I gårsdagens innlegg surmumla eg om nattas snøfall og draumde om sommar og sol. Det varte ikkje så lenge…
For trur dåke ikkje eg brått hadde pakka både skia og meg sjølv i bilen?? Magnhild og hennar ski fekk eg plass til og – og før vi visste ordet av det…

Pga. Covid-19 situasjonen kan ein i år gå Haukelirennet virtuelt. Altså via ein app som heiter RaceOne. Og det beste av alt – ein kan gå i etapper! Rennet er 32km og ein må vera ferdig innan 18.april. Det skal gå greit – i allefall betre enn den gongen i 2014 når vi måtte ta det som ein dagsetappe 🤣
http://naturbarnasblogg.blogspot.com/2014/04/haukelirennet-2014-ma-vi-vera-med-pa.html?m=0
Eg lurer enda på kva vi tenkte på den gangen – heilt utan skierfaring… Eg er ikkje noko skifantom no heller, men er sikker på at eg kan forbedra etappetida mi med timar… Det verste er at eg tenkjer at eg eingang må finna det ut…
Okkesom – tilbake til gårsdagen…

Eg anar ikkje kortid eg sist hadde løypeski på beina, men kjente dei hadde smurning på – så eg kryssa fingrane for at eg kunne gå for den. Eg var utsleten i armane allereie då eg kom bort på stadion – og bort til dit er det jo flate løypa…

Eg måtte ta ei kjapp smørepause før fyrste oppoverbakke. Satsa på blått, og vart overrasska over kor godt det passa 😀 I allefall ei stund 😉








Ja, for så godt var det å vera i sol og snø i går, at om eg hadde aldri så dårlege ski, så gjorde det ingenting 🌞 Eg peta meg på fram på eit eller anna vis (gjekk fint i nedoverbakkar) og tenkte kun på at eg hadde godt av å bruka både armar og bein.
Etter å ha gått løypa på 5km, var vi strålande nøgde med turen. No hadde vi tenkt å setja oss i ei snøfonn og nyta litt niste…

… men no skya det over igjen, og det kom ein kald vind 💨 Litt snø var det i lufta og. Så her hadde vi jammen tima turen bra 😀
Dermed vart ei kjapp nistepause bestånde av cola og ostepop m/sjokoladetrekk inntatt i bilen. Because we deserved it…
