Vårens vakraste (og mest slitsome) eventyr 🌞🌞🌞

I år har eg hatt fjellski på beina to ganger og har gått to rundar i lysløypa i Fjellhaugen på løypeski – det var nok til å sei ja på flekken når Magnhild foreslo tur til Ulvanåso….

Vi starta dagen tidleg i går og køyrte heimante kl 7 😱 Her skulle dagen nytast til det fulle – og ja, vi visste og at vi ikkje er dei raskaste opp fjellsida.

Vi var blandt dei fyrste som parkerte ved Ternebu, fekk på sekker og treiv skia under armane. Ja, for det var enda så isete og opptråkka at å ta på skia allereie her gjekk ikkje.

Då vi kom inn til brua og skulle vidare opp skogen, hadde vi framleis skia under armane. Vi innsåg at det enda kom til å ta ei stund før vi kunne ta dei på – heldigvis kom vi på å ta dei på sekken no 😉
Vi kom faktisk heilt opp til Dyrrindo med skia framleis på sekken!

Ved Dyrrindo tok vi ei lita pause og fylte på energi. Turen hadde gått fint så langt – ingen hadde slite seg ut 😀 Vel hadde vi blitt forbigått av eit par ungdomsgjenger, men det var ikkje meir enn forventa 😀

No ville vi etter planen gå rett opp bakken bak Dyrrindo, men alle andre (og spora) gjekk litt lenger bortover, før dei gjekk på opp – då fylgde vi etter…

… og her må vi snakka om elefanten i rommet – altså meg!

Medan dei andre sprang så lett på tå, dundra eg igjennom skaren så det sang etter…

… «Å fa..» eg brakk staven. Skulle turen enda FØR vi tok på skia??? Staven var ikkje heilt brekt, og med litt sportstape frå sekken til Magnhild, vart den god som ny 😀 Nesten…

Det var eit kav å koma seg opp denne bakken, men vi greide det utan fleire uhell. Og vel oppe kunne vi endeleg ta på skia.

Bakkane vi no skulle opp, såg både lengre og brattare ut enn eg huska, så her var det berre å få på langfeller. Det var nok heilt naudsynt for at eg skulle koma meg opp. Men det tok ikkje lang tid før eg gjekk frå å vera full av energi til nesten tom. Sånn ca.10 meter. Ja, det saug så mykje energi å dra skia og beina etter seg, at eg vart litt bekymra for om eg kom til å kunna fullføra turen.

Eg kom meg opp, men no gjekk vi ikkje mykje lenger før vi tok matpause. Her måtte eg og vedgå til Magnhild at frukosten hadde vore ei banan…

Det var no ikkje verste plassen å ta pause og å få i seg mat 😀

No var vi over dei verste bakkane, og det flata litt meir ut. Då var det ikkje lenger noko spørsmål for min del – av med langfeller og på med dei korte 😀

Det var som å få ein ny start. Nu gikk alt så mye bedre igjen 😀 Skia sklei på fram og kroppen vart pigg att. Ja, faktisk så synes eg etappen opp til snøhola var eindel kortare enn eg huskar. Det såg ikkje ut som om den var mykje brukt til pauseplass i år – nesten alle spora gjekk ovanfor hola. Men tradisjon er tradisjon – her vart det ny pause og nyting av sola på oss.

Snøhola – siste pauseplass før Ulvanåso 😀

Det kom litt skyer sigande og vi vart litt bekymra for at sola skulle forsvinna, men det var det ingen grunn til 😀 Svisj svusj, så vart det blå himmel att 🌞

Etter ei god pause her, var vi i gang med siste etappe, og no kunne vi…

… sjå målet…
… Ulvanåso…

Det store spørsmålet kvar gong vi tar turen er – kjem vi oss utpå toppen?? Vi er lika optimistiske kvar gong – vi er jo blitt så mykje betre på ski – men vi har feiga ut…

…. og det skjedd i går og… Vi kom så langt som dette, medan vi skulle ha vore..
… der borte 😉

