Glamping på Vetrhus – del 1 😀

Det tikka inn eit bilete av Jorunn på messenger i forrige veke. Ho trudde ho hadde bestilt seg ein diger saccosekk…

… men det var noko heilt anna som dukka opp i Posten…

Kva skal eg med dette??? Tenk å spørja om noko så dumt 😀 Spørsmålet er jo kva i alle dagar ho skulle med ein saccosekk – dette teltet er jo genialt!

Kva du skal med det?? Vi skal sjølvsagt på glampingtur 😀 Og slik vart det 😀

Laurdags ettermiddag var vi klare til å entra Vetrhus, to fullstappa biler – og ein bobil m/glampingtelt…

Her skulle vi campa – at det var folk her frå før, stoppa ikkje oss

Det var mykje enklare å setja opp enn å ta ned teltet, så det tok ikkje så lang tid før….

… leiren var klar 😀 Mitt lille, grå telt fremst, Ingrid sitt blå, glampingteltet og to bobilar.
Soverommet mitt

Eg hadde fått full friheit til å glamma opp teltet, og satt igang. Lyslenkjer, girlandere, lykter, pappfigurar – eg har aldri sett noko så jugglete nokon gong 🤣 Eg er forberedt på å måtta gje i frå meg glamsjefstillinga på neste tur…

… sjølvom det kun var teppe som ikkje vart godkjent 😉 For ordens skuld – slike nymotensgreier med at div. frukter har skjult betyding heng ikkje vi oss oppi – ananas er ananas og flamingo er flamingo, pelikan eller fasan (akkurat den surrar vi litt med)

Det var ein strålande kveld i fjellet og damene var klare for å slappa av..

Offisiel opning av glamteltet 🍾
Det var ikkje alle bobleflaskene som opna seg på dette viset, men det kjem eg vel tilbake på i del 2 av glampingturen..
Så lenge sola skein stod teltet urørt – det var rett og slett for varmt inni der..
… så då sat vi ute å beundra verket vårt 😀
… det vart sikkert ikkje kaldar når det vart brukt til bakeri – Ingrid hadde med røre og frukt til eple-og plommekake 😀 Den vart vi så mett av at vi hoppa over middagslaginga 😀

Ingrid hadde meir på lur…

… ein nusseleg, liten vedomn 😀
I fell in love – og har sjølvsagt bestilt meg ein slik sak 😀

Ellers så sat jo eg berre å venta på at det skulle bli så mørkt at eg kunne setja i gong med blingsakene og tenna lyktene i glamteltet…

… og endeleg vart det mørkt 🤣 På bileta ser det jo nesten fint ut 🤣

Når sola forsvinn vert det fort kaldt ute no når det går mot haust. Då fekk vi testa at teltet faktisk har ein misjon – tre lykter med kubbalys gav god varme i teltet, og vi slapp kle på oss alt vi hadde med oss av kler. Og sjølv om det var koseleg å sitja i teltet etter myrkes frambrudd, vart det ikkje altfor seint før Ingrid og eg kraup inn i kvart vårt telt, og Jorunn tusla i bobilen. Vi skulle jo opp og nyta søndagen med å padla på Vetrhusvatnet 😀 Det kjem neste innlegg…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.