Eg ber om orsak for at eg allereie har satt namn på den nye dagsturhytta ved Nautavatnet. Eg veit jo at det pågår ein namnekonkurranse – men vil ikkje denne, uansett namn, bli heitande Nautabu på folkemunne???
Nuvel, det vil no visa seg 😀 Ann Irene og eg fann ut vi måtte inspisera hytta i dag 😀 Dvs. av tre onder eg fekk velgja mellom (Melderskin, Reinanuten og Ingahogg), valgte eg turen eg trudde gjorde minst vondt og var fortast unnagjort🤣 Eg har jo ikkje gått ein skikkeleg fjelltur på ei stund…


Vi starta med å gå opp skogsvegen og stien til Fagnabotn. Sist vi gjekk her, visste vi ikkje betre enn at vi gjekk vidare same løya som skiløypa går om vintaren – altså over brua og på høgre sida av elva. Denne gangen visste, i allefall eg, at vi skulle ta stien på venstre sida 😀 Det var straks mykje betre – fint og lett og gå 😀


Hytta skal ikkje opnast før i oktober, og det gjenstår enda ein del arbeid. Men dette blir bra – ikkje minst blir det kjekt å setja seg inn her på vintaren 😀




Men vi skulle jo ikkje stoppa her i dag, vi skulle vidare til…

Sidan vi framleis ikkje kjenner til nokon sti til Ingahogg frå Nautavatnet…

Dvs. ei av oss går rett opp, den andre surrar på kryss og tvers og att og fram (gjett kven? 😉)



På eit tidspunkt var HMS’en totalt fråverande, og vi valgte å gå på kvar vår sida av ein topp. Det er ikkje heilt å anbefala i dette terrenget – bratt, ur, stein, gras, fjell, hol…
Men då eg omsider hadde kava meg opp, stundom på alle fire, stod Ann Irene eit halvt fjell ovanfor meg og kauka at ho såg rett på varden 😀

Det sat nokre andre fjellgåarar her og lurte på om det var greit å gå ned der vi kom opp? For eingongsskuld var Ann Irene og eg samstemde og sa klart NEI til det😀 Eg er faktisk litt i tvil om eg vil anbefala nokon å gå opp der og (kjem sikkert til å gjera det igjen, kjenner eg oss rett)…





Vi vart ikkje verande her lenge. Det bles for mykje og det er heller ingen fine plassar å sitja. Vi valgte heller å fylgja stien ned mot skitrekket eit stykke, før vi fann ein plass å ta pause.
Eg skreiv i byrjinga at eg hadde valget mellom tre onder i dag. Sanninga er at eg i dag hadde blitt med kor som helst for å få visa fram..




Og når middagslufta spreidde seg i fjellet…


Mett og god, pakka vi saman sakene våres og fortsatte ferda ned mot skisenteret. Her er jo stien merka, og det er dette som er sommarvegen opp til Ingahogg.

Det er litt bratt og mykje stein på vegen ned, men eg syntes ikkje det var så ille som eg huskar det frå den eine turen eg har vore her tidlegare. Tvert i mot syntes, eg det gjekk leikande kjapt og lett..

Herifrå er det berre å fylgja skitrekket ned, og så spasera ned til den nederste parkeringsplassen.
Vi var begge veldig nøgd med turen i dag. Ingahogg blir aldri noko favorittfjell for min del, men det er ein heilt grei tur. Og så gledar vi oss sjølvsagt til dagsturhytta blir ferdig og kan tas i bruk 😀👍
Det eg er aller mest spent på no er kor mange Solo Stove’ar vi kjem til å ha med på neste tur??? Ja, for, som forventa og planlagt, så vart Ann Irene ein smule misunneleg på denne 😉