Ja, ja, det får så vera at vi ikkje kom oss heilt ut på toppen denne gangen heller…

… humøret var i allefall på topp 🌞🌞🌞 Og med tanke på at turen kunne ha enda allereie med eit stavbrekk ved Dyrrindo, var vi strålande nøgd 🌞🌞

Her flata vi ut…

… naut utsikta, sola og ein solbærtoddy 🌞 Ja, og så kikka vi på alle andre som var på tur opp og ned 😀 Og det var ikkje reint få i går – det var reine folkevandringa opp og ned fjellet!

Det var tre karar som tok turen på truger og, så no trur vi at vi har fasiten på korleis vi endeleg skal koma oss ut på toppen. Neste gang skal vi ha med truger på sekken og gå siste stykket på dei!! Då trur vi at vi kjem til å sleppa følelsen av å skli rett ned i Børsdalen på ski og at vi skal tørra å gå over det siste smale partiet. Eg håpar planen vil funka 🌞

Diverre sat vi ikkje så lenge og kosa oss her før det kom litt kald vind, og vi bestemte oss for å skli litt nedover att i le.

Skli og skli fru Blom – pirka og lirka seg nedover, er vel meir rett. For sjølv om eg er blitt mykje modigare og betre på ski dei siste åra, må eg no innsjå at dei fyrste bakkane ned her ikkje er der eg får vist meg fram og imponert omgivelsane med mine ferdigheiter. Kombinasjonen Ulvanåso, skråning, slush/skare og Anita funkar dårleg. Ei stund (medan eg prøvde huska nummeret til luftambulansen) såg eg så hjelpalaus ut at ein kjenning som kom forbi lurte på om det gjekk bra 😂

Eg skjønar ikkje dette biletet – kor er alle folka??? Eg følte meg aldri så einsam som dette i går 😉

Det gjorde jo det – ein må jo berre innsjå sine ferdigheiter og gjera det beste utav det – eg valgte å ikkje bruka meir tid på dette tullet, tok av skia og gjekk ned dei den øverste bakken. Når eg tok dei på at gjekk alt så mykje betre. Ikkje fort, ikkje elegant, men i allefall på ned 😀

Eg berre solar meg litt.. 🌞😉

Og så gjekk det eigentleg betre og betre etterkvart som forholda vart jamnare og ikkje veksla mellom slush og skare – no vart det kun slushføre 😀

Omsider kom vi så langt ned at vi fann ein fin plass vi stoppa og…
… fekk i oss litt middag. Pølse og potetstappe medbrakt på mattermos. Eg er ganske sikker på at vi var blandt dei som bar tyngst sekker i går. 😉
Tilbakeblikk
Framoverblikk

Turen vidare nedover gjekk overraskande bra. Vi kom oss til og med ned dei brattaste bakkane med ski på beina. Litt skikøyring på tvers, litt tråkking og litt køring utav løypa, så gjekk det bra.

Vi såg at andre forann oss no valgte stien rett ned bak Dyrrindo ned, så då bestemte vi oss for å gå ned den vegen og. Det frista ikkje så mykje å ta same veg ned som opp.

Her måtte skia på sekken igjen…
… elefanten Anita gjekk 5meter før ho laga eit nytt hol – og tok knekken på skistaven for godt 😉

Det gjekk greit å koma seg ned til Dyrrindo den vegen, og då gjenstod det berre å koma seg ned skogen og gå skogsvegen tilbake til Ternebu og bilen. Vi må vedgå at det vart ein dryg tur og at vi kjente i heile kroppen at vi hadde vore på tur i 8 (?) timar. Men likevel – det var to strålande nøgde damer som heiv ski og sekker i bilen 🌞 Dessutan hadde vi ein karamell og sjå fram til som avslutning på dagen…

… middag frå Thaibua, litt god drikke…
… og spabad 🌞🌞🌞

Akk – det var dagen sin det 🌞🌞

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.