eg vart litt imponert over meg sjølv, for eg trur eg klarte å stupa i sakte film – eg fekk i allefall tid til å både vri meg og ta for meg med armane slik at eg landa perfekt. I den grad noko slikt kan kallast perfekt…Eg slo meg i allefall ikkje ein plass, men måtte sjekka om buksebaken var inntakt etter å ha kome meg på beina att 😉
Vel heima fekk eg i meg litt tørt og vått, kasta eit blikk på badestampen og tenkte: «Der skal eg! Der skal eg NO!»

Men fyttikatta det vart varmt 🔥 🔥 For ikkje berre haldt vatnet +40 grader – sola bestemte seg brått for å skina frå blå himmel. Brått befann eg meg på Costa del Dønhaugstølen🌞 Ein halvtime i badestampen med bobler på var bading nok – og eg flytta meg rett frå stampen til solstolen 🌞🌞
Og medan eg låg der, flata ut i solstolen, slo det meg at det hadde vore fint om det no dukka opp ein snedden spanjol, greker eller italiener som kunne passa på væskeinntaket mitt… Meeeen, eg har visst ikkje betalt for all inclusive her på Dønhaugstølen, så eg måtte nok inn og…

Den skal eg ta med ut i solstolen igjen, for etter å ha vore gøymt bak ei sky ei stund no, er sola kome fram att 🌞 🌞
Dette vart jo rett og slett ein skikkeleg feriedag 🌞🌞😀😀