Glamping på Vetrhus – del 2 🌞

Eg fraus ikkje når eg kraup inn i teltet og åla meg inn i soveposen laurdagskvelden. Likevel byrja eg å frysa litt etter ei stund, men ikkje nok til å åla meg utav posen igjen for å ta på meir kler…

Men eg tar det som eit teikn på at, sjølv med ein skikkeleg vinterdunpose, så må ein frysepinne som meg belaga seg på å kle på seg godt med ull når eg skal sova ute frametter. Eg fekk varmen i meg etterkvart, og skikkeleg varmt vart det i allefall når eg vakna på morgonen og sola skein på teltet…

Strålande…
…. dette kom til å bli ein flott dag 🌞🌞
Frukost som seg hør og bør på glamping – kor trur dåke den vart fortært?
Her sjølvsagt 👍

Etter frukost var det på tide å koma seg på vatnet – det var jo padletur som stod på programmet denne dagen.

Vi måtte bera kajakkane eit stykke bort mot hytta, men det gjekk greit.
Den Lille Gule, som stort sett har fungert som hagepynt i fjor og i år, gleda seg stor til å koma på vatn att 😉

Vetrhusvatnet ser kanskje ikkje så spanande ut å padla på, men det er veldig kjekt 😀 Du må passa på heile tida, for det er mykje stein, og djupna varierer heile tida. I tillegg er det mange «krinkelkrokar», og min favoritt – det grøne «sivet» 😀

Av og til måtte vi berre liggja i ro og nyta det.
No skal ein vel helst fylgja med på kva som foregår på vatnet når ein padlar, men…
… er soppsesongen i gang, så er soppsesongen i gang 🍄
To som kosar seg på padletur.

Men vi skulle ikkje berre padla, vi hadde tenkt oss ut på ein liten gåtur og..

… så då la vi i frå oss kajakkane på denne stranda…
.. for å utforska dette området.
Nokon sat seg ned og kikka på utsikta…
.. medan andre (i eintal) eh… ja…
… fann på andre ting 😉

Når vi synes vi hadde vore på tur til fots lenge nok, snudde vi og gjekk attende mot kajakkane igjen.

Eg vart noko forundra då eg kom over «haugen» og såg denne gjengen. Tenk at så mange motorsyklistar brukte søndagen til å kjøra så langt til fjells for å beundra Priusen min 😉
Så var vi på vatnet igjen 😀

No hadde vi vore lengje på tur og byrja å bli svoltne. Vi sat kursen mot land og glampingplassen att.

Jorunn og Ingrid steikte seg Sundepølsa….
… eg grilla ei pølse og to på den sneddne vedomnen 🤣
… tilbehør: grønsakstuing frakta til fjells av Ingrid 😀👍

Etter ein middagskvil gjenstod det no berre å pakka all stæsjen vår i bilane og sei takk for eit strålande døgn i fjellet….

… personleg forlot eg fjellet med eit skikkeleg PANG! Lærte meg blasering av bobler heilt utan å ha bedt om det. Kunne gått skikkeleg gale – flaska stod framme i passasjersetet. Til all lukka inntulla i dunjakka, og dermed fauk det ikkje glaskår overalt. Innholdet av ei heil flaska Moscato hamna då i setet… Lærdomen må vera at ein aldri køyrer heim utan å ha drukket opp alle boblene😉
Det burde altså ha stått to flasker her og ikkje berre ei – sånn sett i ettertid😉

Fantastisk flott og kjekk helg 😀 Eg håpar på fleire slike frametter 😀👍

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.