Sommar 2021 🌞🌞🌞

Bobla har vore kraftig nedprioritert dei siste månadane. Kortid skulle eg fått tid til å laga innlegg når det kun har vore utever – det har jo vore god «gammaldags» sommar slik eg huskar frå då eg var liten 😀 Og det byrjar å bli spøkje lengje sidan..

SOL, masse SOL 🌞🌞🌞 Slik vil eg huska sommaren 2021. Det betyr og ingen lange fjellturar på meg – det blir for varmt 🔥 Den siste, forholdvis, lange fjellturen eg var på, var ein tur til Gråfjell med Ann Irene 26. juni…

…. ein tur vi stort sett gjekk i skodde….
…. men akkurat i det vi entra Gråfjell opna det seg eit blått vindauga på himmelen og vi fekk sol 🌞
Fin tur 😀

Men litt regn har vi jo hatt innimellom. Fyrste helga i ferien min skulle eg passa tantehunden min Milo. Eg såg for meg lange, fine turar…

… det gjorde ikkje Milo 😉 Med regn i lufta, nekta han å gå ut før det var absolutt naudsynt 🤣

Jorunn har kjøpt seg backraft i sommar. Vi såg for oss at no skulle vi gå Lars Monsen ein høg gang – lange gåturar i fjellet med 70kg ryggsekk, der kvar minste bekk og pytt vart forsert i backraften. Så langt trur eg lengste turen den er blitt frakta er 100 meter ned til Hølen ved skytebana i Omvikdalen…

Ingrid Helene og Marianne padla kajakk..
…. desse to hamna i backraften – og eg trur ikkje dei tek glansen av Monsen med det fyrste….

Nye, fine perler i nærområdet har vi utforska denne sommaren..

Obligatorisk mat på tur…

…. nysteikte pannekaker med blåbærsyltety og krem – masse krem 😋
Årets fyrste bad tok eg i ein dam i fjellet 😀

Så skulle ein jo tru at det har vore masse tid til bading og soling på stranda….

…. men der har eg kun vore ei gong 😀

For det store prosjektet i år har vore far og datters snekkerier…

Kjøpte inn ei steikjande flott sag for anledninga – så ho måtte jo brukast 😉
Før… og alt nedanfor er etter 😀
Det batt litt på seg, kan vi vel seia – men vi er strålande nøgd med jobben vi har gjort 😀👍 No har eg eit heilt år på å fundera ut nye prosjekt – til fars store glede…

Ein varm dag tok eg turen inn i Børsdalen…

…for å plukka litt blåbær…
…. gjekk ned til elva for å kjøla meg litt ned – men der kan vi vel seia at eg gjekk på ein aldri så liten smell 😉
Ja, ja, eg kom no heim med litt å renska på 😀

Eg har ikkje berre sprunge i skogen…

Ein kveld vart tilbrakt i Rosendal med god mat og drikke (vi åt ikkje hest altså)

På førehand såg eg for meg at det skulle bli opptil fleire overnattinga i telt og hengekøye, men det er så langt kun blitt ei overnatting i telt – sånn ca. 5 meter frå bilen.. Det var ein kveld eg heiv meg rundt, køyrte opp til Staffivatnet og campa med Jorunn og Svein Vidar.

Eg har ikkje slått i hel nokon her, men minnar ikkje dette gliset litt om eit kjent bilete tatt på ein uheldig biltur i Kongo?? 😂
Camp Staffivatnet
Fekk ein tidleg julepresang frå Jorunn…
… det er vel det same kva månad ein byrjar på kalendaren???

4 veker ferie var over på eit blunk, men det var ikkje finveret og sommaren 😀 Den vil vist ingen ende ta i år. Eg klagar ikkje over det 😀

Ei fin helg la vi turen om Brandviksvatnet
Nydeleg plass
Vart faktisk eit bad då og 😀 Ser ut som om eg kosar meg, men det er meir eit rop om hjelp – fy fader kor kaldt det var 😱

Men alt kan jo ikkje vera fryd og gammen heile tida….Ein dag eg kom heim frå jobb og skulle varma meg middag, hadde komfyren andre planar – rett og slett å avgå med døden ☹️ Den forholdsvis nye komfyren som stod i kjellaren, og skulle bli redninga mi – avgjekk med døden i sympati med den fyrste..

Då er det kjekt å ha vener som er lika glad i..
… å laga mat ute..
… som eg er 😀

Eg kunne levd lenge på å laga mat i skauen på stormkjøkenet, eg. Men så venta eg jo sonen heim på friveka – og eg trur ikkje han hadde vorte så begeistra over forslaget om å bli med mor i skauen for middagslaging….

….så brått kom det ein slik flott, aerosteikeomn i hus 😀
Fyrste test – steiking av blåbærmuffins. Funka som berre det 😀 Har brukt den til både det eine og det andre – pølsegrilling, pommes frites, ostesmørbrød, vegetarburger… Men denne var jo berre eit supplement til alle andre duppedingsar på kjøkenet, så her om dagen kom det på plass både ny komfyr og kjøleskap 😀

Og sånn har sommaren og dagane gått. No må eg avslutta denne oppsummeringa – bilen er pakka til randen av alt ein treng og ikkje treng for ei natts camping i fjellet 😀 Eg er nesten sikkert på at det kjem eit nytt innlegg frå den turen…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.